I et uvær; hvor lenge må ei jente og en gutt være under samme tak før de ligger med hverandre?
Det fantes ikke trær her. Ikke et eneste et. Bare småkjerr, steinhus og beitemark. Ikke engang en mager ospestengel.
Hvordan kunne en snekker holde ut det?
Jeg hadde hørt at katter bare er seg selv sammen med den som gir dem mat, derfor er det bare kattens eier som ser den fra dens beste side. Det betydde at denne fortellingens ektepar, disse to som aldri selv hadde hatt katt og som følgelig var ukjent med hva kattehold innebar, de som selv nå bare drev med annenhånds kattehold, neppe noen gang ville få se Chibi på hennes mest bedårende.
På den andre siden kunne det tenkes at dette også innebar at vi derimot fikk se noe som aldri var eierne forunt; at hun hos oss åpenbarte sitt egentlige selv, aldri innsmigrende, uforfalsket, Chibi slik hun virkelig var - kunne ikke det være kilden til den magiske følelsen vi alltid satt igjen med når hun hadde vært her?
Det er ein del innslag av piperøyking i denne boka. Synd eg ikkje viste om dette på førehand, slik at eg kunne handle inn det aktuelle utvalet til lesinga.
Einar Hirifjell røykte Dunhill Early Morning pipe

og Gwen fiskar fram ei øskje med Three Nuns for at Edvard skal røyke på seg rett overklasselukt

medan bestefar Duncan i si tid heldt seg til The Balkan Sobranie Mixture.

Etter hektiske veker med travelt program
Er det endeleg frihelg, då kan det gå an
Å få symje ein tur, litterært, saman med
Dei som druknar med Mytting, i ro og i fred.
Eg likte den heller ikkje spesielt godt første gangen eg såg den, eg hadde venta ei anna type historie. Meir action og spenning, antakeleg. Men ved gjensyn nokre år seinare fekk eg ei heilt anna oppleving. Det er noko med stemninga i filmen saman med musikken som appellerer til meg.
For meg er boka uløyseleg knytta til Vangelis sin filmmusikk til Bladerunner.
Om jeg benytter et ord som skjebne, skyldes det ikke at jeg har noen spesiell forkjærlighet for dette ordet, men snarere at det den vesle katten førte med seg på sine stadig hyppigere visitter fra nabohuset, ikke kan beskrives på noen annen måte.
Ei herleg bok, dette, i den grad ein kan seie at skildringar av personar på skråplanet, eller på veg dit, er herleg. Ein fyl eit knippe personar i Stavanger-området gjennom nokre hektiske haustdagar, personar som normalt ikkje ville hatt stort med einannan å gjere. Men sidan omstenda er som dei er, så vevast lagnaden deira til ein viss grad saman.
Den skilde tenåringspappaen Pål er i pengeknipe, han har spelt på seg uhorveleg stor gjeld, og treng hjelp til å skaffe ein million eller der omkring. Han vender seg til eit knippe jevnaldrande som han så vidt kjende i ungdomstida, og som no er yrkeskriminelle, for å få hjelp til å dra i land ein forsikringssvindel. Døtrene til Pål er eit kapittel for seg, den eldste, Malene, er pynteleg og ordentleg medan Tiril er beintøff goth-jente. Klassevennina til Malene, religiøse Sandra, har forelska seg i barneverns-kasuset Daniel som ikkje er heilt trygg. Spesielt utrygt blir det når han kjem i skvis mellom Sandra og fostersøstera si.
Renberg har skrive ei lettlest og underhaldande tekst, tidvis humoristisk, men som også formidlar dei sterke kjenslene til fleire av dei involverte. Det er korte kapittel, og ein vekslar mellom å følge dei ulike hovudpersonane i forteljinga. Dei sekshundreogeitelleranna sidene flyg unna før ein veit ordet av det, og kjensla ein sit att med etterpå er at ein vil ha meir. Heldigvis har Renberg gjort noko med dette, han har skrive eit par bøker til med framhald til denne forteljinga. Skal lesast.
Av fleire artige detaljar, så merkar eg meg at snus er populært etter den apokalyptiske verdskrigen. Ja ja, noko skal ein vel ha å trøyste seg med.
No er helga snart omme, og travel den var
Det blei jobbing og køyring, men no er eg klar
For til veka så meiner eg det må gå an
Å bli ferdig med boka eg les av Xinran
Har lest berre nokre få sider enno. Det er ganske lenge sidan eg såg filmen, men eg meiner bestemt at korkje husdyrhaldet eller stemningsorgelet er med i filmen. Nedfallet og bruken av verneutstyr var også betydeleg tona ned i filmen i forhold til starten av boka.
Eg gjeng ut frå at stemningsorgelet heiter noko med "organ" i originalteksta. På engelsk har jo dette (minst) to tydingar, i tillegg til "orgel" kan det også tyde "organ".som i hjarte, nyre etc. Interessant dobbeltyding, som får ein til å tenke på korvidt den vanlege innbyggar er i ferd med å ta steget til å bli androider.
Frå den pålagde karriera i kavaleriet minnest eg at ein hadde begrepet stridslys om blenda lys på køyretya. Men det er kanskje ikkje dette det visast til i den aktuelle boka?
Nei, det var ein annan bokelskar som foreslo denne for nøyaktig eit år sidan.
Det er ikke de kriminelle som står for drapene i samfunnet.
Det er det kjærligheten som gjør.
Rudi har alltid ment at er det god lyd du skal ha, så er det bare å skru opp volumet, da hører du alt klart og tydelig.
Pär Lagerkvist er ein forfattar eg lenge har tenkt eg skulle lese noko av. Han fekk nobelprisen i 1951. Eg foreslo faktisk ei bok av han, Barabbas, i ei tidleg runde av lesesirkelen. Sidan den gang har eg fått i hus ei anna av bøkene hans, truleg den mest kjende, nemleg Dvergen. Eg saksar frå wikipedia:
Hans store gjennombrudd som forfatter kom med romanen Dvergen i 1944, hvor handlingen er lagt til renessansens Italia, og hvor hovedpersonen er vitne til Leonardo da Vincis arbeide med maleriet «Mona Lisa»; det er ikke vanskelig å se sammenlikningen mellom den tvers igjennom onde dvergen - bokens protagonist - og Adolf Hitler.
Jaudå, Dvergen av Pär Lagerkvist er mitt forslag til denne runda.
Jau, det stemmer.
Huff, boka var visst vanskelegare å finne tak i enn det eg hadde sett for meg. Ser at det er fleire som har hatt vanskar. Sjølv trudde eg at eg fekk napp på ein brukthandel, men det har eg kanskje ikkje fått likevel. Men eg fann boka på biblioteket, så eg er klar.
Ikkje på BokPåNett, håpar eg? Det var den einaste brukthandelen der eg fann boka, sende bestilling for snart ei veke sidan men fekk aldri nokon melding om at boka var sendt. Ringde innehavar, han sa han hadde problem med å finne boka, men skulle leite litt meir. Har framleis ikkje høyrt noko meir. Men boka er framleis annonsert til sals på nettsidene. Ja ja, det er vel ikkje så lett å halde orden på alt.
Uansett, eg er så heldig at det lokale biblioteket har eit eksemplar, som eg no har lånt. Så får det heller bero med å skaffe eit eige eksemplar.