Etter ein gjennomgang av DNAs ideologiske utvikling tek Godager opp det moderne sosialdemokratiet. Viktig for å forstå bakgrunnnen for politikken til dagens regjering. Men ikkje heilt klar linje i framstillinga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Midt oppe i Oxford Street, som het Tyburn Way den gangen, fantes det et vertshus hvor kjerren [med dem som skulle henges] stanset for at d edødsdømte kunne få en klunk å styrke seg på til det som gjensto. [...] Sack var en søt vin, omtrent som sherry - men det var sterkere saker å få for dem som kunne trenge det. Det fins beretninger om fanger som ble så rikelig forsynt at de var i ganske godt humør for resten av livet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er vel litt eldre, då, veit du ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men filmen bør du sjå. Takk for påminninga om boka som ligg til grunn for filmen. Eg ruker å vise filmen for elevane mine når vi driv med lyrikk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle unntatt fem, men er ikkje heilt ferdig med Platon-bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva med Ole E. Rølvaags, Johan Bojers og Vilhelm Mobergs romanar om norske innvandrarar til USA? Eller andre av Bojer?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvart år det siste tiåret har Martin Nag gitt ut minst éi samling med epistlar, notat og litt lengre tekster, for det meste om norsk litteratur, litteratur frå slaviske land, kvekarar og andre kulturelle emne. Han er ein surdeig og eitsenepskorn - det veks og gror; mange av tekstene er fragmentariske, men (nesten) aldri utan perspektiv, utan å vere innfallsport til ei ny side ved Ibsen, ved Munch, ved Hertervig. Han er open og inkluderande - som i kontakten med t.d. Knut Ødegaard og Hans Skjervheim - og hard - mot "vulgærmarxistene" og høgrekreftene. Denne gongen (2003) inkluderer samlinga ei kortfatta russisk litteraturhistorie ("Gullalder") og t.o.m. eit kort romanmanuskript ("Vår tids helt"). Kulturell vatning, dette her ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

God til å øve strukturar, gi oversyn over reglar og presentere ein del språkfunksjonar, men meir øvingar enn praktiske oppgåver. Og det er no praksisen vi lærer mest av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Endeleg eit menneske som er einig med meg om denne bokas plass i forfattarskapen hans! Eg har sett filmatiseringa òg, dømd nord og ned av mange, men å sitje i Granada og sjå ein film som for meg formidla stemninga i boka, var stort, uansett!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har arbeidd så mykje med språk, litteratur, kunst, mytologi og historie i antikkens Hellas at det var interessant å lese ei relativt kortfatta framstilling av Hellas etter 324 og fram til i dag. Etter kvart blir forholda kompliserte, med frigjering frå tyrkarane og borgarkrig og junta, og det er godt å ha ei bok om dette. Forfatatren trekkjer linjer og loser oss gjennom turbulente tider. Boka kjøpte eg i Tessaloniki; det var artig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nye korte og lange tekster av Martin Nag, "myter". Litt av kvart om Ibsen - småe registreringar av parallellar og inspirasjonar som, om dei hadde vorte behandla under eitt, ville ha gitt utdjupande perspektiv på Ibsens dikting. Som vanleg om Hamsun, Turgejev, Obstfeler, nilsen, Juel og Kollontay - korte tekster, men aldri utan ein ny innfallsvinkel som gir oss meir innsikt i forfattarskapane. Nag har funne ein artikkel av Cleng Peerson i Marcus Thranes "Arbeider-Foreningens Avis", ikkje mindre enn oppsiktsvekkjande! Og i tekstene om meir aktuelle saker om vår (is)tid finst det alltid spissformuleringar, mange svært treffande i sine karakteristikkar. Samlinga inneheld vidare to tekster av Johan Sigmundstad og ein studie av forfattaren over "Den formale metode", om sovjetiske forfattarar og andre åndsarbeidarar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg er udslidt. Efterskriften, - glem ikke den: / han leved og han døde som en paaholden Pen!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

HUSSEJN: Min Historie, Herre, er kortelig den: / jeg gjælder for et Sandhus og er en Pen. / PEER GYNT: Min Historie, Herr Pen, er i Korthed vævet, - / jeg er et Papirblad og blir aldrig beskrevet. / HUSSEJN: Hvad jeg duer till, har Menneskene ingen Forstand paa; / alle vil de bruge mig till at strø Sand paa! / PEER GYNT: Jeg var i en Kvindes Eje en sølvspændt Bog; - / det er en og samme Trykkfejl at være gal og klog!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I had noticed that both in the very poor and very rich extremes of society the mad were often allowed to mingle freely.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

What a weary time those years were - to have the desire and the need to live but not the ability.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

