Det er nok mange som er uenige med meg, altså ... men helt ærlig syntes jeg den var fryktelig kjedelig

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forrige helg las eg "thrilleren" The Woman in the Window - hermeteikn fordi jo var alt anna enn "thrilling". SNORK. Skikkeleg nedtur. Ta nokre kjente element (utilreknelige karakterar, psykiske diagnoser, traumer, ...) frå ymse nye thrillere og smelt saman i ei gryte og vipps: ein heilt ny thrillar, som er nesten lik noko du har lese før, men ikkje heilt. Mix av The Girl on the Train og Ruth Wares Woman in Cabin 10 osv... Blæ!!! (Eg kasta boka i søppelet etterpå - det gjer eg så og seie aldri...)

Etterpå las eg Safranhuset, heilt ok. Og så "Bad Monkeys" - ein slags sci-fi thriller som starter dritbra men som dessverre ikkje held inn i mål. dei siste femti sidene øydela alt for meg. No ville eg ha ei forfattar eg kjente til og visste kva eg fekk - og sidan eg er i humør for noko morosamt og underhaldande gjekk eg laus på Nine Perfect Strangers av Liane Moriarty. Har god erfaring med hennar skrivestil og humor og har likt det meste eg har lese av henne. Av og til blir det litt langdrygt, men som sagt veit eg liksom litt kva eg har i vente med henne og dette passa perfekt for humøret :-)

Elles i helga venter ein lang fjelltur på sundag - satser på ein 3-4 timars marsj og ute-lunsj i skauen med primus og kaffi. I dag blir det ein roleg dag heime - eg har nemleg fått Nintendo Switch av min kjære sambuar... og er ganske så hekta. Dermed har det blitt litt mindre lesing enn til vanleg. Barnlige gleder altså, dei skal man ikkje oversjå potensialet i :-)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Liane Moriarty er ei av dei få "feel-good" forfattarne eg har sansen for. Den gode typen "guilty pleasure" - perfekt når ein berre vil bli underhaldt. Og - eg blir ikkje skuffa heller, eg veit liksom litt kva eg har i vente :-)

Eg har lese så sinnssjukt mykje bra den siste tia - mellom anna Mnem av Simon Stranger - at det meste elles blir litt platt samenlikna ... så å finne ny bok å bli betatt av er ikkje enkelt og dei siste få bøkene eg har lese har vore sånn heilt ok... men ikkje noko eg kjem til å Hugse. Denne veka las eg bla Safranhuset, som mange liker. Heilt ok. Men ikkje noko meir. Klarte ikkje engasjere meg skikkeleg. Så ... eg kjenner eg er i humør for noko enkelt og lite krevande, men med meir "driv" enn Sfranhuset. Så eg har gått laus på "The Woman in the Window" - noko eg sjølv anser som ein "guilty pleause" innen psykologisk thriller-sjangeren. Ei bok med fortellerstemme ein ikkje kan stole heilt på, ei bok med litt for mange "twister" og tilfeldigheiter. .. men perfekt underhaldning slik humøret mitt er no!

Ellers er det FOR VARMT!!!!! Eg trivs ikkje så godt i varmen, orkar ikkje sitte ute å lese ... blir dårleg i hovudet :-( Men - planen er å dra å bade, være mest mogleg utandørs i dag med piknikk, bading, og lesing mellom plasketurane! Og så blir det sannsynlegvis meir lesing i kveld - for varmt til at eg trur vi orkar sitte på tv-rommet å sjå film... :-P Har varmepumpe nede som vi har på kjøling - men dessverre er soverom og tv-rom oppe og der er det badsstu

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg og har nr to liggande så mulig det blir eit forsøk til her og. Eg irtiterer meg derimot meir over Julia og kor hjelpeslaus ho framstår

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja... Eg forventa meir av denne boka, mykje grunna positiv omtale,prisar og høge terningkast. Heilt ok krim som aldri fenga. Sjølve historia er interessant nok, men eg blei aldri engasjert. Trur det skyldes at eg ikkje blei godt nok kjent med karakterane, dei blei liksom annonyme pappfigurar som eg ikkje kom under huden på. Eg syntest også at språket trekker litt ned - det er egentlig godt skrive, men litt for ofte er det overtydelig, gjentakande... Vi som lesarar blir fora med teskje. Ting som kunne blitt sagt enkelt med ein setning får ofte eit heilt avsnitt.

