Omtale fra forlaget
Hugsar du ungdomsskulen? Den kjensla. Då du ikkje lenger var eit barn på barneskulen, men ein ungdom klar for ungdomsskulen? Nesten som ein vaksen klar for vaksenlivet. Hugsar du kor skumle tiandeklassingane var? Hugsar du det første kysset? Det andre? Hugsar du bølla? Sladrekjerringa? Draumeprinsen? Hugsar du matteprøver og tentamen? Hugsar du bestevenene dine som alltid skulle vere der? Hugsar du at dei ikkje alltid var det? Hugsar du at det ikkje alltid gjekk som du håpte? At det som skulle vere spanande, blei frykteleg? Og det som skulle vare evig, forsvann? Hugsar du ungdomsskulen?
Forlag Flamme
Utgivelsesår 2018
Format Lydfil
ISBN13 9788202611842
EAN 9788202611842
Språk Bokmål
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Gjenkjennelig og sårt om tiden på ungdomsskolen. Likevel savner jeg et dypere blikk i Majas følelsesliv og hva hun egentlig tenker og tror om alt som skjer rundt og med henne.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketAlle i klassen er delt inn i eit periodisk system av gassar og metall, av elektron, atom og kjemiske forbindelsar. Nokon av stoffa er umogelege å blande, som stein/saks/papir. Sjølv om me ser kvarandre kvar dag, har me aldri blitt kjente og me kjem aldri til å bli det. Alle blir verande i sin tilstand, fast form, væske eller gass. Om det er sånn, om me er stein/saks/papir, vil eg vere ein stein, ein stor stein som ligg heilt stille, som har gjort det så lenge at ingen legg merke til han lenger.
Vekkerklokka ringer, eg trykker på stopp, reiser meg opp av senga og gjer alt i sakte film; går på do, vaskar fjeset, pudder, rouge, vel mellom kvit, sølvgrå, rosa og lyseblå augeskugge, det blir sølvgrå, maskara, svart kajal rundt heile auget, hardt blikk i spegelen.
Det einaste som er feil, er at eg er fjorten, at eg må komme hit kvar einaste dag og vere i same rom som folk eg ikkje har noko til felles med, og at eg er ukyssa halvvegs inn i ungdomsskulen.
Eg teikner celler i naturfagboka. Fargar cellemembranen gul, teiknar mitokondrium med tynn blyant. Om Magnus er i same rom som meg, skjønnar alle cellene mine at cellene hans er i nærleiken. Eg teiknar fleire celler og føresteller meg at alle tilhøyrer Magnus. Jo fleire eg teikner, jo betre, eg fargar dei i alle mogelege fargar: hårceller, hudceller, sædceller, blodceller. Eg teiknar et tverrsnitt av eit auge, mitt auge, som tek i mot lyset frå strekmannen som er Magnus. Bildet av Magnus reflekterer inn i synssenteret i hjernen som begynner å sende signal til resten av kroppen, til pusten min, magen min og hendene mine. Alt dette på grunn av mine celler som oppfatter hans celler. Eg får femmar på veggavisa om menneskeceller, ho får henge lenge i klasserommet, kun eg veit at det er eit bilde av Magnus, sett på veldig veldig nært hald.
Om me er kule den første dagen, blir me kule resten av ungdomsskulen, har Pelle sagt i fleire år. Me får ein sjanse, har ho sagt.
192 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketBøker med omslag i ulike nyanser av fargen som kalles millennial pink.