Så er det vel slik krig er: Dei lange, detaljerte endelause og breie skildringane av slagmarker og menneske under Napoleonskrigane viser nettopp kva krig gjer med oss. Om alt går raskare i dag der nede i det bombeherja Libya, så er elendet det same. Anders Ribu les for det aller meste godt, og kjem nesten med heider frå alle dei franske replikkane, men han les "et vous" som om det hadde stått "êtes-vous", og då blir resultatet komisk. Men for ei skildring av daglegliv i adelens salongar og hos offiserar og soldatar i felten!
Det skal godt gjerast å skrive to romanar som Beatles. Derfor synest eg at Saabye Christensen kjem relativt godt frå forsøket på ein roman nr. 2 om våre venner på nye eventyr. Eg kjøpte Bisettelsen då den boka kom, men ettersom eg ikkej hadde lese Bly, måtte eg ta Bly nå. Og eg ser at forfattaren skriv langt betre i Beatles og Bly enn i Visning og i den siste romanen. Språket svingar det enno av;eg kjenner mange stader att tonen frå Beatles, sjølv om Bly< vart ein liten nedtur ...
En meget god bok av en meget god forfatter. :)
Eg kjende Finn Pettersen, arbeidar-intellektuell, forlagsmann med trykksverte under neglane, ein av grunnstammane i arbeidet med å gi ut illegale aviser under den fascistiske okkupasjonen. Her fortel han om arbeidet i området rundt Drammen, Mjøndalen og Hønefoss - nervepirrande om sabotasjeaksjonar og reprsesaliar. Historikar var han ikkje, men til gjengjeld blir stoffet personleg og nært. Så fekk han då òg medalje av kongen til slutt. No er han borte, men han stod for meir enn éin spiker i Hitlerismens kiste. Med boka - tittelen er frå eit dikt av Inger Hagerup - og avisene har han skapt noko som lever. Sjølv var han stille og snakka lite om faren han utsette seg for for å styrkje motstanden.
Tredje delen har opna seg for oss (og eg har problem med å halde planen). Eg ser at det blir diskutert kor morosam og underhaldande romanen er – her lyt vi vel innsjå, som SynneM skriv, at smaken er forskjellig. Eg for min del koser meg over skildringane og parodiane, og slikt er morosamt nok for meg. Absolutt!
At smaken skifter, ser vi forresten i scena med oppkast, som kanskje var artig nok for 1600-talslesarane: “y al tiempo que Sancho llegó a mirarle la boca, arrojó de si, más recio que una escopeta, cuanto dentro tenía, y dio con todo ello en las barbas del compasivo escudero” (alt han hadde inne i seg, sprøyta han rett i trynet (skjegget, står det, bokstavleg) på den medlidande væpnaren) …
Dei yangüese, som dei kjem ut for, kan vere folk frå Yanguas (som to stader i Spania heiter), men det kan òg vere folk frå Galicia – her er det litt variasjon i tekstene.
I denne delen blir det tydeleg at referanserammene til vår helt – riddaren av det bedrøvelege åsynet – er eit fiktivt univers; han viser stadig til riddarromanane når han skal orientere seg i tilværet og overtyde Sancho Panza om noko. Det var dette som eg tenkte på, Annelingua, då eg tidlegare skreiv om at Don Quijote minna meg litt om Hjalmar Ekdal; i Vildanden – Rosmersholm – Hedda Gabler skriv psykologen Ingjald Nissen: “I ‘Vildanden’ er det Ibsen for første gang helt klart ser det individualpsykologien har kalt den fiktive ledelinje, hvorledes alle kompensasjonene sluttes saman til et konsekvent system, til en logisk avsluttet livsplan.” No kan vi vel ikkje snakke så mykje om kompensasjonar i tilfellet Don Quijote, om vi då ikkje skal sjå lesinga som flukt inn i ei verd der føydalismen enno lever i beste velgåande, at han kompenserer for tapet av ei verdsoppfatning ved å la seg sluke opp av riddaruniverset, men det var dette med hans “fiktive ledelinje”, som eg hugsa frå eg las Nissens bok for fleire tiår sidan, som eg sikta til.
