Ei av mine favorittbøker fordi ho har så mange kvalitetar. Godt språk, underfundig humor, lun eleganse, - og ein dose klassisk krim. Boka handlar slett ikkje om den blonde filmstjerna, heller ikkje om den bibelske sjøen. Men tittelen på boka er genial!
Boka startar som ein ungdoms-/ oppvekstroman der me møter 14-åringane Erik og Edmund ein sommar på det naive seksti-talet. Dei er blitt sende, saman med Erik sin eldre bror, til eit feriehus i dei svenske skogane medan far er heime i byen med den kreftsjuke mora. Både Erik og storebroren vert forelska i den vakre Ewa, men ho er forlova med den tøffe Kanon-Berra.
Så er det at "det forferdelige" skjer, og boka endrar litt karakter, - til ei meir klassisk kriminalhistorie med oppklaring heilt på slutten.
Hovudpersonen Erik har eit mantra han ofte messar for seg sjølv: "Kreft – Kjærlighet – Knulle – Døden". Slik kan også det viktigaste i livet oppsummerast.
Det som gjer boka så bra er ikkje krimhistorien, men skildringa av venskap og av prosessen frå barn til ungdom og vaksen.
Boka anbefalast varmt. Ho er både lettlest, vemodig og morosam.
Ei perfekt bok om du har sans for (å lesa om) det makabre og groteske. Rått, mørkt, ekkelt, spennande. Topp underhaldning!
Støttar forslaget om ein Bokelskere-app!
Enig. Historia er såpass sterk at eg av og til må ta ein pause i lesinga.
Som barn las eg Onkel Toms hytte, - den boka gjorde eit djupt inntrykk. Eg får nesten dei same kjenslene når eg no les Noen kjenner mitt navn.
Kva med Halldis Moren Vesaas sitt vakre kjærleiksdikt til Gisle Straume?
Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?
Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen,
opp og ned.
Innestengde i den vesle boksen
blir vi med eitt så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set i gang.
Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg boblar kvar gong
ei lita spenning:
Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar
og vi må ut?
Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.
Vi tar alltid heisen.
Det er en sommerdag for lenge siden
som roper meg tilbake gjennom tiden.
Den ligger lukket bak en hekk av klunger
blant hestemaur og gule tiriltunger.
Den vasser brun og barbent i en fjære
og lukter gammel tang og nybredd tjære.
Den rasper grønne kart av solbærbusken
og flyr til himmels i den høye husken.
Den ligger fjetret og fortapt på magen
og sluker Ivanhoe i eplehagen.
Den slåss på tørre never med venninnen
som sender krokketkulene på pinnen.
Den er et nystekt brød på kjøkkenbordet
og slåmaskinens knepring over jordet.
All lyd og lukt og smak og farge kommer
fra denne dagen i min barndoms sommer.
Som endte med den lykkelige smaken
av nyslått kløver og av rene laken.
-Inger Hagerup
Har du lest noe av Jim Thompson? F.eks "Morderen i meg" eller Innbyggertall: 1280.
himmelblå
asurblå
sett fra månen,
alle gatene (osende glohete) fattigghettoene
ser blå ut fra månen
der de drar i klosettsnorene
og rotter piler over søppelfjellene
ser det blått ut fra månen,
ti mil med røde baklys som bloddrypp
de nye vaskemidlene Super XX prisbomben
ser blå ut fra månen.
Avsvidde trær
hvor det har ligget en landsby
ser blå ut fra månen,
tante Sophie Fredrikstadbroen
din munn min elskede
blå blå
likeledes sett fra månen
klessnorer preventiver kaninbur
blåblå
frittsvevende i rommet
dreiende seg sakte om seg selv
asurblå
blåere enn himmelen
idetheletatt blå
- Rolf Jacobsen
Anbefalar Drømmenes land, De døde og Ravnene av Vidar Sundstøl. Desse tre bøkene, Minnesota-trilogien, er glimrande opplest av Ivar Nergaard.
