Frøken Dreyers musikkskole

roman

av (forfatter).

Oktober 2019 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.44 (9 terningkast.)

54 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget


Musikarparet Renate og Theodor Ungermann kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland på eit ugunstig tidspunkt, i 1952. Dei skal arbeide som lærarar ved frøken Dreyers musikkskole, men fordi dei er tyske har dei vondt for å bli godtekne. Theodor har store ambisjonar på skolens og eigne vegner, han drøymer om å revolusjonere Bergens musikkliv ved å skape rom for det moderne. Han vier seg fullt og heilt til prosjektet, men korleis skal han unngå å miste seg sjølv på vegen: ekteskapet, kontakten med omverda, gleda over livet og leiken? Livet blir annleis enn tenkt både for Renate og den ambisiøse musikklæraren, men det blir like fullt eit liv.

Kåra til ei av dei beste bøkene i 2000 i VG

"ferjereise mellom kjærlighet, musikk og politikk ... en meget lesverdig og engasjerende roman"
TINIC TALÉN, VG, terningkast 5
"en velkomponert, bredt anlagt fortelling som spiller ut de store temaene: Kjærlighet, savn og brutte kunstnerdrømmer ... en storlinjet og vakker roman"
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
"Vakker roman om kjærlighet, musikk, kunstnerdrømmer og livet i eksil"
ANNE HOFF, KVINNER OG KLÆR

«av Hoems beste romanar ... ei glede å lese»
PÅL HAMRE , DAG OG TID


Maleri på forsiden: Jarle Teigen Olsen Skogvev II
Omslagsdesign: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | Exil design

Bokdetaljer

Forlag Oktober

Utgivelsesår 2019

Format Heftet

ISBN13 9788249520619

EAN 9788249520619

Omtalt tid Etterkrigstiden

Språk Nynorsk

Sider 379

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 3 4 1 0 0

Bokomtaler

Edvard Hoem er meister i komposisjon og psykologiske skildringar. Eg fann det interessant og etter kvart rørande å vere med ekteparet Ungermann frå dei i starten av boka kjem til Bergen midt på 50-talet og til boka sluttar i det Sovjetunionen i 1968 knuser reformrørsla i Tsjekkoslovakia. I gode og vonde tider følgjer vi ekteparet, etterkvart får dei ein son, og mot slutten av boka ligg spaninga i om forholdet deira vil overleve etter kvart som dei sjølve og tidene endrar seg. Mykje av handlinga går føre seg på og rundt Frøken Dryers musikkskule, der Theodor Ungermann etter kvart blir bestyrar. Sjølv om eg ikkje er spesielt musikkinteressert, las eg boka ut på nokre få dagar. Kvifor? Fordi Hoem fører oss nært inn på menneska og tida, og fordi han som alltid skriv vakker nynorsk. Eg håpar fleire les denne boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Mange musikarar han kjende, var ikkje intellektuelle, dei var emosjonelle, og musikken var eit språk som kjenslene deira kunne uttrykke seg gjennom, ikkje ein veg til erkjenning. Slik var mange av fiolinistane i Harmonien, og slik var fleirtalet av lærarane på musikkskolen. Dei spela musikk og underviste i musikk. Dei pusta gjennom musikken, og hadde bruk for venleiken i musikk, men ikkje smerta i musikk. Livssmerte har den som gjennomskodar tilværets absurditet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

54 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Bøker eg har lese i 2024


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Uthevet tekst


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er liste for romaner og fiction. Lånt på bibliotek.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "I Tom Bergmanns tid" av Edvard Hoem
  • "Engelen din, Robinson - roman" av Edvard Hoem
  • "1905 - spillet bak kulissene" av Roy Andersen
  • "Min jødiske reise" av Jahn Otto Johansen
  • "De likeglade" av Alberto Pincherle
  • "Kom fram, fyrste! - roman" av Edvard Hoem
  • "Himmelsk harmoni" av Péter Esterházy
  • "Noveller" av Hans Ernst Kinck
  • "Aracoeli" av Elsa Morante
  • "Tid for klage, tid for dans - roman" av Edvard Hoem
  • "Italienerinnen - roman" av Espen Haavardsholm
  • "I Tom Bergmanns tid" av Edvard Hoem
Alle bokanbefalinger for dette verket