Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Musikarparet Renate og Theodor Ungermann kjem til Bergen frå det krigsherja Tyskland i 1952. Den gamle byen Königsberg som Theodor var vaksen opp i, er øydelagd i krigen. Når fiolinelevane på Frøken Dreyers musikkskole prøver å finne ut av dei same musikkstykka som han sjølv spela som ung gut, er det som om tapet av barndomsriket får lindring. Ein roman om eksilets problem og modernitetens pris, om musikkens verd og den verkelege verda.
Omtale fra forlaget
For Ungermann var Bergen ein by i musikkens verd, der ingen jernteppe stenger grensene, slik som i den verkelege verda. Musikkens verd blir vårt fedreland, sa Ungermann, når vegen til vårt jordiske heimland ikkje finst. Den gamle byen Königsberg som han var vaksen opp i, var øydelagt i krigen, sjølv ikkje ruinane hadde han von om å få sjå igjen. Men når fiolinelevane på Frøken Dreyers musikkskole prøvde å finne ut av dei same musikkstykka som han sjølv spela som ung gut, var det som om tapet av ungdomsriket fekk lindring. Han ville takke frøken Dreyer for at ho hadde gitt han eit nytt heimland, sidan hans eige ugjenkalleleg var tapt.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2000
Format Innbundet
ISBN13 9788270948444
EAN 9788270948444
Omtalt tid Etterkrigstiden
Omtalt sted Bergen
Språk Nynorsk
Sider 379
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMange musikarar han kjende, var ikkje intellektuelle, dei var emosjonelle, og musikken var eit språk som kjenslene deira kunne uttrykke seg gjennom, ikkje ein veg til erkjenning. Slik var mange av fiolinistane i Harmonien, og slik var fleirtalet av lærarane på musikkskolen. Dei spela musikk og underviste i musikk. Dei pusta gjennom musikken, og hadde bruk for venleiken i musikk, men ikkje smerta i musikk. Livssmerte har den som gjennomskodar tilværets absurditet.