Det er påskestemning i heimen- trass i merkeleg coronatid. Og i påska er krim heilt sjølvsagt her i huset. Har vore på bokhandelen og kjøpt ei tilbodsbok: Den stille uke av Sven Petter Næss. Ein norsk forfattar som er heit ukjend for meg. Har såvidt starta, og det verkar ok- sjølv om språket nok kunne ha vore betre redigert..

Har også ei anna krimbok på vent: Hvit død av Robert Gailbraith. Veit ikkje stort om den, anna enn at forfattaren er ansvarleg for Harry Potter bøkene.

Og om ingen av dei fenger, så har eg nokre krimperler i bokhylla som heilt sikkert toler ei gjenlesing.
Ha ei god helg, kos deg med boka di! ..og God Påske! :-)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Glassklokken må jeg sette opp på min leselist.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg avslutta Musikk fra en blå brønn i dag. Det gjorde nesten vondt å lese om så mykje einsemd som pregar kvardagen for Herdis. Nedreaas skriv poetisk, godt og set fokus på det som skjer i eit barnesinn som opplever så mykje avvising.
Det vondaste var å lese om straffa som Herdis måtte ta i mot av far sin då ho nekta å ete mat som ho opplevde som motbydelig. Vel var ho sta....men......

Det gjorde også vondt å lese om ei nesten usynleg Herdis i selskapslivet...ho vart halden utanfor - bevisst eller ubevisst...einsemda vart både stor og sårande.

Eg har leita opp «Ved neste nymåne, men eg trur eg er moden for noko mindre kjenslelada- så den skal få vente litt.
Men- Svært go litteratur er det!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

«Krig og poesi» - har nettopp avslutta det kapittelet.
Eg er fascinert over dei gode personskildringane av både vesle Herdis og dei vaksne ho må forholde seg til. Eg kan nesten både sjå og kjenne dufta av alt som omgir den vesle, einsame jenta og naturen, miljøet,....
Bildebruken er mellom det beste eg har lest!
Er lei meg for at ikkje har lese noko av Nedreaas før, men det kan bøtast på.
På loftet fann eg «Ved neste nymåne» i ei samling eg har arva frå ei i familien.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har ikkje starta meir enn at eg har henta heim ei eldre utgåve frå biblioteket. Det er ei skuleugåve med oppgåver og litt til, så her kan eg kanskje bli engasjert på meir enn ein måte?
Biblioteket har hadde den ikkje inne til meg, så eg sit med ei utgåve frå Nasjonalbiliotekt.
Kanskje denne er vanskeleg å få tak i? Eg trudde ikkje det, då..

Ser fram til god lesnad og god diskusjon!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Av diverse grunnar har eg ikkje fått lest så mykje hittil i dag, men håper å få til meir i morgon...Eg har begynt på ein av mine romar skaffa på mammut: Bursdagsgaven av Sue Monk Kidd. Det vesle eg har lest til no verkar lovande. Ei historie om sterke kvinner i Sør-statane i USA - og skal vere basert på verkelege hendingar.

Så har eg leita fram Dødevaskeren av Sara Omar.
Det er repetisjon av ei vond historie sidan den skal diskuterast i ein lesesirkel som prøver å få til eit møte. Det er ikkje lett i desse tidene med så mykje omsyn til smitte...
Boka er vond, vond - men viktig!

God helg til deg og alle andre som kosar seg med ei god bok!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg set også pris på å vere med på ein lesesirkel på nett...spesielt no i desse koronatider når det ikkje er så lett å få til den lesesirkelen eg er medlem av her i lokalmiljøet.
Er glad for at du Torill vil overta etter Kjell!

Eg synest det har fungert greit med inndelt litteratur- då får vi lese både nytt og gammalt. Det er mange godbitar vi kan få kjennskap i på den måten. Men, kanskje andre vil ha endringar? Eg er open for det meste.
Hadde elles vore kjekt å få med endå fleire....

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er sjelden vindstille på Shetland, men denne morgenen virket vinden fornøyd med å hviske, og sjøen lå stille bortsett fra noen små bobler av hvitt skum i vannkanten.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg vil også takke deg for den innsatsen du har gjort gjennom å organisere lesesirkelen på ein svært god måte! Det har vore kjekt å få lov ril å delta saman med fleire andre som er glade i litteratur.
Håper at du vil delta vidare i Bokelskere i debattar som vil dukke opp ....
Håper også at nokon andre vil ta over jobben?
Det er som Lillevi påpeikar - gjennom lesesirkelen les vi bøker vi kanskje aldri hadde starta på.

