Jo, det passar nok best her, ja. På spansk er tittelen "Travesuras de la niña mala". "Travesuras" tyder "narrestrekar", "skøyarstrekar", det som ein gjer når ein er slem, og "mala" kan tyde "slem", "dårleg", "stygg", "ulydig", "rampete", "vonskapsfull". Eg synest likevel at "Rampejenta" kan vere ein treffande tittel på norsk.
Ramborg drog sine hender til sig.
'Jeg mente ikke slik heller, Simon. Men aldri har du holdt av mig slik som du holdt av henne. Enda leker hun i hugen din alltid - mig tenker du lite på når du ikke ser mig.'
'Det volder ikke jeg, Ramborg, at en manns hjerte er skapt slik, så det som blir skrevet på det mens det er ungt og friskt, står karvet dypere enn alle runer som ristes siden -'
'Har du aldri hørt det ordet som sier, at mannens hjerte er det første som kvikner i morslivet og det som døt sist i ham,' sa Ramborg sakte.
'Nei -. Er det et ord som sier slik -. Ja det kan vel være sant og.' Han strøk flyktig over hennes hvite kinn. 'Men skal vi iseng denne natten, så far vi nu legge oss,' sa han trett.
Historia di gjorde inntrykk. For snart eit snes år sidan døydde ein av elevane mine i ei ulykke. Ved båra tok eg utgangspunkt i Shakespeares 18. sonett.
Ja, Arkhilokhos er frodig. Jarvoll er dristig - ja, ikkje derfor, då - som gir seg i kast med dette: Mykje er vanskeleg å omsetje, for ikkje å seie gjendikte. Gjendiktarane har opp gjennom tidene valt mange ulike løysingar, og Jarvold kjem etter mitt syn heiderleg frå jobben, i alle fall i dei tilfella der eg for mange år sidan gjekk til originalen. Somme stader bruker han fantasien, men når ord manglar og der tydingane er mange, har han heller ikkje særleg anna å bruke.
Mario Vargas Llosa er emne for ein artikkel her, av Birger Angvik: Fin kommentar til delar av forfattarskapen! Oddmund Løkensgard Hoel er med på å oppklare korfor nynorsk (inntil vidare) ikkje er eit byfenomen, og Jon Hellesnes presenterer viktige sider ved Hannah Arendts tenking. Angrar ikkje på at eg byrja å abonnere att.
Akkurat!
Eg er likevel på ingen måte imponert over denne delen av Notakers litterære produksjon (kanskje det var fordi at eg liker han at eg hadde venta meir av han her), men kunne aldri tenkje meg å kvitte meg med boka, nei. Ho kjem nok til nytte. Ikkje rart at det flyt over av bøker heime hos eg ...
Kontingenten er ikkje så høg, då - og så får ein tidsskrift to gonger i året, er det vel ... Men eg hugsar ikkje heilt frå i fjor - kanskje litt meir å betale i inngangspengar for ikkje-medlemmer?
Caravaggio finst det mange bøker om. Dette er ein grundig biografi - ja, fyrst og fremst ein biografi, og ikkje utdjupande om kunstverka, men dei er med, både tolkingar og mange illustrasjonar. I Roma prøver vi alltid å få bu på Adriano, på Campo Marzio, der Caravaggio sjølv budde og der fleire dramatiske hendingar i livet hans utspelte seg, og nær kyrkja Sant' Agostino, med den vakre altertavla.
Sigrid Undset-selskapet (www.undset.no) har møte 16.3. kl. 19 i Aschehoug forlag. Kanskje reiser eg inn for å høre Elisabeth Aasen snakke om "Sigrid Undsets middelalder. Fra klosterkvinner til Kristin Lavransdatter".
Nei, men Lonely Planet ("Andalucía") har no fakta, i alle fall. I Historiebokklubben kjem det ei bok om Spanias historie. Det afrikanske kultursenteret i Oslo har fleire arrangement framover om den arabiske kulturen i Andalucía. Eg har ei bok om spaserturar i Granada. Alhambra-butikken i Granada har mange bøker, men eg hugsar ikkje titlane. Skal skrive når eg kjem på noko. Her (http://www.kosmikomiko.com/?cat=6) er litt lyttestoff på spansk.
Endå ein gong ferdig - om ein kan bruke det ordet om Sigrid Undsets bøker - med "Husfrue". Denne gongen var det ikkje mest forholdet mellom Kristin og Erlend som opptok meg mest, men forholdet mellom Kristin og faren, mellom Lavrans og Ragnhild og mellom Kristin og Simon. Foreldra blir ein viktig kontrast - men også parallell - til Kristins samliv med Erlend. Alt dette hadde forfattaren tenkt ut før ho skreiv bøkene. Ingenting vart endra av det opphavlege konseptet, berre skildringa av Simon Darre, som Undset var meir og meir glad i. Så var han då òg ein real kar.
Tastefeilen er retta. Blir neppe den siste. I ei bok av Næss som ein kamerat har, står det at Vergil har forfatta "Iliaden" (elle kanskje det var "'Aeneiden' av Homer). Og slikt gjer meg - halvt i spøk - skeptisk.
Får lyst til å lese "Den tvilende Thomas", men er skaptisk til lovtalene: I ei av bøkene sine skriv Næss om "'Iliaden' av Vergil"...
Ida Lorentzen fascinerer meg med måleria sine av rom. Her er ho saman med ein forøpar, dansken Vilhelm Hammershøi, på Blaafarveværket i 2005. Einndel av bileta hennes er laga som kommentar til replikkar i "Hamøet". Jo, her er samanheng med Shakespeare ...
På greskkurset eg var på i Delfi i 2005, hadde ein svensk professor ei fengslande førelesing om eit par namn i bysantinsk litteratur. Ho tilrådde, for vidare lesing, "Bysantinsk litteratur" av Jan Olof Rosenqvist. Eg lånte boka på biblioteket etterpå - og vart hekta på litteraturen i det bysantinske riket. Kanskje altfor kortfatta og overflatisk framstilling, men grei som innføring. Dette skal eg drive meir med!
'[...] What two letters of the alphabet are there that express perfection?'
'What two letters - express perfection? I am sure I do not know.'
'Ah! you will never guess. You' (to Emma), 'I am certain, will never guess. I will tell you. M. and A. Emma. Do you understand?'
Vakkert er det på Shetland, og det kjem så absolutt fram i denne boka. Shetland er hav og sand og øyar og moar - og fish'n chips rett frå havet. Det er Lerwick, med norsk kafé, og Scalloway, med krigsmuseum, nesten meir norsk enn skotsk. Øygruppa ligg nærmare Bergen enn London. Å sjå på dei vakre fotografia er boka er invitasjon til å lengte tilbake. Så er det vel også det som er meininga.