I dag såg eg tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tro på nymånen.
Men det er vel den gamle.
- Olav H. Hauge
Har lest uvanleg mykje i løpet av det fyrste halvåret, og har fått mange gode leseopplevingar.
Desse tre bøkene har fått terningkast 6 av meg:
Ildvitnet - Lars Kepler
Flaskepost fra P - Jussi Adler-Olsen
Kompani Orheim - Tore Renberg
1) Gir som regel terningkast, fordi det er litt morosamt å vera kritikar ;-)
2) Terningkasta er som regel kjenslestyrt, og baserer seg ofte på dei forventningane eg hadde til den aktuelle boka på førehand.
3) Eg gjer det enkelt:
Terningkast 1 - Irriterande dårleg
Terningkast 2 - Dårleg
Terningkast 3 - Bra
Terningkast 4 - God
Terningkast 5 - Svært god
Terningkast 6 - Fantastisk
Ut frå boksamlinga di og ønskjet ditt om ein WOW-faktor, trur eg at Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafón passar bra.
Kristin Lavransdatter er eit godt forslag, og samstundes kan eg anbefala dei andre middelalderromanane til Sigrid Undset; Olav Audunssøn i Hestviken og Olav Audunssøn og hans barn.
(skrive til minnedagen 22. juli 2012)
skyt meg i venstre arm, og eg skal kalle såret solidaritet
skyt meg i høgre arm, og eg skal kalle arret samhald
skyt meg i kjeven, og eg skal heve røysta mi
skyt meg i kneet, og eg skal reise meg igjen
skyt meg i hofta, og eg skal løpe raskare
skyt meg i auget, og eg skal sjå verda klarare
skyt meg i brystet, og eg skal jobbe mot all urett
skyt meg i øyret, og eg skal høre dei nye røystene synge
skyt meg i hjertet, og eg skal rope: vår kjærleik lever
Frode Grytten
Elegant av Nesser, som vanleg. Dette var meir ei lang novelle enn ein roman. Lånte boka på biblioteket i ettermiddag, og er alt ferdig :)
Fordi eg liknar på Ava Gardner. Neida.
Ikkje enig. Etter mi meining er denne serien frå Svalbard veldig bra.
I utgangspunktet var eg nok litt skeptisk då eg starta på den fyrste boka (Hollendergraven). Kjendisdame som prøver å skrive krim liksom? - Men både bok nummer ein og bok nummer to (Kullunge) viste seg å vera velskrivne og spennande. Dessutan er Kristensen veldig dyktig på miljøskildringane. Personskildringane hennar derimot, er kanskje litt vage og "flate".
I denne bok nummer tre, er det to parallelle historiar. Forfattaren lukkast absolutt best på historia frå fortida, dvs. handlingane som går føre seg under 2. verdskrig på Svalbard og Nord-Noreg. Handlinga i boka hoppar fram og tilbake i tid, og ein lyt ha tunga beint i munnen når ein les. I store delar av boka veit me heller ikkje heilt kven hovudpersonen er.
Tittelen på boka, Operasjon Fritham, viser til ein militæroperasjon som gjekk føre seg i 1942. På førehand visste eg ingenting om Svalbard i krigsåra, så boka var absolutt interessant.
Ah, takk for tips. Eg (som egentleg er pysete og ikkje tåler synet av blod) tykkjer òg at engelske mordsaker er interessant.
Må i samband med det anbefala boka "Seks skudd ved stengetid og andre mord" av Richard Herrmann. Her presenterer forfattaren mange av dei mest kjende mordsakene frå England dei siste 100 åra.
Jeg vil absolutt anbefale de to første bøkene. Askepott, den aller første, er en pageturner fra ende til annen. Den finnes i pocket. http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=askepott%20ohlsson&p=1&r=2&cid=218007