Igjen: Hjarteleg takk for innsatsen!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Nåde er at du kan gjemme deg i Gud i stedet for å gjemme deg for Gud.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Felicia, 18 måneder. Offer for to voksne mennesker som ikke skulle hatt barn. Snart måtte du ha sertifikat for å kjøre gressklipper. Men ikke for å ha ansvar for et lite vesen, fullstendig avhengig av deg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Haha, ja, det ser eg no. Eg trur eg har foreslått den ein to- tre gonger før. Hadde litt anelse om det, men sjekka ikkje...😉Ja,ja...den får no stå denne gongen også- den har no ikkje vore lest, då..

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mitt forslag er Allis sønn av Magnhild Haalke.
Det er ein roman som toler å bli lesen meir enn ein gong, og den kom i ny utgåve i 2020.

Litteraturkritikar Marta Norheim anmelde boka i I Nrk som eit Uhyre sterkt portrett av eit uvanleg barn.
Trur romanen frå 1935 kan ha noko å gi lesaren også i dag!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det kalde, flotte vinterveret held fram, ser det ut for. Det kan gjerne bli litt varmare no....
Elles blir det minimal feiring av fastelavn og morsdag i år, men bollar med krem blir det heilt sikkert!
På lesefronten går det seint, trass i at Mayday verkar verdt å bruke litt tid på. Håper at leselysta kjem seg etterkvart som temperaturen stig, så det går betre å kome seg ut.

God helg til allle!

Elles så blir nok bokhyllene endå meir overfylte. Naboen kom nettopp inn og gav meg fleire bøker som ho var ferdig med+ at på måndag skal eg hente bøkene eg har bestilt på Mammut!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Denne helgen rydder jeg i bokhyller,skal prøve å selge en del bøker,gi bort,og kaste noe.Slik blir det å rydde opp etter far. 😥💓⚘ men livet er nå slik. Ellers blir det å bestille på mammut utsalg. Skal begynne på "Den tredje stemmen.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Hei! Eg sit i godstolen og ser ut på det flotte, iskalde vinterveret vi har no. På bordet ligg Svarthuset av Peter May. Har lese den før, men sidan den skal diskuterast i lesesirkel om ikkje så lenge, så må eg lese ein gong til. Det blir eit bra gjensyn, trur eg.

Har også ei anna bok som skal lesast no: Mayday av Grethe Bøe. Det er Bøe sin debut som forfattar, så eg gler meg til å lese den.

Pow Wow er ei god bok, likte den godt!
Du får kose deg med boka di, og så må du og alle andre bokelskarar ha ei flotte helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg bar fått boka i hus, men eg trur den skal få returnere til biblioteket ulesen. Den frista meg ikkje i utgangspunktet, og slett ikkje meir no.
Eg rosar dei som kjem seg gjennom- og kjenner meg ikkje lei fordi eg kapitulerte...
Lukke til ynskjer eg dei som les og får ei god oppleving. :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

«En kjempe begravd» har eg lese, men det er nokre år sidan. Eg minnast at eg ikkje syntest den kunne konkurrere med «Resten av dagen» - den eg har likt aller best.

«Der krepsene synger» har eg lest to gonger alt, og ser ikkje bort frå at det blir fleire. God bok! ....etter min smak.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har fullført romanen, og opplevde den som både god og grusom. Ishiguro skildrar viktige hendingar utan å dramatisere...det vonde som hender er noko uunngåelig som er ein del av det samfunnet dei ei fødde ...eller muterte...inn i. Språkleg god.

Likevel- det grusomme kjem endå meir fram i filmen. Biblioteket hadde den, og såg den i går saman med gemalen. Han har ikkje lese boka - og bodskapen kom heilt uventa på han. Me vart nesten fysisk medtekne av å sjå det vakre, medmenneskelige i kontrast til vitskapeleg kulde.
Kan anbefale både bok og film - den krev litt av lesaren, men gir noko ein seint gløymer!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ishiguro skriv godt, ja! Eg har igjen ein igjen av romanen, og det er ein roman som gir noko - både på godt og vondt. Dei har filmen på biblioteket her, så den kjem eg til å låne til helga!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

EvaAlexandra Maria Gressum-KemppiBjørg  FrøysaaMorten BolstadHilde H HelsethMetteKirsten LundTove Obrestad WøienPer LundAnniken RøilIreneleserIngunnJRandiAEllen E. MartolBeathe SolbergEgil StangelandKristina Jernstrøm LyseboJulie StensethPiippokattaTom-Erik FallaTrude OmaBjørg Marit TinholtNicolai Alexander StyveKjerstiStian AxdalDaffy EnglundelmeEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MJan-Olav SelforsHilde Merete GjessingHeidi BAnne Berit GrønbechStig TSvein Erik Francke-EnersenTanteMamieBjørn SturødIngebjørgHeidi