Sjeldan eg avbryt bøker (eller kanskje der er mobilhjerne??). Her klarte eg ikkje ta meg saman, gav opp mitt i andre del og leverte boka tilbake til biblioteket. Mogleg det var feil tid og stad, temaet syns eg jo er veldig spanande.
Leser denne no. Syns formatet er kult, men diverre er teksten litt for full av innskutte bisetninger. Ein smakssak sikkert - og så hadde eg kanskje for høge forventninger.
Philip hadde oppdaget litteraturen ved trettenårsalderen, og det var tvilsomt hvordan han ville klart seg gjennom puberteten uten den. Han kunne fremdeles lure på hva folk som ikke leste, gjorde for å takle tilværelsen.
To påskegule bøker står på planen; ## yellowface ## og Samlede verker
Heldigvis meldt regn og dritvêr 😁
Det bestemmer du vel sjølv:)
Personleg bruker eg den som dagen eg les ferdig.
Å! Usikker på om eg tør lese Ringenes Herre på nytt, er redd den ikkje er like fantastisk som då eg las den første gong!
Haha, du klarte iallefall å fullføre! Eg sloss meg gjennom nokre sider og måtte bare legge den vekk. Kjem ikkje fram igjen heller…
Fantastisk bok om å lese, og å lese om igjen. Vivian Gornick skriver om korleis bøkene endrer seg når vi endrer oss gjennom levd liv. Eg har nokre bøker eg leser med ujamne mellomrom, og dei endrer seg. Det er vel litt av det samme som skjer når ein ser ei bok gjennom fleire auge i ein lesesirkel. Boka er kort og lita med ti kapittel - kan trygt tilrås.
Lena Andersson skriv glitrande om mennesker, flest kvinner. Dei lever sine eigne liv, men livene har møtepunkt med dei andre sine i desse fortellingene. Kvinnene har meir eller mindre sjølvinnsikt, og alle har gjenkjennbare sider. Personane er komplekse og ofte litt usympatiske, men det er jo sånn det er.
Ah, Ngozi Adichie har vore på mi liste lenge! Denne helga blir det visst aviser og fag, og resten frå forrige helg. Har spart og spart på Lena Andersson 😅
Eg les Studie i männskligt beteende av Lena Andersson. Eller studie i menneskelig adferd, som den er oversatt til.
Eg les den på svensk, litt fordi det var den eg snubla over på biblioteket, og litt for å halde ved like evna til å lese søsterspråket.
Liker teksten veldig godt, men så er jo Lena Andersson ein favoritt. Folka er ekte og sårbare og livene er meir fletta i kvarandre enn dei trur - dei ser det berre ikkje. Heldigvis er eg berre halvvegs.
Denne har stått i hylla lenge, har gått forbi mange gonger og valgt noko anna. Den kan trygt tilrås - veldig interessant om korleis språket former korleis vi tenker og ser verda. Ikkje at tanker er utenkbare på noko språk, men det krever meir om det er utanfor det vante.
Wow!! Eg hadde som mål å lese 23 bøker, men ender visst på 18. Fløy gjennom
Da vi var yngre i går og i dag tidleg, så satser på at det blir (minst) 24 i 2024!
Du var lykkelig her, sa mannen.
Noe annet valg hadde jeg ikke, sa syersken.
Fantastisk bok. Ganske tunglest syns eg, men eg føler nesten den har endra meg. Trist at den tok slutt!
Fin liste! Er på 25. men Macbeth er vel strengt tatt inkludert i Shakespeares samlede… Får ta nokre lange togturer, pleier være så-som-så med dekning, så kanskje ein murstein eller to er greia!
Enig i at den tok seg litt opp, men eg syns det var fordi den vart meir samanhengande. Heva seg frå ein treer til ein firer. Ikkje heilt lett å komme gjennom, men veldig mange fine enkeltformuleringer.
Perfekt for eit par ultraslitne ettermiddagar på sofaen!
Kom meg gjennom. Mogleg boka er betre på orginalspråket? Det var iallefall tunglest - mange innskutte bisetninger der eg måtte lese fleire gonger for å skjøne kva ho eigentleg snakka om. Men deilig å krysse den av lista...
Haha, eg lånte denne av ein som var overbegeistra. År seinare står den i hylla mi utan at eg har tord å levere den tilbake og sei at eg eg trass ørten forsøk måtte gje opp fordi eg syns den var så dårleg...