Skal eg tilrå ei bok om Provence, måtte det bli denne. Skriven med kjærleik - møte med menneska, landskapet og historia. Ein stor stilist, rett og slett, Tryggve Norum.
Det fine med språk er at ein alltid kan lære seg litt - og så byggje vidare på dette. Eg ville ikkja ha klart "Don Quijote" utan norsk omsetjing i tillegg, men eg konsentrerte meg meir om det som eg skjønte enn det som eg ikkje skjønte. I språk er det om å gjere åsjå framover, ikkje bakover. No kan eg handlinga betre, og det vil bli lettare å ta føre seg originalen ein annan gong. Slik går lesinga i spiral. Eg kan tenkje meg å lese bøker som "La mano de Fatima" for å styrkje spansken. Suerte!
Toppen av alle toppar: Odysseen i Loeb-serien, med gresk tekst og omsetjing til engelsk prosa. Livlegare litteratur finst ikkje! Og aldri blir eg ferdig ...
Ἄνδα μοι ἔννεπε, μοῦσα, πoʎύτροπον, ὂς μάʎὰ πoʎʎὰ / πʎάγχϑη ..., (Tell me, O Muse, of the man of many devices, who wandered full many ways ..."
Her er starten på ei av dei mest fantastiske forteljingane i verdslitteraturen, om den sløge Odysseus, som flakka så vide: "Ἄνδα μοι ἔννεπε, μοῦσα, πoʎύτροπον, ὂς μάʎὰ πoʎʎὰ / πʎάγχϑη," - som er og blir ein favoritt.
Eg likte denne litt spesielle historieboka, om ein oksitansk landsby frå 1294 til 1324, om korleis folk i dei ulike samfunnslaga levde. Om gjetarane, om kyrkja, om fattigdom og ekteskap. Eg kan ikkje nok om perioden til å sjå kritisk på framstillinga. Så lenge eg ikkje har sett innvendingar, koser eg meg med den detaljerte og godt dokumenterte boka, som får personar til å stige fram frå historia.
Nordiske barnebokforfattarar - Vestly, Egner, Lindgren, Rasmussen, Gripe, Lindqvist, Carpelan og Spang Olsen. Så fint - at NRK dengong bygde bru mellom dei nordiuske kulturane ...
Dette heftet fekk av Ivar Orgland, læraren min i islandsk, før eg skulle til Island i 1977. Sju år tidlegare hade NRK laga eit hefte med smakebitar på nordisk litteratur på originalspråka: Martin Andersen Nexø, H.C. Branner, Per Olov Enquist - og Albert Engström. Pluss humor i islandsk prosa og humor i islandsk lyrikk. Ja, det var tider. Ikkje berre hadde NRK eit ansvar for gode program til bruk i opplæringa, men dei nordiske landa hadde som politikk at vi i Norden skulle forstå einannan og lære språka som vi brukte. I dag kommuniserer mange svaenskar og nordmenn heller på engelsk med danskane. Uff, så flautt!
Dette heftet fekk eg av Ivar Orgland, læraren min i islandsk, då eg skulle til Island i 1977. Det er eit nordisk hefte, med litteratur frå dei nordiske landa i original språkdrakt. Eg visste ikkje om det frå før; det lyt vere uttrykk for at eg ikkje møtte det som gymnasisast. Synd, det - he rer så fine tekster; dei spennar frå svenske viser til vakre islandske dikt - ja, til og med Søren Kierkegaard vart presentert for unge menneske den gongen. Og i dag finst ikkje Skolekringkastinga meir. Joda, vi har Internett - men det er då ikkje det same, og ikkje så koseleg, heller.
No er eg ferdig med tredje runde med "DonQuijote" - fyrst på norsk, så på spansk og no på norsk att, som lydbok. God opplesing, med unntak av uttalen på ein del namn. Det blir neppe siste gonegn; André Brink har sagt at han les "Don Quijote" ein gong om året.
Nei, eg trur ikkje at nokon har sett parallellar mellom "Gildet på Solhaug" og ættesoger. Derimot bør du unne deg å lese "Soga om volsungane" før du tek føre deg "Hærmendene på Helgeland".
Einig med deg i at boka var best!
Ei av dei aller mest spennande bøkene eg har lese, med ein bodskap eg kan støtte opp under av heile mitt hjarte. Så mange aspekt, så mange innfallsvinklar. Ein absolutt topp!
Ja, det er det fine ved gode bøker. Fin å lese, fin å snakke om.
Gode minne knytte til høgtlesing på sengekanten her, ja! Så frodig,så finbodskap!
Ser poenget ditt, men eg synest skiljet mellom "lett" og - det spm sikkert då blir - "tung" er vanskeleg å operere ut frå, så eg går ut frå kategorien "god", og ser i kva grad bøkene ut frå tematikk, innhald og form bør få denne mekelappen. Og då er vi inne på det subjektive området. Om nokon ikkje deler vurderinga mi, synest eg det er heilt greitt!
Krohg.
Slett ikkje av dei verste lærebøkene - gode utval av eldre tekster, men noko rotete. Inviterer til mykje hopping att og fram. Kombinert med fagnettstaden verkar læreboka bra. Vi har dramatisert og kost oss. Her er ættesoger, Cervantes. Holberg og Shakespeare, og det verkar godt.
Eg er imponert over Shakespeareaktiviteten og -kunnskapen åt dykk som er med for fullt. Eg har lese rundt halvparten av verka tidlegare, og det passar ikkje inn i leseplanane elles å drive med Shakspeare no. Dumt, for det var jo han ein burde drive med. Men altså: All ære til dei aktive!
Om sorg og sakn, om tap og glede, om kjærleik og død. Om det å vekse opp. Ja, faktisk: Om livet, så mangfoldig det er. Og alle desse herlege romanfigurane, så forskjellige, så livlege - dei fleste teikna med varme og humor. Ein absolutt favoritt hos meg!