Mummibøkene er kjempefine. Kanskje særlig fine å vende tilbake til når verda er uroleg og skremmande.
Usikker på om eg orker å ta fatt på Handmaid, den er jo skummelt aktuell diverre.
Denne helga blir det visst berre aviser. Det går òg an.

Godt sagt! (5) Varsle

Viestad skriv godt, og i tillegg er det mykje ein ikkje har tenkt over. «Historien» har liksom vore store hendingar langt vekke, men det er jo kvardagen med graut og kva-skal-vi-ha-til-middag som er sjølve livet.
Bonus at kapitla er så korte at ein rekk minst to på bussen til jobb!

Godt sagt! (3) Varsle

Eg les Vår norske mathistorie av Andreas Viestad.
Den er så langt kjempekjekk, iallefall når ein kjem til rettane. Mykje interessant historisk kunnskap her, og litt til ettertanke.

Godt sagt! (9) Varsle

Kan finne mykje inspirasjon i sånne utfordringer. Eg er heller ikkje med i utfordringane -blir for mykje «jobbkjensle» av det. Eg er heller ikkje i nærleiken av å lese 52 bøker på eitt år, men kanskje 26 i år? Godt mogleg eg likevel klarer å krysse av fleire punkter !

Godt sagt! (3) Varsle

Eg les uprooted av Naomi Novik. Les sjeldan fantasy, men nokre gonger er det deilig å berre forsvinne heilt inn i ei bok. Denne jula har eg fri heile romjula, og det er luksus å ha lite planer, og tid til å lese nesten ei heil dag (hunden må faktisk luftast…).
Boka er ti år gamal, men eg storkoser meg
Ekte eventyr.

Godt sagt! (9) Varsle

Så kjekt! Har lånt denne på biblioteket- tenkte den kunne passe i juledagene når det er litt ekstra lesetid.

Godt sagt! (0) Varsle

Ja. Men kjensla av å lese ei bok for fyrste gong er noko eg har misunt fleire. Sjølv om det er nye ting ein ser når ein les bøker på nytt.

Godt sagt! (1) Varsle

Eg les denne no, og koser meg stort!

Godt sagt! (2) Varsle

Eg har fått ny veg til jobb, som involverer buss i 15-20 minutt. Enorm bonus - det blir lesing kvar veg. No les eg Før plogen din over de dødes knokler , og den fungerer godt på buss. Ikkje alle bøker gjer det.
Heime er eg litt i limbo - har eindel halvleste bøker som ikkje fenger heilt. Håper på fleire dagar fri i jula for å komme igong igjen her òg.

Godt sagt! (7) Varsle

Plukka denne boka opp litt tilfeldig. For mange år sidan ba onkel, eit lesande menneske, oss legge lappar med namnet vårt i i bøker vi kunne tenke oss å arve. Så døydde onkel, og boka kom i ein kasse. Eg tok ut ein stabel og begynte litt på måfå.
Eg hadde ingen forventninger, men har gledd meg stort over dei ulike forfattarane sine tilnærmingar og refleksjoner kring Bibelen og oversettingsarbeidet. Eitt er sikkert - Bibelen er òg eit produkt av VÅR tid, sjølv om den er tusener av år gamal. Og å være bokstavtru til skrifta gir ikkje meining.

Godt sagt! (1) Varsle

Gjenferdet inn var fantastisk. Eg gir bort boka eg har likt best i leseåret som gjekk til jul (den fysiske boka eg har lest altså), og det var fjorårets julegåve.
Denne helga er det berre aviser og restitusjon etter to lange og slitsomme veker med flyttesjau. Skal plukke opp igjen nokre av dei halv-avbrotne bøkene, men må få shaina huset fyrst. Når det er mykje på jobb (tar på å flytte sjukehus!) ser det alltid stusslig ut heime, så det er planen for resten av helga.
Så kanskje det blir ei god bok til kvelden.

Godt sagt! (1) Varsle

Fant fram denne boka for eit par dagar sidan, spent på lese !

Godt sagt! (0) Varsle

Denne boka brukte eg laaang tid på. Det er ei essaysamling om tortur, som høyres veldig nedslåande ut. Den er skreven av tolv ulike fagpersoner, så tekstane er ulike i stil. Alle er velskrevne, og alle gir auka innsikt i at tortur ALLTID er feil.

Godt sagt! (0) Varsle

Nei, ikkje lest noko anna. Heldigvis er sjansen framleis der!

Godt sagt! (0) Varsle

Ja, dette er ei bok eg har gode minner frå!! Vi las den og Vidis Hjorth si «arv og miljø» etter kvarandre i lesesirkelen, og det gav perspektiv på kor ulikt ein kan skildre levd liv.

Godt sagt! (2) Varsle

Eg har lest avstøtning, og det er rett og slett årets beste bok.

Godt sagt! (5) Varsle

Velskreven og lettlest bok! Eg fekk denne i gåve og plukka den med meg før ein flytur. Las heile boka på få dager - rett og slett svært interessant og tankevekkende, men òg godt formidla. Det er ikkje alltid sånn diverre. Tilrår den varmt, den dekker viktige aspekt ved historia som i for liten grad kjem fram ellers. Vi som samfunn, ikkje berre som kvinner, må takke Katti Anker Møller for ein enorm innsats!

Godt sagt! (2) Varsle

Fantastisk bok! Lenge sidan eg har lest noko så annleis, ville ikkje at den skulle slutte.

Godt sagt! (0) Varsle

Avstøtning er veldig bra så langt!

Godt sagt! (1) Varsle

Eg har lest ferdig «jeg kan ikke se mor noe sted», som eg måtte jobbe meg gjennom. Har starta på «avstøtning» av Ingrid Brækken Melve, og så langt er den vanskeleg å legge frå seg - hurra!

Godt sagt! (3) Varsle

Sist sett

PiippokattamarvikkisLaddenIngunn SKirstenLeseberta_23Morten BolstadMads Leonard HolvikEivind  VaksvikTove Obrestad WøienMarie HolterRavnStig TKjell F TislevollAnneWangBjørg L.SolNina SolåsTine SundalSigrid NygaardHarald KHildeE .DemeterelmeGodemineToneDagfinn JakobsenToveChristofferTatiana WesserlingGeir SundetKaramasov11Julie StensethDaffy EnglundReidun SvensliHelena EgretemorAnne Berit GrønbechEvaAnniken Røil