På syttitalet forsvinn ein gutunge brått og uventa og blir aldri funnen. Tjue år seinare mottar morfaren ein pakke i posten med ein sandal, kliss lik den guten hadde på seg. Kvifor no? Kven har sendt sandalen til han?Han kontakter dottera si og dei to forsøker å løyse den gamle forsvinningssaka.Som sagt likte eg sjølve utgangspunktet for historia, men klarte altså ikkje å engasjere meg og kjenne på spenninga som ein forventer å kjenne på når ein leser ein thriller.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg leste nettopp denne selv nå, og er heller ikke veldig begeistret, syntes imidlertid at historien var relativt spennende, men at språket drar ned - overforklarende og gjentakende. Historien likte jeg, men dessverre blir den fortalt uten at det egentlig lykkes i å bygge opp spenning. For min delt ror jeg det handler mye om at jeg ikke helt klarte å «bry meg om» karakterene, kom liksom ikke innpå dem nok til at de ble viktige. Litt skuffende, forventa mer av denne boka med femmere og seksere smurt utover forsiden. Er usikker nå på om jeg skal leste dwen neste i serien eller ei ... skal du?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne uka leste jeg to bøker - hvorav den ene virkelig falt i smak: Herr Fikrys litterære liv! Ble vanskelig å finne en ny bok etterpå, men så kom jeg tilfeldigvis over Johan Theorin i bokhylla vår - 2-3 krimbøker jeg ikke har lest. Så i morges fikk jeg så vidt starta på de første femti sidene av "Skumringstimen". Kjente at krim passet meg veldig fint nå :-)

Jeg nyter ellers en alene-hjemme helg mens gubben er på guttetur. Huset er nyvaska, sengetøyet bytta, klesvasken hengt opp ... så jeg skal ingenting annet enn ut å gå meg en gooood og lang tur med lydbok (hvilken har jeg enda til gode å bestemme meg for!) og så får vi se hva helga bringer - om jeg holder meg inne med boka mi og nyter "ensomheten" eller om jeg får lyst til å strekke på de sosiale antennene. Må ærlig innrømme at 2-3 dager helt alene egentlig bare er ganske digg... :-P Er muligens sær og introvert, og har med tiden lært meg å bare akspetere det =)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Little fires everywhere las eg i fjor, og hugsar ho godt! Den boka var betre enn eg først trudde for no, eit år seinare, hugsar eg alt veldig godt og tenker fortsatt på den boka som ei av fjorårets positive overraskingar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las nettopp også Fuglane av Vestas, og tenker at eg vil lese meir av han. Likte fortellinga veldig godt! Korleis er Vindane mtp språk? Eg las ein gamal utgåve av Fuglane og språket var tidvis såpass gamalt og fjernt at eg trengte hjelp frå Google... heil OK å slå opp ord i blande, men det avbryter liksom litt av leseflyten

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg starta også på trilogien til Rachel Cusk, men eg klarte ikkje å like denne første boka, kjeda meg rett og slett. Veldig! Syntes det var ein god del interessante betraktninger, men det var ikkje nok handling og utvekikling til at eg klarte halde interessen oppe.

I dag starta eg på annen, av Simon Stranger og det er nok denne boka som vil oppta meg dei neste 4-5 dagane. Las dei første seksti sidene i ettermiddag og er så langt svært begeistra! Håper denne karen her hald frem med å skrive for eg vil ha meir!

