Omtale fra forlaget
Dei hevder, på ulike vis, at skilnadene mellom «høg» og «låg» kunst, mellom dei kunstverka som blir skapte innanfor offisielle kulturinstitusjonar på den eine sida, og det som kulturindustrien framstiller for det moderne massepublikum på den andre sida, er mindre enn ein vanlegvis førestiller seg. Eller dei er i alle høve av ein annan karakter. Og sjølve det å etablera slike falske skilje har fått katastrofale følgjer for den samfunnsmessige plasseringa av kunsten i utvikla og industrialiserte delar av verda, meiner Fløgstad. Loven vest for Pecos har vorte ein referansetekst innanfor kulturteorien, og har inspirert ein heil generasjon kunst- og litteraturinteresserte i Norge. Ein klassikar som endeleg er tilgjengeleg igjen i bokform. Kjartan Fløgstad (f. 1944) har gitt ut dikt og gjendiktingar, prosastykke og forteljingar, romanar, essay og dokumentarbøker, bl.a. Dalen Portland (1977), Fyr og flamme (1980), Det 7. klima (1986), Kron og mynt (1998) og Sudamericana (2000). Fløgstad har dessutan blitt tildelt ei rekkje litterære utmerkingar, som til dømes Nordisk Råds litteraturpris, Brage-prisen og Gyldendal-prisen.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788205275249
EAN 9788205275249
Språk Nynorsk
Sider 162
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketHovudførestillinga i middelalderkarnevalet var den parodiske kroninga og den følgjande avsettinga av karnevalskongen. Dette ritualet viser sjølve kjernen i karnevalsholdninga til tilværet. Karnevalet er festivalen for tida som øydelegg og fornyar alt. Det viser det lystig relative ved alle system og verdsordningar, alle former for autoritet og alle hierarkiske posisjonar. Karnevalet feirar forandringa i seg sjølv. Det absoluterer ingenting, det er verken absolutt negasjon eller fullstendig stadfesting. Dette gjeld både døden som ber livet i seg, dei som viser til førestillinga om overflod og slaraffenland som eit aspekt av den karnevalistiske utopien (ou topos (gresk), "ingen stad"). Alle karnevalsbilder er gjennomsyra av den same tvetydige naturen. Fødsel og død, velsigning og forbanning, ros og utskjelling, ung og gammal, topp og botn, forside og bakside, toskeskap og visdom, høg og låg, tjukk og tynn. Ja, til og med den karnevalistiske latteren har to sider, parodierande og utopisk på same tid.
Bakhtin stiller Nietzsche på hovudet: Folket og ikkje aristokratiet blir berar av den dionysiske tradisjonen, av feiring av kroppen og sansane. Eting og drikking er dei mest betydningsfulle eigenskapane til den groteske kroppen. Den særeigne karakteren til denne kroppen er den opne, uferdige karakteren den har, interaksjonen med verda gjennom kroppsopningar som svelg og rectum, å bli eitt med objektet ved å fortæra det (nokre av surrealistane trekte den fulle litterære konsekvensen av dette: dei skreiv kokebøker).
28 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketEssaysamlingar! I første omgong berre det eg sjølv har lest, kom gjerne med anbefalingar eg klør etter å lese fleire essays..
Sommeren 2017 gjennomførte NRK P2 radioserien Faktasjekken - jakten på Norges beste sakprosa, i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF). De ville undersøke hvilke sakprosabøker som har formet Norge og nordmenn etter 2. verdenskrig. Utvalgte eksperter i 10 ulike panel i 10 kategorier satte opp til sammen 250 bøker, og disse ble stemt over blant NFFs 5500 medlemmer.
Virkeligheten er fantastisk - les sakprosa!