Heimlandet Barndom

roman

av (forfatter).

Oktober 1999 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (43 terningkast.)

140 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Om Edvards oppvekst og bakgrunn i Hoem-grenda på Nordvest-landet i 50-åra. Forventningane om at det er Edvard som med tida skal ta på seg ansvaret for familie og gard, veks etterkvart til eit press. Både for seg sjølv og andre må Edvard innrømme at det er noko anna han skal.

Omtale fra forlaget

Om Edvards oppvekst og bakgrunn i Hoem-grenda på Nordvest-landet i 50-åra. Forventningane om at det er Edvard som med tida skal ta på seg ansvaret for familie og gard, veks etterkvart til eit press. Både for seg sjølv og andre må Edvard innrømme at det er noko anna han skal.

Bokdetaljer

Forlag Oktober

Utgivelsesår 1999

Format Innbundet

ISBN13 9788270948574

EAN 9788270948574

Genre Biografisk litteratur

Omtalt tid Etterkrigstiden

Omtalt sted Møre og Romsdal

Språk Nynorsk

Sider 167

Utgave 3

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

12 22 6 3 0 0

Bokomtaler

Eg trur eg er i ferd med å bli fan av Edvard Hoem. Dette er berre den tredje boka eg les av han, men det skal bli mange fleire, for du verden så godt og levande han skriv.

Denne boka er ei slags sjølvbiografisk oppvektskildring. Det at den vaksne Hoem greier å leve seg inn i sin eigen barndom er ein ting, men at han greier å la lesaren til dei grader gjere det same er meisterleg. Til liks med mange andre i bygde-norge i etterkrigstida så var barndomen til Hoem prega av begrensa materiell velstand og ein del arbeid. To ting som fall litt utanom normalen var nok å ha ein far som var på reise som lekpredikant i månadar av gangen, samt å som barnsunge vere så bokflink og full av ambisjonar. Prest, meinte han det måtte høve å bli. Foreldra meinte at han skulle take over garden, han var trass alt odelsgut. Ingen av dei fekk rett, til glede for mange bokelskarar.

Boka er ikkje berre ei forteljing om forfattaren og familien hans, men også ei forteljing om eit bygde-Norge i utvikling. Folk får elektrisitet i huset, traktoren tek over for hesten, vegar og samferdsel blir betre, etc. Ein annan ting som gjorde inntrykk var den langvarige innsatsen frå forfattaren sin bestefar for å få reist eit bedehus i bygda.

Etter kvart blir guten ein ungdom, og han ser at vegen hans vidare i livet ikkje berre gjeng ut av barndomen, men også bort frå heimgarden. Snipp snapp snute, men det er fleire Hoem-bøker der ute!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hoem forteller i denne boka om sin barndom og oppvekst i hjembygda Hoem, eller Karviland som det het i gamle dager. Dette er historien om en ung gutt/mann som etter hvert føler seg kvalt av forventningene hjemme og som må bort for ikke å bli gal.

Han beskriver et bedehusmiljø, hvor det er utenkelig å snakke om noe personlig, om hvor vanskelig det er å stikke seg ut og hvor viktig det er å unngå at "noen får noe på en". Fordi ingen snakket om noe personlig ble de mest ansikter og ikke personer, og den unge Hoem drømte om å bli en virkelig person. Til tross for karrige oppvekstvilkår, fortielser og mangt som kunne fremkalle både skam- og skyldfølelse, skriver han med humor og varme om forholdene som satte sitt preg på ham og den han skulle utvikle seg til å bli.

Som fjortenåring reiser han hjemmefra med en drøm om å bli forfatter.

Med fare for å gjenta meg selv hver gang jeg har lest en "ny" Hoem-bok: dette er nok en perle av en bok fra Edvard Hoem! Han har en egen evne til å skildre menneskers dypeste vesen med få, presise ord.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Heimlandet. Barndom", Edvard Hoem.
Det er så bra altså. Edvard leverer kvar einaste gong. Han har ei forteljarstemme, og ei språkføring, som er i ei klasse for seg. Det er ei fryd å lese kor Edvard skriv om seg sjølv, om kor han trakka sine barneskor. Kor han gjer det med distanse - i tredjeperson. Flott grep, for da kan han omtale seg sjøl i fleire fargar i forskjellige roller. Han skriv om sin barndom, sitt opphav, om sitt folk der ute på romsdalskysten. Det var et strev der ute på Hoem. Edvard var odelsgut, men ville ikke ha odel, for:
"Han ville bli ein verkeleg person, som kjende lyden av si eiga stemme".
Det har han klart fantastisk godt. Han er og vil bli ein av våre store. Han vil bli lest og hugsa av mange - lenge.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det har vært en «blåsebort-dag» i dag, og således en super dag å sitte inne og lese bøker. Jeg har lest boken til Edvard Hoem: Heimlandet. Barndom. Boken har jeg kjøpt. En roman på 168 sider som ble utgitt i 2006, og er oppfølger til denne boken som jeg leste i februar 2014 og skrev om i innlegget:

Mors og fars historie av Edvard Hoem

Begge bøkene synes jeg er fantastiske bøker, og jeg synes at de er minst like gode som bøkene om Slåttekaren. Det han skriver om gjør sterkt inntrykk på meg. Som leser må jeg gjøre meg refleksjoner underveis. På en lavmælt måte får han frem en skildring av et Norge i endring som påvirker Edvard Hoem og hans familie.

En kan lese historiebøker om denne tiden, men det er når dette knyttes til mennesker, som i dette tilfellet Edvard Hoem og hans familie, at en virkelig forstår hvor store endringene i samfunnet var. Boken er verken en tristesse eller romantiserer det livet de levde sammenlignet med samfunnet i dag.

Edvard Hoem ble født i 1949, og er eldstesønn og odelsgutt på gården Bakken i Hoem-bygda der han vokste opp. Moren Kristine hadde en datter med seg inn i ekteskapet med Knut Hoem. Boken er en roman der Edvard erindrer hvordan det var å vokse opp på gården og frem til han er 14 år og reiser fra bygda for å gå på realskole: Molde kommunale høgare almennskule.

Faren var legpredikant, eller emissær som det også ble kalt. Han var derfor på reise store deler av året. En av erindringene er da Edvars sammen med søsteren og faren reiser til kirken. Moren er «blitt tjukk igjen» enda veslebroren bare var et år; det skulle komme mange barn etter dette. En ungeskokk som det ikke alltid var like enkelt å mette. Når faren hjelper presten med å kle på deg, slik moren bruker å hjelpe Edvard, tenker Edvard at det er prest han skal bli.

«Da salmesongen tok til, snudde odelsguten seg og såg på menneska. Det var eit opent rom i ryggstøet, og der kunne han halde auge med dei som sat bak. På kvinnesida var det mest kjerringar med skjerande mål. Men mellom kvinnene og dei sat ein mann med ei vorte på nasen. Han forstod det måtte vera Djevelen. For det var i Vågøy kyrkje han lærte djevelen å kjenne. Han hadde ikkje høyrt om den karen før han kom dit. I det blåmåla kjøkkenet vart ikkje djevelen nemnd. Det var noko forferdeleg med djevelen. Han sat der og heldt auga med dei, og det var ikkje råd å koma unna for heile den lange gudstenesta var over.»

Før Edvard begynte på skolen var hans verden i hovedsak foreldrene, søsken og besteforeldrene. Et av dyrene på gården var den vakre hesten Perle som var like gammel som Edvard. Et annet dyr som er en del av erindringene er Bedehuskalven. En av bestefarens mål i livet er at bygda skal få et bedehus. Søsteren blir sendt rundt for å selge lodd med Edvard, «odelspresten», på slep, og den største gjenstanden var en kvit kvigekalv: Håpet som den ble kalt.

«Systera ville ikkje ha han med, men han trygla og bad så lenge at mora til slutt gav etter, og let han få følgje da Wenche skulle rundt på gardane og samle inn namn i loddbøkene. For odelspresten i Bakken var det ikkje eingong Livets Bok, det var Livets Bøker som skulle sprengast av tallause skarar. Gjennom sommaren gjekk han og systera frå gard til gard. Når ein selde lodd for bedehuset, var det ikkje vanskeleg å finne ut korleis folk hadde det bak sine mørke kjøkkenruter. Det var systera som førte ordet. Han måtte finne seg i å spela rolla som ein slags kontrollør, men denne oppgåva gjekk han inn i med alvor. Han brukte augo alt han vann for å passe på at dei ikkje vart lurte på pengane. Han var ikkje opplagt til det vennlege tullpratet som møtte dei når dei hadde bore fram ærendet sitt, og systera måtte stå aleine for dei lange og kronglete samtalene som etter landsens skikk måtte førast før folk henta tiøringar i syltetøykrukker i skapet og hestehandlarpungar i bordskuffen under voksduken. På Bortegarden sat eit ektepar ved bordet. Han likte seg ikkje da han kom inn, for det lukta ikkje som heime, og lukta gjorde han kvalm. Den gamle herremannen Edvard Eliassen sat i benken og spytta skrå til sides for seg, da hjelpte det ikkje odelspresten at dei heitte det same, han fann namnefellesskapen berre forferdeleg. Men kva måtte han ikkje gjennom når det galdt å drive inn pengar til bedehuset?»

Odelspresten og moren står på loftet og strigråter når den heldige vinneren henter Håpet.

Gården Bakken blir tilkoblet strøm, en stor begivenhet. Men en annen stor begivenhet skjer:

«Da var det slutt på den ulidelege første barndommen, han skulle endeleg få koma på skulen. Han visste godt at lærerinna på Hoem kjende til kor reint han las i bok, og ho hadde ymta frampå om at odelspresten kunne få koma på skulen når han ville. Men faren trudde ikkje det kom noko godt ut av å skilja han ut, og slo fast at han fekk halde følgje med «dei hine». Odelspresten opponerte ikkje mot dette, men syntest det var lenge å vente. No skulle han endeleg sleppe inn i Eit Nytt Liv i den raudmåla vesle bygningen med torvtak på Indre Hoem, der lærarinna Inga Moen Kvalsnes, eller «ho Moen» som dei sa for å harsellere over at ho tviholdt på jentenamnet sitt, regjerte over åndslivet i Karviland med hard hand. Det hadde ho gjort i snart førti år. Halve bygda hadde glede av å gapast over alt dette kvinnfolkgrevet sa og gjorde, men så snart ho dukka opp i ei forsamling, vart det knystrande stilt. Kvinner helste verdnadsfullt, mannfolk og gutungar reiv hovudplagga av. Det fanst ikkje eit menneske som var fødd hitanfor Ålesundsbrannen som ikkje hadde hatt henne til lærar, derfor kjende ho verdien på hauet til kvar einskilt, og kunne minne folk om korleis dei hadde gjort det til folkeskule-eksamen dersom enkelte vart for kjepphøge på det.»

Forventningene ble ikke helt innfridde. Selv om læreren forsøkte å legge til rette for at Edvard skulle få nok utfordringer, ble det til tider kjedelig for han. I tillegg gjorde dette til at han for de andre ungene ble Gullungen. Bygdedyret er også til stede i Hoem-bygda.

Etterhvert som Edvard vokser til observerer han hvordan moren setter seg selv og egne behov til side for at ungene skulle ha det bra:

«Ho snakka til eldsteguten som om han var vaksen, men sa ikkje alt som kunne vore sagt. Den eldste gjekk for å vera snill og hjelpsam, og sa sjeldan imot. Man han var opptatt av seg sjølv til å ha nokon omtanke som gjekk lenger enn til augneblinken. Kanskje var ho sjølv skuld i det. Ho klaga aldri, var ikkje fullt fortruleg med andre enn mannen. Ho snakkja med andre bygdefolk anna enn på misjonsmøter og juletrefestar der ho stilte opp med fem gutebarn i heimestrikka jakker, og ei lita jente i kvit strømpebukse på kneet. Barna skulle vera reine, heile, mette og skuleflinke. Svigerfaren skulle vera reinvaska, mett og ikkje ha noko på henne. Mjølka til meieriet skulle vera bakteriefri og ha rett fettprosent, kalvane skulle vera pussa og velstelte, grisen skulle ikkje vera for feit og ikkje for mager. Det skulle slaktast på aukande måne, og kalvane kom på fallande flo. Ho såg etter flovatnet når det kom kalv til gards, og gjekk og la seg når vatnet steig for å stå opp når det fall, og da kom som regel kalven. Var det midt på natta, vekte ho ikkje barna til å hjelpe seg, for dei skulle kanskje på skulen. Når dei vakna om morgonen, var kalven i bingen.
Ho lærte barna til å tru at dei var noko, men dei skulle ikkje skryte av det. Sjølv var ho flink til å teikne og måle, men fordi ho ikkje hadde tid , hadde ho heller ikkje målarsaker i huset. Verkeleg klok på henne kunne eldsteguten ikkje bli.»

Etterhvert som Edvard vokser begynner han å stille spørsmål til seg selv om den rollen han er tiltenkt. Om foreldrenes levemåte. Han ser hvor fattigslig det er på gården. Barna stiller kritiske spørsmål til troen til foreldrene som gjør at de skiller seg ut. Edvard forstår etter hvert at han må velge, og det å velge medfører som alltid at en må velge bort noe.

Heimlandet. Barndom er som romanen Mors og fars historie en bok som fint kan leses flere ganger.

Omtalen er kopi av et innlegg på bloggen min - link til innlegget

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Same kor mykje du prøver å lata som ingenting, visest det utanpå korleis du har det.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

"Gud velsign vort hjem", står det brodert i ei ramme. For ein forferdeleg ting å ha i eit hus der døden herjar og odelsguten lyg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

I kvar tilfeldig og likeglad ordveksling finst nesten alltid ei hemmeleg meining.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

På kvinnesida var det mest kjerringar med skjerande mål. Men mellom kvinnene og dei sat ein mann med ei vorte på nasen. Han forstod det måtte vere Djevelen. For det var i Vågøy kyrkje han lærte djevelen å kjenne. Han hadde ikkje høyrt om den karen før han kom dit.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Han kunne ikkje sjå ein laus gjenstand utan å falle i tankar om kva gale den kunne brukast til. Ein gammal omnsring slengde han opp i lufta med den følgje at ringen skjente av garde, og gjekk rett inn gjennom kjøkkenvindauga i Bakken, der mora stod himmelfallen og berre fekk fram at "kvifor i all verda gjorde du det ?" - "De treng vel luft her i garden og !", sa han Harald. Da lo mora, og han Harald fekk ikkje kjeft fordi han knuste ruter, men fordi han laga gode historier.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

140 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Dette er de bøkene jeg har lest i 2017. Boktitler blir lagt inn etterhvert som de er lest.


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her vil jeg legge alle bøkene jeg leser i 2015


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "I Tom Bergmanns tid" av Edvard Hoem
  • "Engelen din, Robinson - roman" av Edvard Hoem
  • "Prøvetid - roman" av Edvard Hoem
  • "Kom fram, fyrste! - roman" av Edvard Hoem
  • "Frøken Dreyers musikkskole - roman" av Edvard Hoem
  • "Faderen - Peder Bjørnson forsvarer seg : eit mannsportrett frå det 19. hundreåret" av Edvard Hoem
  • "Jordmor" av Tove Nilsen
  • "Tid for klage, tid for dans - roman" av Edvard Hoem
  • "Ave Eva - herregårdsroman" av Edvard Hoem
  • "Kamelskyer - roman" av Thorvald Steen
  • "Inni er vi alltid unge - aldringsmeditasjoner" av Sissel Gran
  • "Hun skrev for å kunne leve - min mor, Marie Takvam" av Magnus Takvam
Alle bokanbefalinger for dette verket

Andre utgaver