Og ja, endeleg har sommaren kome te Vestlandet så i helga er planen å kome seg ut i fjellveggen å klatre litt! Elles ein lat heimehelg med grilling og latskap

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg las nettopp ut Leksikon om lys og mørke, ei bok som var heilt fantastisk! Så vond og god på same tid . Det blei vanskeleg å velje seg ei ny bok etterpå , men så kom eg heldigvis til å tenke på at eg på denne tida i fjor "oppdaga" Catherine Ryan Hyde og fekk sansen for bøkene hennar. Har mange av romanene hennar ståande norsk og ei av dei har eg framleis til gode.såni går starta eg på Heaven Adjacent som eg så langt har kost meg veldig med. Leser bok boka ut i løpet av kvelden eller morgendagen. deretter trur eg st eg skal gå laus på trilogien til Rachel Cusk som eg nettopp kjøpte. Eventuelt blir det litt krim først . Humør og dagsform for avgjere :-)

Elles har eg skrive eit blogginnlegg med nokre ord om dei ti beste bøkene eg har lese så langt i år
https://spraakraadblaagg.wordpress.com/2019/07/04/halvvegs-i-bokaret-ein-oppsummering/

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Ja, det er en virkelig fin bok! Filmen er også veldig verdt å se.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kort sagt ei bok om folka i ei lita bygd på Island. Ingen klar hovudperson, men ein rekke små historiar om dei ulike menneska i bygda, og ting som skjer med dei, om relasjonar, om utvikling. Denne boka vil eg beskrive som vakker! Rett og slett; vakker – språket, innhaldet, oppsettet. På elegant vis får vi innblikk i dei ulike karakteranes liv – om draumane dei har, ønska, tankar, anger, håp. Dette er ein usedvanleg fin skildring av heilt vanlege menneske liv. Humor og alvor leikar fint side om side og maler fram flotte bilete av menneske og natur på Island.

Denne boka er original, ekte, sår, og fin og morosam. Ein skikkleg godtpose av ein roman! Ei bok som fortener merksemd. Ei bok du skal nyte med god tid og låge skuldre. Endå ei slik bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Denne boka her altså … å som eg koste meg!
Aldri, aldri aldri aldri hadde eg trudd at ei bok med stavkyrkjer, prest og bondepike skulle interessere meg i så stor grad.

Medan eg las opplevde eg ein herleg slags spenning; eg kunne liksom kjenne naturkreftane på kroppen, dei djupe dalane, skuggane, vatnet, lukta av skog og mose… Eg tenker tilbake på denne boka som fylt av dramatikk, forventing, spenning – ei kjensler av at noko skal skje: ein overordna kjensle av mystikk.

HANDLING:
Boka startar med å fortelle historia/sagnet om korleis dei to klokkane i stavkyrkja blei laga. Så hopper vi litt fram i tid til der historia utspeler seg på sluten av 1800-talet.
Vi følgjer i hovudsak tre karakterar:
1.) bondejenta Astrid – som er i slekt med klokke-makaren og dermed knyta til sagnet om dei to klokkane.
2.) Bygdas nye prest – han kjem for å ta over kyrkjedrifta. I forsøk på å redde meiningheita (mtp drift og økonomi) veljar presten å selje stavkyrkja som står der og bygge ei ny kyrke. Den gamle skal rivast og fraktast til utlandet kor ho skal byggast opp igjen. I den anledning kjem karakter 3 til bygda:
3) Ein ung arkitekt frå Dresden kjem til bygda for å utføre teikningar som gjer det mogleg å bygge opp kyrka igjen.

