Omtale fra forlaget
Her er storslåtte passasjar om fotball, tango, gudshus og horehus. Her finst lovsongar til diktarbroren Cortázar, mytopolen Buenos Aires, til maten, vinen og til kvinnene. Kjartan Fløgstad har besøkt Latin-Amerika fleire gonger over tre tiår. Med sin rikdom, lærdom og sitt store overskot kan boka minne om ei anna reisebok, Donau av Claudio Magris. Sudamericana er ei revidert og utvida utgåve av Pampa Union, som kom ut første gong i 1994. Anmeldelse i Dagbladet
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2000
Format Innbundet
ISBN13 9788205273108
EAN 9788205273108
Språk Nynorsk
Sider 248
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Den surmaga versjonen: Fløgstad har fått stipend for å reise til Sør-amerika, og må pliktskyldigst koke saman noko klassekamp-oppgulp for å rettferdiggjere turen. For å bøte på den manglande inspirasjonen til å skrive ei anstendig reiseskildring køyrer han på med referanser til, og sitat frå, sekteriske verk som stort sett berre har akademisk interesse, samt spekulative koplingar mellom seksualitet og stort sett alt anna.
Den entusiastiske versjonen: Fløgstad reiser rundt i Sør-amerika, først og fremst til gruvesamfunn og for det meste i Chile, der han analyserer den lokale post-industrielle samfunnsutviklinga i lys av lokal historie. Samstundes trekker han dei store linjene både langs tidsaksen, frå conquistadorane til Pinochet, samt langs den geografiske aksen frå Lota ved den chilenske stillehavskysten til Bidjovagge i Finnmark. Undervegs auser han av sin rike kunnskap om latin-amerikansk kultur og samfunnsliv.
Eg vingla mellom desse to versjonane medan eg las boka. Fløgstad har ein skarp penn og gjer mange gode observasjonar undervegs i boka, men eg meiner også at enkelte tema i boka er over-analysert. Her må eg skunde meg å legge til at eg manglar nok ein del av den litterære og samfunnsøkonomiske ballasten som trengs for å få fullt utbytte av Fløgstad sine utgreiingar.
Det eg finn mest tiltalande med Fløgstad er at ein aldri veit heilt kvar ein har han, der er dobbelt-tydingar i mykje av det han skriv. I andre av bøkene hans, som "Det 7. klima" eller "Kron og mynt" er dette meir framtredende, men i Pampa Unión kjem han med ei slags programerklæring for dette aspektet av forfattarskapen sin:
Sannsynligvis er det viktigare for ein forfattar å forsvara sin
tvetydighet enn sin integritet.
Eg veit ikkje kor viktig det er, men det blir i allefall i enkelte høve interessante bøker ut av det.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketAv og til kjem ein jo i skade for å skriva noko som er bra. Men kanskje er det det ein ikkje skriv, som er best?
Ei av følgene av avindustrialiseringa ser ut til å vera at berre dei mest privilegerte gruppene på arbeidsmarknaden har råd til og fordel av å streika. Slik sett blir det rimeleg og forståeleg at dei vestlege venstreintellektuelle har gått til ideologisk streik og lagt ned alt tankearbeid på ubestemt tid.
Bøker eg har lest, eller har leseklare i bokhylla, som av ulike grunnar har kome ut på norsk med to (eller fleire?) ulike titlar.
Sommeren 2017 gjennomførte NRK P2 radioserien Faktasjekken - jakten på Norges beste sakprosa, i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF). De ville undersøke hvilke sakprosabøker som har formet Norge og nordmenn etter 2. verdenskrig. Utvalgte eksperter i 10 ulike panel i 10 kategorier satte opp til sammen 250 bøker, og disse ble stemt over blant NFFs 5500 medlemmer.
Virkeligheten er fantastisk - les sakprosa!