Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 30 bokomtaler

Ei fantastisk blanding av humor, tragedie og litterær kvalitet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eigentleg ei Sherlock Holmes-aktig kriminalhistorie som er full av velprøvde sjangertriks. Mykje godt her, men ujamt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Svært god.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Knallbra. Minner om Bolaño sin 2666.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk bok. Etter å ha lese halve var eg allereie djupt takksam.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne las eg fyrst i fjor, og ein gong til nett no. Eg hadde gløymt det diktet om HPV-viruset, men fy flate, no klarar eg ikkje gløyma det. For ein fyr Seidel er. No må eg halda fokus og få tak i den nyaste samlinga hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Måtte gi opp etter 60-70 sider, det kjendest berre som ein dårleg biografi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nokre svært gode enkeltkapittel her, særleg siste halvdel av boka er innsiktsfull.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne fotoboka liknar eit slags fotoalbum i utforming, og det er vel ei ganske karakteristisk Tomas Espedal-bok kva innhald angår. Den som har lese andre av hans bøker vil nok kjenne att biografiske forhold, og denne føyer seg inn idet sjølvbiografiske totalprosjektet hans. Eg ser at den albumaktige tonen i boka kan minne om Nan Goldin si klassiske fotobok The Ballad of Sexual Dependency, som eg òg faktisk ser liggande på eit av skriveborda til forfattaren, så det er vel neppe ei søkt samanlikning.

Elles er det ei fortellande bok som nyttar seg av fotografi som illustrasjonar, så det er ikkje så mykje gåtefullt ved bileta, men det er jo i tråd med fotoalbum-tradisjonen her, så det funkar, det.

Så handlar det jo mykje om tap og sorg, og bileta får liksom dette melankolske draget ved seg heile tida, så det kanskje kan bli litt mykje til tider. Utad så var eg skeptisk til konseptet, men det er ei fin (eigentleg ikkje, ikkje innhaldsmessig) bok som eg las med interesse. Eg las det nok mest som ekstramateriale til Espedal sine andre bøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg vel å kalla dette 10 fotoessay om ulike tema. Dei har tidlegare kome ut som fanziner, men her er dei samla i eitt volum. Og dette er sånn fotobøker skal vera. Det er verkeleg godt gjort. Bileta er henta frå ulike magasin og bøker, det er ikkje tilført tekst, berre masse visuell humor, og tematisk sett særleg mykje om kjønn og seksualitet virkar det som, det er i alle fall gjerne der det er mest interessant, og kanskje også der forfattarane er mest interesserte, men det er gjort på ein svært tilgjengeleg måte som opnar for refleksjon og friske perspektiv på ting. Det er som om boka gjennom måten ho brukar bildene på også lærer opp betraktaren i å sjå på alle andre bilete som finst i verda. Vel, denne boka burde vera pensum for livet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, ein veit jo liksom litt om dette med skjønnhetsidealer, og har jo gjort seg nokre tankar om det, så i byrjinga såg eg denne boka som litt banal, men ettersom eg bladde gjennom, så opna det seg stadig meir, vidare til sjokkerande innsikter. Det er noko med samanstillinga av dei ulike måtane ideala kjem til uttrykk på, og det overblikket ein får på dei, kor tett samanvevde dei er med oss. Rett og slett eit visuelt storverk om temaet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne må eg sei overraska stort. Eg hadde ikkje hørt om dette prosjektet før og var litt skeptisk, men her er det verkeleg nokre fantastiske fotografi og bilettekstar (som er naudsynte i og med at det er så mange ulike fotografar og motivtypar). Boka er kyndig redigert og framstår som eit veldig direkte uttrykk for det mangfoldet av erfaringar som noko slikt som dette her naudsynt må omfatte. Kan knapt tenka meg korleis det kunne vorte gjort betre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei fotobok frå hiphop-miljøet i Houston. Fotograf Peter Beste har også mellom anna fotografert black metal-miljøet i Norge. Men dette her, kombinasjonen av fattige kår og verdiane miljøet dyrkar, det traff meg med ein sterk melankoli, og eg veit det lyd heilt kørka å sei det, men over den heile menneskelege tilstanden liksom. Eg er ikkje spesielt interessert i rap, så kanskje det treff meg på andre måtar enn det, men når det er sagt så har eg tilfeldigvis vore på konsert med Willie D, som er avbilda i boka.