Her er trekant-drama, kjærleik, sorg, glede, dramatikk. Og gjennom det heile er spor av folketru, mytar, overtru og historie. Språket i boka er fantastisk og formidlar både bilete og ein atmosfære av mystikk. Språket flyter fint og lagar bilete utan at eg opplevde at skildringane blei lange og treige. Dette er ei bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen! Mytting har verkeleg gjort grundig research og klart å skape ein høgst underhaldande og unik roman.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Då vil eg tipse om følgende som eg syntes skriver veldig solid krim:
- Håkon nesser (særleg serien om Gunnar Barbarotti )
- Michael robotham
-Thorkild damhaug

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Da jeg var i full jobb leste jeg omtrent femti bøker i året. Maks. Så det er virkelig unntakstilstand nå som gjør det mulig å lese så mye som jeg gjør når jeg leser mindre er jeg mer kresen med hva jeg velger, så jeg er nok ganske lik deg når jeg er i Sanne situasjon

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg leser ikkje spesielt fort. Akkurat no har eg f.eks starta på Leksikon om lys og mørke - og det er ei slik bok eg leser ganske sakte. Samme gjelder f.eks boka Sommerlys. Og så kommer natten. Mens andre bøker - type "chick-lit" kan eg lese veldig fort. Det kjem liksom anpå innhald og språk (og kvalitet). Og nettopp det - at eg varierer enormt - gjer at eg 1) ikkje går lei av å lese 2) klarer å sette pris på det verkeleg gode

Etter å ha lese bøker som verkeleg gjer inntrykk - som Den danske borgerkrig, Fuglane, Søsterklokkene o.l bøker - velger eg som regel noko "hjernedødt" som ikkje krever særleg tankeverksemd og som rett og slett "berre" er underhaldning. Eg har aldri før lese så mykje "dritt" som i år - og med det meiner eg vel "kiosk-litteratur", klissete romantikk, lange såpe-opera-serier og liknande. Dette hadde eg elles aldri prioritert å lese heller, men no når eg leser så mykje har eg blitt veldig glad i å "skeie ut" med slik "guilty pleasure" innimellom dei større og betre bøkene. Eg trur iallfall at det er nettopp det som gjer at eg kan og vil lese så mykje som eg gjer no. Dessutan tilbrakte eg dei første tjue åra i livet med å "hate" bøker, eg hadde ikkje tid, ville ikkje lese, så ikkje poenget i det - så kanskje, berre kanskje, har leselysta bygga seg opp ein plass?

Eg leser typisk ein time kvar morgon og ein times tid til før middag og så på senga før eg sovner. Så det blir 2-3 timar med lesing kvar dag. I tillegg lytter eg ein de til lydbøker. Så då blir det ein del i sum. Men eg vil ikkje seie at eg leser dårlegare enn andre, eller at er skumleser og hastar gjennom titlane. Eg tenker på dei bøkene som gjer inntrykk - og eg reflekterar ein del over dei også (blant anna ved å skrive om det på bloggen) Eg går sjeldan rett frå ei bok til ei annan - etter å ha lese ferdig ei bok har eg alltid ein pause før e opnar neste bok - om eg går ein tur, venter til dagen etterpå osv... Vil ikkje seie at det gjer at eg tenker mindre liksom... Folk zappar lett mellom tv-kanalane, ser på fleire tv-serier parallellt.. det betyr ikkje at dei ikkje følgjer med på innhaldet og setter pris på det.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dette året har eg lese rekordmykje - rett og slett fordi eg er sjukmeldt og har tid til overs. Lesing gjer meg ein herleg ro som eg ikkje finner like lett elles... Av dei snart 120 bøkene eg har lese i år er desse dei som har gjort størst inntrykk:
Kniv. Jo Nesbø
Søsterklokkene, Lars Mytting
Sommerlys og så kommer natten, Jon Kalman Stefansson
Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen
Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café, Fannie Flagg
Vår felles venn, Dickens
Traveling Cat Chronicles, Hiro Arikawa
Keiseren av Portugalia, Selma Lagerlof
The Housekeeper and the Professor, Yoko Ogawa