His mother made him stick his nose into a book and keep it there. She made him read all of his school books over and over, page after page. "He must pass his exams," she told me. It never occurred to her that maybe the books were wrong. Or that maybe it didn't matter.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt av eit konglomerat, dette - essay om fleire av dei nagske interesseområda. Eg har ingen problem med å støtte Nag i at fleire dikt han har funne i Bergens-pressa frå 1850-åra, kan vere skrivne av den unge Henrik Ibsen, heller ikkje i at det finst interessante parallellar mellom Lars Hertervig og Osvald Alving. Men eg trur at vi ikkje kan rekne med noka linje mellom Karl Marx og Marcus Thrane, for denne norske forkjemparen for småkårsfolk var nok heller påverka av dei utopiske enn dei vitskaplege sosialistane. Moglege kvekarmotiv hos Ibsen er nok noko på sida av dei faktiske forholda, men Nag skal ha takk for å trekkje kvekarane, denne grasrotrørsla for åndsfridom og mot embetsmannsstyret, fram i lyset. Her er fleire fine parallellar mellom kunstnarar av ulike slag - og fleire dryss av linjer mellom Ibsen, Bjørnson og Hamsun og dei russiske forfattarane. Eit portrett av Karin Boye i Sovjetunionen var nyttig lesestoff. Alt i alt: Blanda, men eit innslag i den gode strid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Visst er det fornøyeleg! Eg las heile boka i 1985, og det var som å høyre stemma til Richard Herrmann heile tida, same kor rask eg er til å lese. Det er særleg to sider som imponerer meg ved sida av syntaksen: Komposisjonen, av nesten klassisk retorisl oppskrift, og bruken av munnlege uttrykk som gir liv til framstillinga. men talefeil hadde ikkje James Hanratty; han uttalte framlyden i "thinking" som /f/, slik det er vanleg i ein engelsk sosiolekt. Mest inntrykk gjer historia om den tilbakeståande Timothy Evans, som vart uskyldig dømd. Det gjorde godt å ta fram boka no som eg i bilen lyttar til opplesingane på cd. Varmt, faktisk, i vinterkulda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hadde trudd at det skulle vere meir å finne her. Men forfattaren gir i alle fall ein kortfatta presentasjon av kvart skodespel - fleire gonger faktisk, under ulike overskrifter. Ein original vri, men skulle det vere "a guide", kunne ho vel ha presentert eitt og eitt skodespel?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Til jul i 1979 sendte Martin Nag meg ei fin bibliofilutgåve; "Rogalands Avis" hadde samla Nags artiklar i avisa om det han kallar "nedslag fra de store russiske diktere Gogol, Dostojevskij, Turgensjev, Tolstoj og Garsjin hos tre Rogalandsforfattere, - Garborg, Kielland og Obstfelder". Ja, her er mykje å ta av: Gogol og Kielland, Turgenjev og Garborg, Turgensjev og Kielland, Turgensjev og Obstfelder, Dostojevskij og Garborg, Dostojevskij og Kielland, Dostojevskij og Obstfelder, Tolstoj og Garborg, Tolstoj, ielland og Obstfelder og Garsjin og Obstfelder! Sjølvsagt las rogalendingane dei russiske kollegaene sine, sjølvsagt finnvi konkrete nedslag. Men dermed, om eg ein mannsalder seinare skal få offentleggjere innvendingane mine, er det ikkje sagt at alle parallellar er resultat av lesinga - tankar låg i tida, og det er heilt naturleg at forfattarane langt på veg var opptekne av det same. "Ekteskapsdramaet mellom Wenche og Carsten Løvdahl har noe tolstojsk ved seg," skriv den gode - i dobbel meining - Martin Nag; tja - men ikkje berre tolstjsk, lyt eg føye til, kanskje ikkje spesielt tolstojsk i det heile tatt? Bortsett frå slike tendensar til "overtolkingar" er heftet fullt av verdifulle jamføringar mellom åndsgigantar - eit flott hefte som eg er glad for å eige, med handskriven helsing.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

AnnaHarald KOle Jacob OddenesYvonne JohannesenKirsten LundGrete AastorpLyriaEgil StangelandBjørg Marit TinholtBjørg L.Ellen E. MartolAnneWangTove Obrestad WøienTatiana WesserlingJulie StensethMarit HåverstadmarvikkisVannflaskeAmanda AEli HagelundAud Merete RambølTanteMamieEivind  VaksvikSynnøve H HoelLene AndresenLilleviPiippokattaPär J ThorssonTor-Arne JensenEmil ChristiansenAvaAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminSigrid Blytt TøsdalAnne Berit GrønbechHelena EMads Leonard HolvikPirelliArvePer Lund