Ingen lesetilstand
Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
«Heilt frå første setning kjenner ein seg i trygge hender, for Malmin skriv godt på ein ujålete måte, med naturleg autoritet (...) Malmin innleiar boka med eit sitat av den største Jæren-forfattaren av alle, Arne Garborg. Men den kontante stilen i dei nynorske setningane hennar og den knappe, men poetiske måten å vise indre stemningar på, får meg også til å tenkje på Olav Duun.» Merete Røsvik, Klassekampen Bokmagasinet Dei seier at ein ikkje kan velja familien sin, men på stadar som Jæren er det ikkje stort anna ein kan velja heller. Syskenbarna Ingeborg og Randi har vore venninner sidan barndommen, men valde dei eigentleg kvarandre? Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men det blei slik. Randi skulle aldri venda heim, men det blei slik. Då Randi blir alvorleg sjuk, er dei begge tvinga til å sjå seg tilbake, og forholdet mellom dei blir med eitt endevendt og blottstilt. Det kjennest trygt å vera tett knytt til eit anna menneske, men å vera avhengig kan òg øydelegga ein. Nokre gongar kan det vera vanskeleg å vita forskjell. «Ærlig og vart om vennskap ... Forfatterens nynorsk er både velklingende og hverdagslig, og spekket med poetiske bilder som vever fortida sammen med her og nå. Det lille verket åpenbarer liksom en liten perle inni omslaget med det steinbaserte janusansiktet, og jeg anbefaler den gjerne.» Frøydis Finstad Gundersen, Hamar Arbeiderblad «Malmin utviser en narrativ tydelighet sjelden for norske debutanter. (...) Hadde noen fortalt meg at en av fjorårets fineste debuter handler om en gammel jærbu med serviettsamling, ville jeg nok møtt påstanden med et by-fnys (...) I Steinauge finnes ikke en eneste overflødig skildring. Det skal en dreven forfatter til for å sette pennen mot noe sånt og gjøre det tydelig.» Kenneth Moe, Aftenposten
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2021
Format Heftet
ISBN13 9788203369049
EAN 9788203369049
Språk Nynorsk
Sider 186
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette var fjorårets "Hele Rogaland leser". Tilfeldigvis valgte jeg denne etter å ha lest "Tollak til Ingeborg". Den handler om den eldre enkemannenen Tollak som bor noe isolert på bygda i Rogaland. Steinauge handler om den eldre enka Ingeborg som bor noe isolert på bygda i Rogaland. Begge bøkene er relativt nye, på nynorsk og under 200 sider. Men der stopper vel egentlig likhetene, selv om det gjorde det særlig interessant å lese dem etter hverandre.
I Steinauge møter du et eldre søskenbarnpar som bearbeidet at den ene av dem har blitt alvorlig syk, samtidig som de mimrer tilbake til barndommene sine. Det er ei bok som tar seg tid til å la deg bli kjent med karakterne, og som setter pris på "gamle dager". Men det er også fine refleksjoner rundt vanskelige tema. Anbefales.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketFleire av minna kjem til henne som stillbilete rett som det er; glimt frå ulike tider og ulike stadar blinkar i hovudet. Det er mest ikkje råd å skilja fotografi frå minne, i begge er ho frosen fast, tvinga inn i rammer, ute av stand til å sprenga seg ut.
Inn øyregangane smyg det seg klokkerein kvitring frå eit heilt orkester med fuglar. Ho har lurt på om dei kan kvitra falskt, men får seg ikkje til å tru det – å laga lyd er ein så stor del av det å vera fugl; det ville vore rein vondskap å utstyra dei med falsk stemme og dårleg gehør når dei skal bruka resten av livet på å synga. På den andre sida må jo skalaen for kva som er reint og ikkje, vera laga av menneske, innser ho, så kanskje dei ikkje bryr seg om nokon skala i det heile, fuglane?