På overflata er dette historia om Sonia som kjem til
Haifa og Vestbredden og blir med i ei oppsetting av Hamlet. Så er det sjølvsagt òg ei historie om Palestina og palestinerne og undertrykking og rasisme. Og så er det alle gjenferd som vi alle har i liva våre, og korleis dei verkar på oss.
Boka er ikkje veldig lettlest, men eg er samd med meldaren i The
Guardian i at det er verdt det å bygge historia på den måten ho gjer.
Verkeleg ei glimrande bok, tilrår denne på det varmaste. Las den på engelsk, men den har fått gode meldingar på den norske omsetjinga, så trur nok historia står seg.
Interessant det der korleis bøker kan være rett til rett tid! Eg likte òg koke bjørn då eg las den.
Har opna «etter ghost» (Gjenferdet inn) av Isabella Hammad. Spent, og gler meg over å møte ein for meg heilt ny forfatter.
Ja! Denne var skikkelig fin! Eg måtte bli vaksen før eg begynte å gå på tur igjen, men for ei gåve å kunne gå seg sliten og støl med sekken på ryggen og bikkja som einaste selskap. Sove på dei fantastiske DNT-hyttene, vakne utan dekning og gjere det samme neste dag. Målet er kvart år lengre sesong og fleire turar, og jammen går det ikkje i år!
Nydelig bok!
Las denne på engelsk, og storkoste meg. Eg er nokre få år yngre enn hovudpersonane, men kjenner godt igjen mykje av utviklinga. Blei glad i folka, og var oppriktig lei meg når dei ikkje er på talefot og ting skjer.
Denne boka løyser ingen verdsproblem, men gav veldig kjekke timar i ymse sommervêr.
Veldig veldig viktig tema!!! Syns nok boka var litt tunglest, men bra at ting formidles på ulike måter.
Fantastisk bok! Velskrevet og klar tekst, som virkelig fenger. Fekk den i posten i dag tidleg og har lest nesten utan avbrekk, måtte berre lese litt til … og plutselig hadde eg lest heile gitt.
Hugser eg satt lamslått framfor tv- bileta då dei allierte trakk seg ut, og det gir mykje å tenke på å lese boka. Tilrår den på det varmaste!!
Les denne som kveldslektyre (på engelsk), og koser meg. Passe lange kapitler, og overraskande lite gammaldags til å være ei hundre år gamal bok.
Det hørtes midt i blinken ut! Skal jammen stikke på biblå og leite dei opp. Sjølv les eg the priory Of the Orange Tree - og det er bare lettlest fantasy - perfekt ferielektyre med litt grått ute og heile dagen utan planer. Elsker sommerferie!
Nydelig bok! Eg har hatt den ståande i hylla i fleire år, og plukka den fram no. Denne held seg i mange år framleis.
Sjeldan eg avbryt bøker (eller kanskje der er mobilhjerne??). Her klarte eg ikkje ta meg saman, gav opp mitt i andre del og leverte boka tilbake til biblioteket. Mogleg det var feil tid og stad, temaet syns eg jo er veldig spanande.
Leser denne no. Syns formatet er kult, men diverre er teksten litt for full av innskutte bisetninger. Ein smakssak sikkert - og så hadde eg kanskje for høge forventninger.
Philip hadde oppdaget litteraturen ved trettenårsalderen, og det var tvilsomt hvordan han ville klart seg gjennom puberteten uten den. Han kunne fremdeles lure på hva folk som ikke leste, gjorde for å takle tilværelsen.
To påskegule bøker står på planen; ## yellowface ## og Samlede verker
Heldigvis meldt regn og dritvêr 😁
Det bestemmer du vel sjølv:)
Personleg bruker eg den som dagen eg les ferdig.
Å! Usikker på om eg tør lese Ringenes Herre på nytt, er redd den ikkje er like fantastisk som då eg las den første gong!
Haha, du klarte iallefall å fullføre! Eg sloss meg gjennom nokre sider og måtte bare legge den vekk. Kjem ikkje fram igjen heller…
Fantastisk bok om å lese, og å lese om igjen. Vivian Gornick skriver om korleis bøkene endrer seg når vi endrer oss gjennom levd liv. Eg har nokre bøker eg leser med ujamne mellomrom, og dei endrer seg. Det er vel litt av det samme som skjer når ein ser ei bok gjennom fleire auge i ein lesesirkel. Boka er kort og lita med ti kapittel - kan trygt tilrås.
Lena Andersson skriv glitrande om mennesker, flest kvinner. Dei lever sine eigne liv, men livene har møtepunkt med dei andre sine i desse fortellingene. Kvinnene har meir eller mindre sjølvinnsikt, og alle har gjenkjennbare sider. Personane er komplekse og ofte litt usympatiske, men det er jo sånn det er.
Ah, Ngozi Adichie har vore på mi liste lenge! Denne helga blir det visst aviser og fag, og resten frå forrige helg. Har spart og spart på Lena Andersson 😅