Ja, også så aktuell!
Kjærleiks kjelde, moder milde, / eg so gjerne gråta vilde / attmed krossen hans med deg!
For Guds dårskap er visere enn menneskene, og selv Guds svakhet er sterkere enn menneskene.
En mann gikk ut for å så kornet sitt. Og da han sådde, falt noe ved veien; det ble tråkket ned, og fuglene under himmelen kom og tok det. Noe falt på steingrunn, og det visnet straks det kom opp, fordi det ikke fikk væte. Noe falt blant tornebusker, og tornebuskene vokste opp sammen med det og kvalte det. Men noe falt i god jord, og det vokste opp og bar frukt, hele hundre foll.
Den beste innføringa i tekstanalyse som er laga.
Mytar frå Meso-Amerika er fascinerande lesing, særleg i lys av den kulturblandinga om etterkvart oppstod: Kva er originalt mesoamerikansk om syndfloden, og kva er påverka av kristne førestillingar? Kva tenkte mesoamerikanarane omdødsriket? Pharo har eit instruktivt og perspektivrikt forord, til å få forstand av, og mange tilvisingar til vidare lesing. Bok er nyttig for den som arbeider med latinamerikansk litteratur, for her finst mykje bakgrunnsstoff for den magiske delen av den magiske realismen.
Aldri - aldri! - har eg lese (i dette tilfellet: høyrt på, for det var lydbok i bilen) ei så levande og samtidig vitskapleg korrekt (eg er ikkje spesialist på området, men kan nok ein del, ja, og faghistorikarane er visst einige om dette er svært godt arbeid) framstilling av ein person og ein epoke. Opplesinga til Hauk Heyerdahl understrekar både driven og drivet i boka, eit puslespel av historie, biografi, kulturhistorie, økonomi, stilistikk og - ikkje minst - komposisjon. For boka er framstillinga til minste detalj; det er nettopp akkurat der som kulturhistorisk og økonomisk tilleggsinformasjon passar, at dette stoffet kjem inn og dannar både krydder i og grunnlag for formidlinga av livet til og rundt Alv Erlingsson (som interessant nok speler ei rolle i Sigrid Undsets bøker om Olav Audunssøn ...).
Tenk å få lese dette her, då! Bind II i Vidarforlagets serie med omsetjingar til norsk av Platon inneheld "Charmides", "Laches", "Lysis", "Alkibiades I" og "Ion" (alle i omsetjing ved Egil A. Wyller). Desse dialogane er såkalla "sokratiske"; "man bringes til selverkjennende refleksjon," seier Wyller i forordet. Det har han rett i - slik er det å lese dette bindet!
Altfor fragmentert og tettpakka!
Altfor fragmentarisk!
ja, dette var svært presist sagt - og berre så det er sagt: Dette er den typen kriminallitteratur som eg liker. her tenkjer eg ikkje akkurat på den "todelte løysinga", men elegansen, miljøskildingane - og ikkje minst at vi møter individ og ikkje typar. Her er gåter, men spor som den tenksame lesaren kan oppdage og følgje.
Ja, slik er det ...
Du oppsummerer vel det som er å seie om denne boka - og du gir meg eit litt anna perspektiv på ho enn då eg las ho. Fint!
Så stort! Her er resultatet av utviklinga om vi ikkje endrar kursen: Språket bryt saman, livet bryt saman, vi degenerer framover. Viktig bok!
Eg ser at fire lesarar har ytra seg om "Vente, blinke", og eg deler vel oppfatningane som kjem fram her, sjølv om i utgangspunktet var meir kritisk. Men når eit forlag og bokklubbar går ut så kraftig for ei bok som tilfellet var her, hadde eg venta meg noko langt, langt meir. Eg las bokai 2009, og det er lite som sit att.
Utan tvil: Ei av dei vanskelegaste bøkene å trengje inn i av dei mange tusen bøkene som eg har lese. Men motstand kan avle innsikt; ein får ikkje kunnskap gratis, ikkje om djupare ting, i alle fall. Ingemund T. Askeland har gjort ein kjempejobb med å omsetje tekster frå gresk til norsk. Ofte kan det vere vanskeleg å vite kva system det er i terminologien hans, dvs. kva dei ulike omgrepa på norsk svarar til på gresk, men med ordlista bak i boka burde dette kunne gå. Askeland bruker som regel gode, heimlege ord, men ikkje sjeldan er syntaksen stiv og danskprega. På denne måten blir det eit stilbrot i denne norske utgåva; Bokklubben burde ha spandert på seg ein språkkonsulent til utgivinga av dette viktige verket. Likevel: Ein bragd, på mange måtar, verken meir eller mindre!
Forteljinga er rystande - om den tyske okkupasjonen av Frankrike og følgjene for ein landsby og ein familie. Sterkt, det får ein seie om dette tidsdokumentet. Så fint at denne romanen no er kommen ut ...
Her har eg til no ikkje hatt problem med å finne det som eg leitar etter - og uttrykka er riktige. Fin ordbok, verd sin pris!