Det er mogleg mitt inntrykk har like mykje med humøret mitt å gjera då eg såg i boka som med noko anna, men det er òg noko av det som er fint med fotobøker og bøker i det heile tatt, men kanskje særleg fotobøker sidan det kan ta ganske kort tid å lesa dei om igjen. Eg var nær ved å trilla terningkast 6 i affekt, men så irriterte eg meg litt over all teksten i boka. Det er godt mogleg det er interessant det som står der, men det øydelegg den visuelle flyten. Ein kjepphest, det der. Hatar tekst i fotobøker. Det fungerer nesten aldri.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Rystande bok. Det er ungdommane sjølve som snakkar i boka, og fotografia er svært gode, sjølvsagt. Dette er i grunnen ikkje ei fotobok, slik eg kanskje hadde trudd i utgongspunktet, men meir ei "illustrert bok". Der eg synest boka er biletmessig best er når fotografen har hatt høve til å visa dei synlege, kroppslege skadene. Det er visuelt utruleg sterkt lada, og det trur eg òg har mykje å gjera med den avmålte måten det er gjort på. Tekstane handlar kanskje mest om det psykiske, og det er jo forferdeleg å lesa det òg. Eg får ein tanke om at eg skulle likt å sjå ei rein fotobok utan tekst, men dette er kanskje likevel den beste måten, slik det er gjort.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei sterk fotobok. Her er de Lange lenger frå Sally Mann-inspirasjonen som eg ser i Daughters, og nærare til dømes Anders Petersen sin stil. Arno-Rafael Minkkinen, som er ein fotograf eg har sansen for, men som har ein heilt annan stil, meir prega av visuell humor og oppfinnsomhet, har skrive ei innleiing. Der nevner han det same problemet som eg og slit litt med når eg ser på desse bileta; eg kjenner at samanhengen ikkje er tydeleg nok. Eg veit nesten ingenting om kven menneska på bileta er, og det er greit nok, men eg veit heller ingenting om stad eller tid, situasjon eller arbeidsmåte, og i følge innleiinga vil de Lange heller ikkje ut med noko informasjon om dette. Dermed er alt som står att henne som fotograf og temaet "surrounded by no one", som eg må tenka handlar om einsemd.

Men dette gjer også at ein heile tida merkar bileta på den måten at dei peikar på fotografen sjølv. Dei fleste bileta er av menneske, gjerne i private situasjonar, og ein kan ikkje unngå å tenka at dei ikkje er åleine, så kven er det då, kvar er einsemda, og kor mykje av den deler fotografen og subjektet (brått kjem det eit ikkje-menneskeleg motiv, og då vert det med eitt nesten berre fotografen det handlar om). Fotografen som hoppar frå subjekt til subjekt, heile tida i rørsle. Dette med "surrounded by no one" kjem til å stå for alle som ser fotografiet. Alle som får eit innblikk i den private situasjonen, omringar denne ikkje-staden, og dermed er både omringarar og ingen. Men det er samstundes eit slags ordspel: "no one" og ikkje "noone". Ein må ta tittelen nøye, sidan det er mest det einaste ein har å gå etter. Omringa av ingen spesielle? Nei, eg veit ikkje heilt kva det tyder, det er tvetydig, det òg. .

Eg må elles liksom kjenna på noko som oppstår mellom bileta, og det er heile tida noko tvetydig ved dei, mellom denne nesten påfallande framdyrka kroppslegheita dei stadig sirklar om og det gåtefulle i situasjonane, detaljane som ein heng seg opp i men som peikar ut av bileta, liksom vekk frå tematikken, som om bileta heile tida vil riva vekk grunnen under føtene eins.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Knausgård skriv jo i essayet om kaotiske fenomen som liknar andlet. Dette er ei kjent psykologisk effekt. I tidlegare tider har jo også skytolking vorte teke som ei rimeleg seriøs disiplin (Nils Gilje kallar det skyenes semiotikk, om eg hugsar rett).