Og det er han som har rett, om han aldri så mykje er galen. “Yo valgo por ciento,” slår han fast – sjølv gjeld han for hundre mann. Der Sancho høyrer breking, høyrer riddaren hestevrinsk, trompetskrall og tommedur – “¿Ni oyes el relinchar de los caballos, el tocar de los clarines, el ruido de los atambores?” Og så lite du veit om riddarvervet, seier han til væpnaren: “¡Qué poco sabes, Sancho, de achaque de caballería!” Og han blir berre styrkt i trua om at det er han som har rett: Han tek vertshuset for ei borg og blir behandla deretter.
Sancho Panza lyg, forresten; han seier at dei har vore på vandring ein månad, men berre tre dagar har gått sidan dei drog frå heimbygda. No kjem Sancho med et fyrste av alle dei ordtaka som han skal trekkje fram i tide og utide, ofte til stor fortviling for herren: “Váyase el muerto a la sepultura y el vivo a la hogaza” (“la den døde få ro i graven, og den levende brød i maven,” seier Grønvold og Kjær).
Gullkorn har dei visst, begge to. Tida lækjer alle sår, seier vi (det gjer ho vel ikkje, men vi lærer oss som oftast å leve med dei), og om hundre år “er allting glemt”, trudde Hamsun. “… no hay memoria a quien el tiempo no acabe, ni dolor que muerte no le consuma.
Så sluttar denne bolken med at Sancho oppdagar at dei har vorte ramma av den ulykka som Sancho heldt for den verste av alle, “la peor de todas”: “y fue que no tenían vino que beber”, at dei ikkje hadde att meir vin. Det er då artig, dette!
Dersom det ikkje er hundre noveller i alt, og utgåva seier ho skal vere komplett, manglar det kanskje eit bind. Men ofte blir det gitt ut eit utval av dei mange novellene.
Men Karin har Decameronen til sals.
Ei rekkje studentar skreiv i 1982 fornuftig om essayet, om Vinje, sjølvsagt, og om Sandemose, like sjølvsagt - og om Uppdal, Skjervheim, Økland og Kinck og endå fleire norske essayistar. Det er slike bøker vi bør ha.
Eg stussar lit over tittelen - "Sosialisme og litteratur" står det; legg ein då opp til konservatisme og litteratur, liberalisme og litteratur og Senterpartiet og litteratur? Ville ikkje "Sosialistar og litteratur" ha voreein betre tittel?
Vel, vel: Høgdepunktet her er komunisten Nordahl Griegs analyse av fascisten Knut Hansuns dikting. Men viktig å få med seg er òg Michael Puntervolds artikkel om Brad, Arvid G. Hansens "Bjørnsons sociale fredsdrøm", Olav T. Vegheims "Arne Garborg", Trond Hegnas "Bjørnstjerne Bjørnson og norsk samfundsutvikling" og Ivar Digernes' "Ibsen i sammenheng". For seg sjølv står ein av favorittane mine, Tryggve Norum, med ein artikkel han skreiv om Rudolf Nilsen. Tryggve Norum var fagdidaktikar i engelsk og fransk, og han omsette Charles Dickens og Alexandre Dumas til norsk. Betre kan det ikkje bli.
Så har vi artiklar om Olav Kringen (han som omsette "L'Internationale"), Georg Johannesen og fleire til, før ein fyldig sekvens med teoretiske perpektiv.
Det var meir liv i 1970-åra enn i dag.
CÆSAR JULIAN: Har du set rigtigt på dem, disse kristne? Huløjede, blegkindede, fladbrystede er de alle tilhobe; de ligner linnedvæverne i Byssos; intet æreshåb får lov til at spire i denne henrungende tilværelse; solen lyser for dem, og de ser den ikke; jorden byder dem sin fylde og de begærer den ikke; - alt, hvad de begærer, er at forsage og lide for at komme til at dø.
MYSTIKEREN MAXIMOS: Så brug dem, som de er; men da må du selv stå udenfor. Kejser eller Galilæer; - det er valget. Vær træl under redselen eller hersker i dagens og lysets og glædens land! Du kan ikke ville det modsigende; og dog er det det du vil. Du vil forene det uforenlige, - forlige de to, som ikke står til at forlige; derfor er det at du ligger her og rådner i mørket.
Ja, og eg gløymer aldri dramatiseringa av boka i Laurdagsbarnetimen, for musikken stod så godt til stemninga i boka og skodespelarane spelte så godt. Jo, eg var vel vaksen då serien gjekk, men heldigvis hadde eg ungar som alibi for å høyre på ...
Gennem Natten vil jeg høre
Dødningtorden rulle hen.
Det er mine egne Sange;
Havet føder dem igen.
Han er uløyseleg knytt til Skagen, diktaren og nmålaren Holger Drachmann. For kort tid sidan var eg ute på grava hans att, ute på Grenen, ytst på Jylland, der Skagerrak og Kattegatt møtest. Mange har kveldane i Drachmanns Villa Pax vorte, med song og foredrag. Derfor også ei diktsamling, redigert av entusiasten Poul Bernth, som aldri går trøytt av å formidle Drachmanns liv og dikting. Stor poesi? Nei. Rørande? Delvis. Tidsdokument? Ja! Nødvendig? Ja!!
Livet -
levede Holger Drachmann helt ud i alle hjørnene. På godt og vondt.
Poul Bernth
Livet kan være forbandet nok,
Værre det bli'r ved at klage;
Fremad min Bro'r! over Sten og Stok,
Og se dig aldrig tilbage.
Kjempemorosam lesing - og sikkert endå artigare på scena! Stykket er vel frå 1836, og det representerer ein forunderleg blanding mellom kritikk av samfunn (byråkrati, korrupsjon og maktmisbruk) og menneskelege svakheiter. Slikt får berre dei store dramatikarane til. Urkomisk med alvorleg over- og undertone!
Godt å vere til nytte! Vi har da så mye glede av Bokelskere!
Ei av dei absolutt merkelegaste romanane i verdslitteraturen, som eg merkeleg nok ikkje hadde oppdaga i løpet av mange års lesing av det som eg oppfatta som høgdepunkta i Frankrikes store litterære skattkammer. Så vart eg gjord merkasam på *Le Grand Meaulnes" - kjøpte boka i 2003, begynte straks å lese og vart oppslukt. Så merkeleg, så rart, så mystisk! Eingong skal eg ta meg tid til å utforske heimesida til romanen!
Når Lear vaknar opp att frå galskapen sin, er det ikkje lenger narren, men Cordelia, som er hos han. Gjennom den nye sinnstilstanden har han lært å forkaste den stoltheita han hadde tidlegare, og han har endra fullstendig syn på folk og samfunn. Han har ikkje noko ønske om å vinne trona tilbake; han talar til og med om hoffet med forakt. I akt V seier han:
Come, let’s away to prison;
We two alone will sing like birds I’ the cage:
When thou dost ask me blessing, I’ll kneel down,
And ask of thee forgiveness: so we’ll live
And pray, and sing, and tell old tales, and laugh
At gilded butterflies, and hear poor rogues
Talk of court news; and we’ll talk with them too,
Who loses and who wins; who’s in, who’s out;
And take upon’s the mystery of things,
As if we were God’s spies: and we’ll wear out,
In a wall’d prison, packs and sects of great ones
That ebb and flow by th’moon.
(V, iii, 8-19)
Ja, slik er politikken I det borgarlege samfunnet.
Til slutt i stykket blir Cordelia presentert som alternativet til både det gamle systemet og representantane for det nye – personar som både fryktar og hatar henne:
Patience and sorrow strove
Who should express her goodlist. You have seen
Sunshine and rain at once; her smiles and tears
Were like a better way.
(IV, iii, 16ff.)
Cordelia er lykelen til stykket: “Sunshine and rain at once” står for ein framtidig harmoni som skal oppstå på bakgrunn av dei to “rika” som står mot einannan. For dette er som hos Ibsen – “det tredje rike”, “no more, nor less”, uklart og “utopisk” (Thomas Moore skreiv litt tidlegare Utopia). “Mor, gi mig solen,” seier Osvald Alving i Ibsens Gengangere. Her er parallellar, her er linjer …
Cordelia (cor er “hjarte” på latin) representerer “a better way of living”, fjernt frå føydalismens rigide strukturar og det borgarlege samfunnets inhumane karakter (tese – antitese – syntese over to hundre år før Hegel!). Det er dette steget som Lear er kommen til, men dei eigenskapane og den livsforma som denne “better way” står for, er det ikkje rom for, verken i det gamle eller det nye samfunnet. Den nye tidas menneske tek livet av Cordelia. Også Lear lyt døy. Styret hans kan ikkje vende tilbake. Så har Shakespeare vist oss korleis ein konge kan bli menneske for så å døy, overvunnen av den historiske, nødvendige utviklinga.