Vintersang

viser og dikt

av (forfatter).

Nordkalott-forl. 2011 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.33 (3 terningkast.)

10 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Solgunn Sollis eksemplar av Vintersang - viser og dikt

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Liker

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Dette er forfattarens fjerde diktsamling, og dikta formidlar kunnskap om levemåtar og landskap, om stadnamn og historie.

Omtale fra forlaget

Ny diktsamling frå den folkekjære poeten Helge Stangnes. Dikta i Vintersang formidlar kunnskap om levemåtar og landskap, om stadnamn og historie. Her er politiske stikk og påminningar, og humor i overflod, men òg vare og gripande skildringar. Diktarens musikalitet og presise sans for rytme og klang gjør visetekstane veleigna for tonesetting, men òg gode for framføring utan musikalsk følgje. Tekstane er skrivne på lett normalisert Senja-mål, den nordnorske dialekten som blir sagt å ligge nærast den nynorske målforma. Til hjelp og nytte for lesarar som ikkje kjenner heile nyanserikdomen i det nordnorske språket, så er det ei ordliste bak i boka som gir språk- og kulturkunnskap med på kjøpet.

Bokdetaljer

Forlag Nordkalott-forl.

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788273801883

EAN 9788273801883

Språk Nynorsk

Sider 99

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 2 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Heim til jul

I et rom på sjukeheimen står ho Anna framførr skapet
og kler vinterkåpa på seg, førr no e besøket slutt.
Ho må komme seg av gårde, ho har venta altførr lenge,
men no har ho pakka veska og e klar om få minutt.

Det va her i dag det skjedde då ho kom i dagligstua
og fekk se at bord va pynta og den store stjerna tent,
at ho fekk slik uro i seg: Ho må heim til julestrevet,
førr i dette store huset e ho ny og lite kjent.

Stille smyg ho ut av rommet og finn vei til ytterdøra
som e stengt med enkel vrilås som ho åpne med et knepp,
og desembersnoen møte ho i mørket utom trappa
der et katteskrik ved veggen flerre natta så ho kvepp.

Over fjorden, bak en skydott, heng en mager adventsmåne
som sprer lys langs brøytekanten der ho gamle Anna trør,
og i snyen vises merka av to tøfla og en krokstav,
ho går på, ho har det travelt, men ho skulle starta før.

Det e langt til Blomsterbakken, nesten mila etter veien,
og no sitt han vel og undres over kor ho e blitt a'.
Han har sikkert lagt i omnen, kanskje vente han med kaffi,
ho har vore lenge borte, men ho veit at han blir gla'.

Ho passere mørke gårda, hus som søv bak utelyset,
og e snart på kjente trakta, nær sitt eie barndomsland,
men ho kjenne ho e sliten, og så tar ho te å fryse,
ho e blitt så sveitt av marsjen og må kvile litegrann.

Så, omsider, e ho framme. Ho kan se det gamle huset,
men fra veien opp til gården e der ingen trakkasti.
Ho finn døra låst og bolta og en farlig tanke tar ho
at ho e her heilt åleina, og at nåkka e førbi.

Ho får prøve vedskjådøra, som ho med litt strev får åpna,
og sig ned på høggestabben. Her e hus i alle fall.
Ho får sitte her og vente til han snart står opp og fin ho,
men no vil ho berre sove, ho e trøytt og ho e kald.

Ute ule austavinden rundt det gisne plankeskuret
der ho gamle Anna bale med si siste julestri.
Men så står han der i skjådøra og ber ho om å komme,
og ho går han glad i møte, ventetida er førbi.

Det blir styr på sjukeheimen då de ser at ho e borte.
Det blir leiting, der de fleste ifrå bygda stille opp,
men aksjonen blir fort avblåst då de oppå Blomsterbakken,
inni skjåen attom huset, finn en kald og livlaus kropp.

Det blei sagt av de som fann ho, at ho satt med smil om
munnen,
men eg vil ikkje gå god førr at historia e sann.
Kanskje gjekk ho ut av livet i ei glea over møte
med en trufast venn og partnar, og fekk feire jul med han.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flat pakke

I garasjen ligg han Jens og slår i golvet med en jekk,
og han e så kokførbajnna at han snart kan skite bekk.
Ho Amalie har fått i hus en svær IKEA-pakke,
og no e han skyssa hit førr å montere skaberakket.

Han har knødd i fleire tima så han blør på begge knean,
og han Tykjen skulle hente både pakken og IKEA!
Ei møbleringshekta kjering e ei evig straff og svøpe,
så når hinmajn' e innom kan han ta ho med på kjøpet.

