Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
«Det er først no, som tjueåring, eg forstår kor knusande 22. juli var for meg. For identiteten min. Eg var tretten år, og eg slapp ikkje unna det politiske. Eg bar det med heile meg.»
Sumaya Jirde Ali kom til Bodø som barn og blei behandla som alle andre, ho kjende at ho høyrde til. I boka fortel ho om dei bekymringslause dagane i barndommen. Ho fortel om sjokket då ho fekk høyre om attentatet i Oslo 22. juli 2011, og kva det gjorde med synet hennar på eigen identitet og tilhøyrsel. Ho skildrar kjensla av skam og sjølvforakt, av å bli umenneskeleggjort, og lengselen etter å høyre til. Vi får også innblikk i kva ho gjer for å motverke hat, halde oppe motet og stå for det ho meiner.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788252196849
EAN 9788252196849
Serie Norsk røyndom
Genre Biografisk litteratur
Omtalt person Sumaya Jirde Ali
Språk Nynorsk
Sider 91
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Nynorsk, kort, utrolig mange gode refleksjoner . Innvandring og identitet, ungdom.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketNokre gonger siterer eg noko vennina mi Muniba sa ein gong: å vere fleirkulturell og muslim i Noreg er som å bli sett som ein svulst, samtidig som ein føler seg som eit velfungerande, ressurssterkt organ.
Å vere eit lykkeleg barn med magen full av steinar.
Eg følte meg som ein minoritet i minoriteten: eg var den jenta som ikkje klarte å spele den rolla ho var tildelt, skodespelet halta på grunn av meg. Ikkje høyrde eg til der dei andre trudde eg høyrdw til, og ikkje kunne eg det dei andre trudde eg kunne. Korleis kunne eg vite noko om hijabtvang eller politisk islam når det aldri hadde vore aktuelt for meg eller andre jenter eg kjende?
Det er kort veg frå å sjå på alle muslimar som ei homogen gruppe til å gjere oss kollektivt ansvarlege og krevje at ein norsk muslim tar avstand frå det ein amerikansk muslim har gjort.