For dei nyfikne - her er alt som er lese i 2019
1. Balansekunst, Rohiton Mistry
2. Catching Christmas, Terri Blackstock — (lydbok
3. Hitler – min nabo, Edgar Feuchtwanger
4. This Secret We´re Keeping, Rebecca Don
5. Lost, (Joseph O´Laughlin #2), Michael Robotham
6. Too close, Natalie Daniels
7. Bjørnstad, Fredrik Backman (Bjørnstad #1)
8. The Missing Pieces Of Sophie McCarthy, B. M. Carroll
9. once upon a river, Diane Setterfield (#sandnesleser2019)
10. Tell Me A Secret, Jane Fallon
11. Lille linerle, Miriam H. Bjerkli
12. My Map Of You, Isabella Broom
13. Ut å Stjæle hester, Pettersson (+️)
14. The Last Lie, Alex Lake
15. Shatter (Joseph O’Loughlin #3) Michael Robotham
16. Bessys bok, Jane Harris
17. Ingrid Winters makeløse mismot, Janne S. Drangsholt
18. Bleed for me (Joseph O’Loughlin #4) Michael Robotham
19. Pay It Forward, Catherine Ryan Hyde ()
20. Bare så du vet det, Jon Almaas

Februar
21. Four is An Odd Number
22. Apehuset, Sara Gruen
23. Vi mot dere, Fredrik Backman (Bjørnstad #2)
24. Now You See Her, Heidi Perks
25. The House Next Door, James Peterson
26. Keiseren av Portugalia, Selma Lagerlof
27. The Cows, Dawn O’Porter
28. Glem det (Patrick Melrose #1), Edward St. Aubyn
29. Ikke bra, (Patrick Melrose #2) , Edward St. Aubyn
30. The Night Olivia Fell, Christina McDonald
31. Litt håp, (Patrick Melrose #3) , Edward St. Aubyn
32. The Hunting Party, Lucy Foley
33. Morsmelk (Patrick Melrose #4) , Edward St. Aubyn
34. Til slutt (Patrick Melrose #5) , Edward St. Aubyn
35. The Outsider Stephen King
36. Traveling Cat Chronicles, Hiro Arikawa. (#sandnesleser2019)
37. Kraften, Naomi Alderman
38. In The Shadow Of Croft Towers, Abigail Wilson
✖️ The Feed, Nick Clark Wind (AVBRUTT)
39. Den røde adresseboken, Sofia Lundberg
40. The Catcher In The Rye, JD Salinger
41. Alt å miste, Jane Lythell

MARS
42. Te med Mr. Dashti, Marjan Kamali
43. Emma In The Night, Wendy Walker
44. The Wreckage Michael Robotham (Joseph O’Loughlin #5)
45. The Memory Book, Rowan Coleman
46. What We Find, (sullivans crossing#1) Robyn Carr
47. Three Wishes, Liane Moriarty
48. Any Day Now (sullivans crossing#2), Robyn Carr
49. Den forrige jenta, J. P. Delaney
50. Say You’re Sorry, Michael Robotham (Joseph O’Loughlin #6)
51. The Family Gathering (Sullivans crossing#3) Robyn Carr
52. Unbearable Lightness – a story of loss and gain, Portia De Rossi (#Sandnes leser 2019.Et vanskelig tema)
53. Vår felles venn, Charles Dickens
54. The Best of Us, (Sullivans crossing#4) Robyn Carr
55. Virgin River, Robyn Carr (Virgin River #1)
56. Shelter Mountain, Robyn Carr (Virgin River #2)
57. Whispering Rock, Robyn Carr (Virgin River #3)
58. The Husband’s Secret, Liane Moriarty

APRIL
59. Stella Polaris, Myriam H. Bjørkli
60. onskapens kall (Cormoran Strike #3) , Robert Galbraith (J. K. Rowling)
61. A Virgin River Christmas, Robyn Carr (Virgin River #4)
62. Fried Green Tomatoes at The Whistle Stop Café, Fannie Flagg
63. Den tikkende kvinnen, Peter Swanson
64. Gåten, Jessie Burton
65. Second Chance Pass, Robyn Carr (Virgin River #5)
66. Temptation Ridge, Robyn Carr (Virgin River #6)
67. Watching You, Michael Robotham (Joseph O’Loughlin #7)
68. Tom for ord, stephanie butland
69. Paradise Valley Robyn Carr (Virgin River #7)
70. Truly Madly Guilty, Liane Moriarty
71. Snap, Belinda Bauer
72. Forbidden Falls, Robyn Carr (Virgin River #8)
73. Here And Gone, Haylen Beck
74. Det skjedde i Evergreen, Rebecca Rasmussen
75. Angel’s Peak, Robyn Carr (Virgin River #9)
✖ Live And Let Chai Bree Baker (seaside Café Mystery #1) (avbrutt)
76. Brobyggerne, Jan Guillou (det store århundret #1)
77. The Silent Patient, Alex Michaelides

MAI
78. Moonlight River, Robyn Carr (Virgin River #10)
79. The Patron Saint Of Lost Souls Menna van Praag
80. Lærerinnens sang, Vigdis Hjorth
81. Lullaby, Leila Slimani
82. Søsterklokkene, Lars Mytting
83. Promise Canyon, Robyn Carr (Virgin River #11)
84. Wild Man Creek, Robyn Carr (Virgin River #12)
85. Innsirkling, Carl Frode Tiller (#1 innsirkling)
86. The Housekeeper and the Professor, Yoko Ogawa
87. Harves Moon
88. Innsirkling 2, Carl Frode Tiller (#2)
89. Bring me home for Christmas, Robyn Carr (Virgin River #14)
90. Innsirkling 3, Carl Frode Tiller
91. Close Your Eyes, Michael Robotham (Joseph O'Loughlin #8)
92. The Look Of Love, Mary Jane Clark
93. Dandy Jan Guillou (det store århundret #2)
94. The Life She Wants, Robyn Carr
95. Gratis og uforpliktande verdivurdering, Marit Eikemo
96. Deep In The Valley, Robyn Carr (#1grace valley trilogy)

JUNI
1. the seven deaths of evelyn hardcastle, stuart Turton
✖ The Pages Of Her Life, James L. Rubart
2. Utsikt til paradiset (#1 Elling-bøkene)
3. Over the Mountain,Robyn Carr (#2grace valley trilogy)
4. coffin road, Peter May
5. "Sommerlys og så kommer natten",Jon Kalman Stefansson
6. En Lang, Varm Sommer ,Beatriz Williams
7. Down By The River, Robyn Carr (#3 grace valley trilogy)
8. Kniv, Jo Nesbø
9. The summer that made us, Robyn Carr
10. The Passengers, John Marrs
11. The Woman Who Stole My Life, Marian Keyes
12. Hending mann søkes, Jons Hellsing
13. Den danske borgerkrig 2018-24, Kaspar Colling Nielsen
14. Redwood Bend,Robyn Carr (#16 virgin River)
15. Manhattan Beach,Jennifer Egan
16. Fuglane, Tarjei Vesaas
17. The Secret Cyclist
18. An anonymous girl
19. Listeinnslag

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Denne helga er det hyttetur med familien så det har ikkje blitt særleg ro til lesing.starta på Den danske borgerkrig i morges og Gler meg heilt sjukt til å fortsette for den fenga veldig! Har også nettopp avbrutt mi første bok på lang tid - Hending mann søkes av Jons Hellsing-ei bok eg kjøpte på innfall...verste skiten eg har lese nokonsinne...!! Så så var det skikkelig opptur at denne danske boka blei det neste valet.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

«Hjertet er en ensom jeger « syntes jeg passer inn her. En veldig fin bok med mange lag og en handling som utspiller seg sakte og stødig, heldigvis uten at boka blir treig og langdryg

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolStig TMads Leonard HolvikSynnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienFindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten Lund