Omtale fra forlaget
Sikkimsdalen i Himalaya. NATO har erstatta det britiske imperiet. Jagarpiloten Venor reflekterer, med eit distansert, altoverskodande blikk på verda, over si rolle i storpolitikken. Ikkje langt frå basen bur og arbeider tebonden Pasi. Blikket hans er retta mot dei nære tinga, mot jorda og teplantene, med det mål om å få grønsaker og planter til å vekse og trivast. Gjennom å skildre alt frå dei høgaste, tynnaste luftlaga til dei minste minerala i jorda, utforskar Karlsvik personlege og nasjonale relasjonar. Ho lèt kvardagen til hovudpersonane spele seg ut mot ein global bakgrunn, og viser korleis politiske, økologiske og militære spørsmål også er ein del av det dagleglivet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format E-bok
ISBN13 9788252184075
EAN 9788252184075
Omtalt sted India
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg er slått av kor heilt det er, ovanfrå, når det ikkje er kartliner teikna inn. Når delstatar og språkområde ikkje er markerte, når Ukraina berre er landskap, geologi og vegetasjon.
Veret verkar inn på flyginga mi. Flyginga mi verkar inn på veret. Isbrear over Himalaya smeltar. Himalayasmeltevatn blir overflodsvatn. Flaumvatn som infrastrukturen ikkje maktar å kanalisere. Der nede har vi ein jobb å gjere. Hjelpe til med bygging av institusjonar, vegar, vassrøyr. Her oppe har eg også ein jobb å gjere. Rekognosering og fredsstyrkande arbeid. Balansen av opprusting og nedrustning er ikkje berre ein myte.
Toppskotet har form som
skotet har form som
greina har form som
treet har form som andre tre. Også andre tre er forma som
greiner
forma som skotet
forma som toppskotet,
som eg gnir mellom fingrane.
19 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket