En stor amerikansk studie på hvorvidt ekstra østrogen ville hjelpe kvinner i overgangsalderen, ble utført på flere tusen ... menn. Ikke en eneste kvinne var med. Det var vi heller ikke i en studie på brystkreft noen år senere. Også i medisinen er kvinnen det annet kjønn.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Men det er jo smigrende at politikerne tror at jeg, som på tirsdag ikke klarte å røre i min egen havregrøt, kan knuse velferdsstaten med mine egne hender.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Hvis du er en som
mistenkeliggjør syke

Giften du sprer, er fortsatt i luften når du selv blir syk.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Denne hadde eg gleda av å lese i sommar. Eduardo Halfons Den polske bokseren. En episodisk roman kom ut i 2018. Som undertittelen antydar handlar kvart kapittel om ein ny del av hovudpersonen Eduardo Halfon (!) sitt liv, og om dei menneska han møter. Kapitla er ikkje kronologisk sett opp, men det gjer ikkje at det vert vanskeleg å henge med. Særs godt språk gjer dette til kos for oss bibliofile.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er ikkje stolt av det, men fargeglad som eg er, er dette ei diktsamling eg ikkje ville valt sjølv, på grunn av den svart-kvit-grå framsida. Heldigvis anbefalte nokon boka til meg, truleg gjennom ei bokmelding i ei avis. For inni den grå innpakkinga fann eg gull. Sigmund Løvåsen skriv frå eit landbruks- og skogbruksmiljø, men her er òg kvardagslege observasjonar frå familien, naturen og bygda. Her er til dømes mange fine dikt om eika, eit treslag eg er svært glad i. Eitt av dikta er det lett å kjenne seg igjen i for ein jærbu som har vore med på steinhenting, om steinane som tilsynelatande veks opp av bakken. Anbefaler sterkt at du les Med øksene dei haustar inn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eurydike var i følgje ei gammalgresk segn gift med Orfevs, og døydde svært ung. Orfevs rørte underverdas gudar med musikken sin, og fekk dermed gjort ei avtale med dei om at han kunne ta Eurydike tilbake til livet. Kriteriet gudane hadde, var at han måtte gå framfor henne ut av dødsriket, og ikkje snu seg før dei var ute derfrå. Dette klarte ikkje Orfevs; han snudde seg, og Eurydike, som gjekk like bak han, måtte vende tilbake til skyggeriket. (Kjelde: snl.no) Denne segna er bakgrunnen for tittelen på diktsamlinga Eurydike snur, men Orfevs og Eurydike vert ikkje nemnt i teksten.

I første delen av diktsamlinga beskriv ein mann som nyleg har blitt enkjemann tida etter at kona er død. Han skriv til eit 'du', til henne. Det kan verke som om samlivet dei imellom ikkje gjekk heilt knirkefritt, men saknet no når ho er død er likevel stort. Denne delen er sterkast og best skriven, tykkjer eg, og kan, vil eg tru, vere til hjelp for andre i same situasjon til å setje ord på korleis sorga og saknet kjennest.

Den andre delen er, slik eg tolkar det, sett frå perspektivet til ho som er død. Ho fortel korleis ho oppfattar ektemannen sin etter hennar eige dødsfall, og minnest situasjonar frå samlivet deira. Også her finst det eit 'du', men denne gongen er dette duet han som er igjen i livet. Denne delen er litt vanskelegare tilgjengeleg enn den første delen, tykkjer eg, sjølv om det finst fleire fine og nokre veldig sterke dikt også her.

Om du skulle vere i tvil: Dette er ei veldig fin diktsamling som eg vil anbefale deg å ta deg tid til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lese fleire diktsamlingar av Linda Klakken tidlegare, og eg har likt det eg har lese. Eg liker korte, velskrivne dikt som gjev mykje meining på liten plass. Skriv ferdig boka om livet ditt er noko heilt anna. Ikkje fordi det på noko vis er dårlegare; det er bare annleis. I staden for dei små, korte, er heile denne vesle boka eitt einaste langt dikt. Eit sterkt, sårt, intenst og viktig eitt. Det er fullstendig utan punktum, utan at det gjer teksten vanskeleg å lese.

Diktet er historia om Adam og familien og vennene hans, frå Oslo aust, som lever liv vi eigentleg ikkje ønsker å høyre om, fordi vi liker å tru at det ikkje finst barn og ungdom som har det slik i Noreg. Desto viktigare er det at vi høyrer, at vi les. Takk, Linda Klakken, for at du har skrive denne!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ikkje så vanleg med portrett av forholdet mellom mor og son i litteraturen, har nokon skrive om ei av bøkene i dagens boktips. Det kan eg korkje gå god for eller avvise, men kan uansett konstatere at eg har lese to slike portrett den siste veka. Ei av dei er den biografiske romanen 'Mor om natten' av Niels Fredrik Dahl.

Mor til eg-personen gjev han ei handskriven bok, ei dagbok ho kallar "Nattboken", som ho har skrive i ein periode i livet der ho hadde det svært vanskeleg. Først tretten år seinare, fire år etter at mora døyr, tek han fram boka og les i henne. Lesnaden framkallar minne, både frå hans eige og frå mora sitt liv, og desse minna er det lesaren får ta del i, frå mora sin barndom i Molde, og til ho døyr, i Oslo, på ein sjukeheim, og vidare heilt fram til boka, denne boka, blir skriven.

Dette er ikkje nødvendigvis lysteleg lesnad; livet er ikkje alltid lysteleg. Her er mørkre, her er einsemd, her er lengt, her er depresjon. Likevel er boka ganske nøkternt skrive, og det ligg mykje kjærleik her, trass vanskane med å uttrykkje han. Eg som lesar blir berørt, og får mange tankar om eige liv og eigne relasjonar, men vert ikkje trist, og sit ikkje med tungsinn, korkje undervegs eller etterpå. Romanen er lettlesen, og med korte kapittel som driv lesaren framover.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når ein skal fortelje noko frå eige liv til nokon utanfor familien eller den næraste vennekrinsen, hender det ofte at ein må leggje til forklarande tilleggshistorier undervegs, for å få lyttaren til å forstå samanhengen i hovudhistoria. Nett slik er Eduardo Halfons roman 'Sorg' bygd opp, som ei samling anekdotar som til saman utgjer ei forteljing.

Forteljinga er ein del av livet til hovudpersonen, som til liks med novellesamlinga 'Den polske bokseren' som eg las og likte kjempegodt i fjor, heiter Eduardo Halfon. I 'Sorg' greier forfattaren nok ein gong å bruke materiale frå eige liv for på ein utmerka måte å vise lesaren ikkje bare verdshistorie, men òg kjensler og røynsler ein kan kjenne seg igjen i.

Med sine 94 sider er nok dette den kortaste romanen eg har lese, men den vil truleg stå igjen som ein av dei beste frå leseåret 2020. Dette er ikkje ein roman ein sluker, snarare ein ein må ta seg god tid med. Eg las fleire avsnitt to gonger, for her er alt viktig å få med seg.

Både 'Sorg' og 'Den polske bokseren' fortener ventelister på biblioteket og store salstal på bokhandelen, for desse vil du ikkje gå glipp av.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei siste dagane har eg lese Ragnhild Holmås si bok «Men du ser ikke syk ut». Boka er ikkje spesielt tjukk, ho har korte kapittel og fleire avsnitt i kvart kapittel, er godt skriven og lettlesen. I tillegg har ho ein solid porsjon humor innbakt, noko som gjer lesinga til ein fryd.

Ragnhild Holmås har i åtte år, sidan ho var 23, hatt ME. I «Men du ser ikke syk ut» skriv ho om erfaringane med eigen sjukdom, både med eigne forventningar til kva kroppen skal tole, sorga over at han ikkje toler det ho skulle ønske, men aller mest omverda og samfunnet sitt syn på hennar og andre sine usynlege sjukdommar. For denne lesaren, som har sjukdommar som gjev fatigue, er det svært gjenkjenneleg å lese boka, og eg har både ledd og grått i gjenkjenning undervegs.

Men i tillegg har boka vore augeopnande, bevisstgjerande. Her er skildringar av korleis ulike sjukdommar har blitt møtt opp gjennom historia. Visste du til dømes at ulcerøs kolitt, som i dag er kjent som ein autoimmun, kronisk tjukktarmsbetennelse, på midten av 1900-talet vart forsøkt læka med elektrosjokk og lobotomi, fordi han vart rekna som ein som ein psykisk sjukdom? Og at mødrene til menn som hadde sjukdommen vart kritiserte for ikkje å ha oppdrege sønene sine som ekte mannfolk? At mange sjukdommar som rammar flest kvinner opp gjennom historia, men også i dag, ikkje gjev status å forske på, og blir bagatellisert av helsevesenet, visste eg frå før av, men her systematiserer Ragnhild Holmås den kunnskapen (med kjelder), og gjer det til overveldande og sjokkerande lesnad.

Dersom du har ein venn, eit familiemedlem, ein kollega eller ein medarbeidar som har ein kronisk, «usynleg» sjukdom, vil du lære mykje, og truleg bli ein betre venn, familiemedlem, kollega eller sjef ved å lese boka. For helsepersonell og dei som arbeider i NAV eller andre instansar som eigentleg er til for å støtte blant andre den kronisk sjuke, burde boka vere obligatorisk lesnad. Dette er god og viktig lesnad, som blant anna vil lære oss at vi må akseptere at det er slik at nokon er sjuke, utan at vi kan «fikse» dei, og utan at det gjer dei til unnasluntrarar, bare til medmenneske.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Vi er i New York i 1946, bare eitt år etter at andre verdskrigen er over, og Grace finn tilfeldigvis fotografi av tolv unge kvinner i ein koffert på jernbanestasjonen Grand Central. Kapitla i romanen er markerte med kvinnenamn, og vi følgjer Grace i leitinga etter informasjon om dei tolv, Marie som let seg verve til ein mystisk jobb, og Eleanor som arbeider i ei britisk sabotasjeverksemd. Litt romantikk finst her òg. Romanen er ikkje størst i litterær kvalitet, men han er spennande, og som middel til å få tankane bort frå alt som har med coronavirus å gjere eit par dagar, fungerer han svært godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Biografien om sjimpansen Julius, skriven for barn som ikkje vaks opp med dette "fenomenet" i media og på plate. Kan det fungere? Ja, det meiner eg at det gjer, sjølv om eg er 46, utan barn i målgruppa, og har kunna Julius-songen i meir enn 30 år. Først og fremst fungerer det fordi Alfred Fidjestøl skriv så godt. Han gjer at lesaren koser seg, ler høgt, følgjer med i spenning, og til slutt må gråte ein liten skvett, trass i at denne lesaren faktisk kjenner til det meste av denne historia frå før av. Dessutan er det ei mengd fotografi i boka som òg dokumenterer livet til den kjende apen. Eg trur at denne boka vil fungere både som eigenlesing og som høgtlesing for den eigentlege målgruppa, som nok er barn i barneskulealder. Og eg trur ikkje at eg er den einaste med høgare alder som kan kome til å kose seg med boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Las du Kristopher Schaus 'På vegne av venner' som kom på Oktober i 2009? Ikkje? Då burde du gjere det no. Schau bestemte seg ein vinter for å gå i alle gravferder som vart arrangert av Oslo kommune i staden for av dei pårørande, fordi den avdøde ikkje hadde pårørande. Undervegs skreiv han ei slags dagbok frå dei ulike gravferdene. Boka er kort, alvorleg, men sterk, og svært, svært god.

Richard Ropers roman 'Noe å leve for', som kom på Vigmostad Bjørke i fjor, fekk meg til å tenkje på Schous bok igjen. Hovudpersonen Andrew arbeider nemleg i administrasjonen i ein bydel i London med å leite etter slektningar og arrangere gravferder til folk som døyr utan at det er dei pårørande som varslar om dødsfallet. Andrew vel ofte sjølv å gå i gravferdene der han ikkje finn slektningar, sjølv om det strengt tatt ikkje er del av jobben hans. Romanen handlar om misforståingar og løgner og om einsemd og vennskap, og er ei nydeleg forteljing som får (i alle fall denne) lesaren til å bli både oppløfta og veldig glad i Andrew og fleire av personane han har rundt seg. Som eg nok har nemnt i ei og anna bokmelding tidlegare, les eg veldig sjeldan bøker om att, men det er nok ein viss sjanse for at eg vil gle meg sjølv med denne romanen ein gong til om eit par år. I så fall les eg nok 'På vegne av venner' igjen i same slengen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Vi er så heldige," sa kjæresten min.
"Ja, vi er heldige," sa jeg.

"Å, du har nok mange år igjen," sa jeg trøstende til mor en sen kveld i vår.
"Å, jeg rykker stadig framover i køen," sa hun. Og så
åpnet hun en flaske vin, siden jeg kom på besøk, selv om
hun egentlig hadde lagt seg. "Men du verden så heldig jeg
er," sa mor, "som har det så fint - nå."
Nå - er det beste jeg har å gi
Nå - er en gave fra selve livet

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Båten sleit seg
og dreiv ut på fjorden
med bare meg om bord

årene lå igjen på land
neste dag kom uværet
i virkeligheten

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hver natt sover jeg alene
uten min imaginære venn
og når jeg åpner øynene
for å se om han likevel er i rommet
stirrer bare mørket tilbake
ikke hans mørke
ikke mitt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg vet ikke hvorfor
jeg trenger min imaginære venn

Min imaginære venn
sier det ikke er nødvendig å vite

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men hvis jeg skulle møte henne nå - og jeg tenker ofte at jeg skal det, at jeg går på trikken og der sitter hun, eller jeg er på biblioteket der hun jobbet, og får øye på henne innerst ved hyllene under det store veggmaleriet - så ville alt bli som før. La oss si at det ringer på døra, og at det er hun som står utenfor på trappen. Jeg ville lukke meg som en neve knyttes, som en dør slår i lås, det ville være umulig igjen, det som døden har gjort mulig: å avdekke styrken i kjærligheten mellom mor og meg. Den jeg avskrev mens hun levde, den jeg tenkte på som nærmest ikke-eksisterende - eller som jeg ikke ville ha.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ut av naturen
kommer morgenen
i fosterstilling

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skogene er angstens grense
under månens ny og ne
vår himmels vonde øye
langs denne barrieren
må jeg finne hånden
jeg skal leie i blinde

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Eivind  VaksvikRonnyKirsten LundLailaBård StøreLars MæhlumMcHempettG LPiippokattaToveOdd HebækRune U. FurbergHilde H HelsethReadninggirl30IngeborgBeate KristinritaolineJarmo LarsenCamillaTatiana WesserlingTove Obrestad WøienInger-LisejunieJohn LarsenFredrikDemeterLisbeth Kingsrud KvistenSynnøve H HoelAlice NordliKikkan HaugenTonje SivertsenAstrid SæverhagenBente NogvaAnne Berit GrønbechKetilIreneleserElin FjellheimHeidiVannflaskeHeidi Nicoline Ertnæs