Og no vil ho ut på gåran førr å hente ekspertise,
skjønt ho veit at det e jamngodt med å be om samlivskrise.
Vess ho kjem hit med han Arnt, det der overlegne vraket,
skal han få et spark i ræva før han knuse heile skapet.

Instruksjon førr montering har han kasta nokså tidli'.
Den va like lite lesbar som Koranen på swahili.
Her e ingen ting som stemme, verken tappa eller skrua,
og han brøle som en okse så det høres oppi stua.

Då kjem småvekja, ho Trine, litt førskremt ner i garasjen.
Ho blir ståanes og se på kor han plages med montasjen.
Ho har byjnt i 4. klasse, men ho e ei praktisk tøtta,
og no finn ho fram det arket som ligg korva neri bøtta.

Og så peike ho og vise ka slags fjøle han må velle.
Ho e vant med Lego-bygging, og no overtar ho spellet.
Ja, han Jens blir reint førspelt over korr delan høve sammen,
og om litt står skapet ferdig. Han e berga, takk og amen!

Men der trør det utom veggen, og så kakke det på dørra.
Vess det e han Arnt, den sniken, ska han bli bra lang i snørra.
Men så e det ho Amalie som kjem med kaffikajnna,
og han Jens blir like blidspent som han nyss va kokførbajnna.

Ja, så blir det full forsoning omkring skapet fra IKEA,
og ho Trine e lojal og vil 'kje ødelegge glea,
men ho har et kort på handa, ho har bursdag i april,
og vess tingan går som planlagt, skal ho snart ha ny mobil.

Om du lure på ka lærdom som ligg gjømt i det du leste,
vil eg sei at psykologisk har det handla om det meste:
Kvinnelisten, kjøpetrangen, sinnet og prestisjetapet,
men især at flate pakka e en pest førr ekteskapet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Et nesten-førlis

Omtrent midtfjords ligg han Teodor og ror førr ville livet
i en båt som e så liten som et komma i arkivet.
Han gjekk ut i firetida førr å drage sei på Grujn'
og no e der ikkje livstegn i den nykjøpte Taifun'.

Han har svidd av bannskapskvota, han her remja til Vårherre,
han har skrapt og skrubba pluggan, men med null effekt,
dessverre,
og no e det krig og krise, han må få motoren starta,
førr det svartne sør i fjorden, der e synnavind i farta.

Han har prøvd seg med førhandling og har lovd en herrens
masse:
Han skal male bedehuset, han skal tømme kjerkedasset.
Han skal aldri meire skjenke seg og skalle folk i sinne,
men der kjem den første drefsingen og bløyte han til skinnet.

I en liten ti-fots plastbåt ror han Teodor førr livet,
og hans sjelelige telstand lar seg vanskelig beskrive,
men då e det som Vårhere kaste til han redningsplanken:
- Du har glømt å åpne svekken, der e undertrøkk på tanken.

I et løye får han åpna, og no starte rett motoren,
og så bær det unna veret som en e-kajll etter fjorden.
Han e klissblaut då han berge seg i ly av Skarveskjeret,
men han innser at alternativet kunn' ha vore verre.

Det blir tid til ettertanke mens han ligg i le og bakke:
- Har han lovd i meste laget? E han plektig til å takke?
Og han innser, då det spakest, at en fjordfjert av en floing
har førleda han til tullskap då han dreiv som verst med roing.

Han må kreve re-førhandling! Han må be om empati!
Kjerkedasset får han tømme. Det kan gjørest nattestid.
Avholdsløftet va et kjæftglepp, men han nemnte ikkje øl!
Og ka angår bedehuset, får dem skaffe maling sjøl!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Lys langs en fjord - viser og dikt" av Helge Stangnes
  • "Nordlands trompet" av Petter Dass
  • "Samlede dikt" av Kolbein Falkeid
  • "Glassrommet" av Simon Mawer
  • "En uvanlig leser" av Alan Bennett
  • "Vinter i Maine - roman" av Gerard Donovan
  • "Himmelstormeren - en roman om Ellisif Wessel" av Cecilie Enger
  • "Snakk til meg - roman" av Vigdis Hjorth
  • "Mandelplukkersken" av Simonetta Agnello Hornby
  • "Kranes konditori" av Cora Sandel
  • "Døren" av Magda Szabó
  • "Den siste viking" av Johan Bojer
Alle bokanbefalinger for dette verket