Boka består av fotografi av skyer, og det er i grunnen godt gjort å skapa interesse for slike bilete, men dei er lekre, og eg tenker på ein annan fotograf som har drive med dette, nemleg no avdøde Tom Sandberg, som gjerne sat ved vindauget i passasjerfly og fotograferte.

For meg vert det eit problem når det verkar opplagt at ein skal sjå eit andlet i biletet, og dette verkar særleg tiltenkt på grunn av essayet i starten, så når dette skjer vert eg straks uinteressert i biletet. Somme liknar kroppar, dei likar eg gjerne betre, men i det heile tatt er det liksom eit problem at ein tenker at skyene skal likna på noko. Det vert liksom for platt. Då likar eg betre dei bileta der eg ikkje straks festar meg ved ei spesiell form, men meir ved nyansar og dynamiske biletflater, og slike meir abstrakte ting. Den kornete biletflata somme stader synest eg fungerer betre enn dei meir glatte bileta, fordi det abstraherer, gjer det meir poetisk, eller tilsløra, i mangel av betre måtar å seia det på.

Ein stad er eg i tvil om eg ser på skyer direkte, eller skyer reflektert i ei vassflate (det eldste trikset i boka, men eg les det som ein sjølvrefererande kommentar).

Men altså, der det brått finst eit andlet, noko som er for opplagt, blir liksom resten av biletet liksom sett ut av spel. Det er best når det fungerer som ein heilskap. Likevel må eg nyansera dette litt, det finst unntak, og boka held liksom på sitt mysterium. Her og der nærmar det seg noko tvetydig (liknar det på noko, eller gjer det det ikkje, er det berre meg, eller vil fleire sjå det slik), då er det bra, då er det liksom så langt inne i hovudet mitt at eg kan byrja å tvila på eit eller anna ved meg sjølv. Og så er det berre skyer, skyer, komposisjonar av skyer. Ein stad eit fly og ein fugl, ein stad ein horisont, men elles berre skyer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er interessant å sjå korleis Oslo var på denne tida, men som gatefotografi i seg sjølv er ikkje dette noko sjangermessig høgdepunkt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fotografen jobbar som avisbud, og fotograferer det. I og for seg eit interessant utgongspunkt, men boka vert tynga av overforklarande tekstar, og den liksom kronologiske struktureringa, etter tid på døgeret, får heilskapsopplevinga til å stivna. Elles ber det preg av å vera for ufarleg og tilforlateleg fotografert til verkeleg å engasjere, og det hjelper ikkje at fotografen erklærer sin eigen voyeuristiske fascinasjon i tekstane, liksom for at det skal smitta over på lesaren, i tilfelle premisset var uklart frå før (sjølvsagt ikkje).

Det som etter kvart byrjar å interessere meg er vel samanlikninga av dei ulike bygårdane, men dette skjer liksom mest via teksten, og ikkje så mykje via ei slags klassifisert fotografisk undersøking av tinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eit par verkeleg gode enkeltbilete, men i det heile tatt verkar alt ved denne boka nokså tilfeldig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg pleier vanlegvis å legga vekk bøker der verken stil eller øvrig innhald greier å vekka mi interesse. Men i håp om ei openberring tvang eg meg sjølv gjennom denne første delen av verket. Problemet med boka er at ho, slik eg forstår det på føreordet, er meint framstilla meiningane til ein karikatur, altså denne Estetikaren A (kanskje ein versjon av Kierkegaard sjølv), og at kunnskapen om dette set innhaldet i tekstane i andre rekke for lesaren. Det vil seia at når ein les er det vanskeleg å ta tekstane på alvor, sidan ein ventar seg at desse i del to (som eg enno ikkje har lese) liksom skal setjast på plass av Etikaren B. Dette gjer at eg heile tida les tekstane på eit slags overordna nivå, vel medviten om forfattarens intensjonar, samtidas mottaking og forfattarens vidare behandling av temaet, for ikkje å snakka om desse figurane A og B sine roller, og dermed ikkje klarar å interessera meg for stoffet tekstane behandlar. Dette stoffet er for øvrig også stort sett framstilt i ein stil som er overlessa, langtekkeleg og i ein syntaks som til dels grensar mot det uleselege. Greit nok om ein likar denslags, men eg synest livet er for kort.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GAkima MontgomeryRoger MartinsenMarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalle