Omtale fra forlaget
Musikarparet Renate og Theodor Ungermann kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland på eit ugunstig tidspunkt: i 1952. Med Frøken Dreyers musikkskole som base, ønsker han å realisere ein ny musikk for ei ny verd i Bergen, medan ho ser fram mot den dagen da dei skal vende tilbake. Ein roman om eksilets problem og modernitetens pris, om musikkens verd og den verkelege verda.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2013
Format E-bok
ISBN13 9788249512195
EAN 9788249512195
Omtalt tid Etterkrigstiden
Språk Nynorsk
Sider 379
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Edvard Hoem er meister i komposisjon og psykologiske skildringar. Eg fann det interessant og etter kvart rørande å vere med ekteparet Ungermann frå dei i starten av boka kjem til Bergen midt på 50-talet og til boka sluttar i det Sovjetunionen i 1968 knuser reformrørsla i Tsjekkoslovakia. I gode og vonde tider følgjer vi ekteparet, etterkvart får dei ein son, og mot slutten av boka ligg spaninga i om forholdet deira vil overleve etter kvart som dei sjølve og tidene endrar seg. Mykje av handlinga går føre seg på og rundt Frøken Dryers musikkskule, der Theodor Ungermann etter kvart blir bestyrar. Sjølv om eg ikkje er spesielt musikkinteressert, las eg boka ut på nokre få dagar. Kvifor? Fordi Hoem fører oss nært inn på menneska og tida, og fordi han som alltid skriv vakker nynorsk. Eg håpar fleire les denne boka.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMange musikarar han kjende, var ikkje intellektuelle, dei var emosjonelle, og musikken var eit språk som kjenslene deira kunne uttrykke seg gjennom, ikkje ein veg til erkjenning. Slik var mange av fiolinistane i Harmonien, og slik var fleirtalet av lærarane på musikkskolen. Dei spela musikk og underviste i musikk. Dei pusta gjennom musikken, og hadde bruk for venleiken i musikk, men ikkje smerta i musikk. Livssmerte har den som gjennomskodar tilværets absurditet.
54 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket