På hovudet sette presten på seg "un birretillo de lienzo colchado". Den spansk-danske ordboka mi seier at "birrete" er "hue", "doktorhat" (eg skal til dokter 8.7. og skal sjå etter kva hovuplagg dei har på legesenteret), "dommerhat" (er ikkje orientert om kommande rettssaker) og "se birreta", som er "firkantet kalot, præstekalot" (dei nærmaste katolske kyrkjene er 4-5 mil unna). Ein "birretillo" er ei lita utgåve av birrete/birreta). Kalotten er vattert med av lin eller bomull - det verkar litt som pleonasme på meg å uttrykkje seg slik, men Cervantes var betre i spansk enn eg er.
Her har særleg analysen av Hedda Gabler hjelpt meg mykje.
Takk. Som sensor i norsk ser eg at svært mange elevar bruker semikolon der vi skal ha koon - og at lærarane deira tydelegvis ikkje har lært dei forskjellen. Fint at vi er fleire som driv med semikolon; dette teiknet er ein venn for livet, og det er med på å nyansere språket vårt. Godt å ha allierte!
Ja, eg har sett, med glede, at russisken har hjelpt meg i Den tsjekkiske republikken og i Serbia. Derfor er ikkje språk eit spørsmål om å kunne alt eller ingenting.
Eg har sendt eit svar til Ann Christin om dette. Det er aldri eit spørsmål om å kunne eller ikkje å kunne eit språk, men kor mykje - eller lite - ein kan. Det er då så artig! Praktiske ting i livet er det langt verre med.
Ja, russisk er vanskeleg. Eg driv med Pusjkin, men eg lyt stadig slå opp dei same glosene. Men eg gir ikkje opp.
Det fine med språk, i motsetning til f.eks. bilkjøring, er at det ikkje er eit spørsmål om anten - eller. Eg kommuniserer svært bra på engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk. Portugisisk har eg ikkje drive med på ei stund, men eg treng nok ikkje så lang tid på å komme opp på det nivået eg var på før der eg kunne prate med folk om daglegdagse ting. Heldigvis går det greitt å lese enkel portugisisk. Eg les klassisk gresk og latin ved hjelp av ordbøker og grammatikk. Litt nygresk kan eg òg, slik at at eg skjønner skilt i Hellas og kan snakke litt om daglegdagse ting og fortelje om meg sjølv. Eg klarer meg bra på islandsk. I russisk kan eg lese enkle tekster, og har lyst til å lære meir, for eg er ikkje så flink til å prate. I samiske språk og finsk kan eg enkle setningar berre, dessverre. Elles er eg glad i angelsaksisk. Eg har begynt å lære meg katalansk, og eg kan enkelte gloser i irsk og gælisk. Her har eg ein del å vinne gjennom vidare studium.
Folk er forskjellige. Min styrke er i språk; andre er sterke i andre ting. Merk deg semikolon-teiknet. Dette (folks intellektuelle profil) jamnar seg ut. Mange praktiske ting i livet er eg svak i.
Eg har skrive eit innlegg til Klassekampen som svar til ein som ikkje kan gresk. Det kjem kanskje på trykk i veka som kjem. Her brukte eg uttrykket "vere gresk". Eg brukr å seie at det r fint at noko er heilt gresk, for då er då er det jo mogleg for meg å skjønne det!
Her imponerte du! Eg er glad i mellomaldermusikk og -litteratur, men eg kan ikkje fagspråket i litteraturen! I Alhambra-butikken på Plaza nueva i Granada får ein kjøpt plater med slik musikk.
For det aller meste: jo.
Kven var vel nærmare til å presentere den vesle familien Henrik Ibsen, Suzannah Ibsen ogSigurd Ibsen enn Bergliot - dotter til Bjørnstjerne Bjørnson og gift med Sigurd Ibsen? Var ho for nær? Boka gir fine bilete av av dei tre, og eg ville ikkje vere utan denne boka. Innfallsvinkelen min til forfattarskapen deiora er op langt nær historisk-biografisk, men det høyrer med, det høyrer med, å kunne noko om familien.
Å. det var då det suste - i 1970-åra! Eg var sterkt ueinig med Knut Johansen i ein del av urderingane hans, og mykje meir einig med Willy Dahl, men då var det standpunkt, (usaklege) diskusjonar, men i alle fall engasjement! Her er teoretiske essay om litteratur og politikk, og her er analysar av Mauritz Hansen, Hans Jæger, Dag Solstad og Tor Obrestad - pluss mykje meir. Den gongen diskuterte vi litteratur og politikk, I dag er det stilt.
Eg har sett begge, den amerikanske på dvd og den sovjetiske i fjernsynet. Eg meine rå hugse at tittelen på den beste avdei (eg liker lltid den versjonen som er tettast opp til boka) var "Дон Кихот", altså så rett fram som det kan skrivast. Russisk er greitt slikt. Ordboka mi har liste over korleis meisterverka i verdslitteraturen er skrivne på russisk - kjenneteiknet på ei god ordbok, m.a.o.
Takk! Pinseferien burde vere på tre veker - minst!
Odysseen, William Shakespeare: King Lear, Miguel de Cervantes: Don Quijote, Victor Hugo: Lés Misérables og André Malraux: La condition humaine
Fint! Men dette med "hva det sjelden unnlater å gjøre" har han stole frå P.Chr. Asbjørnsen.
Ja, av dei betre, så absolutt. Nesten på linje med då vi dramatiserte eit islandsk eventyr og skulle ha enkle rekvisittar - og han som spelte Jesus, kom i sandalar.
Verkar som ein sympatisk type.
Takk for alle dei mange og positive svara så tidleg i Dickenssesongen! Eg er heilt einig i det som Strindin skriv. Eg kan prøve å kaste ut idear til hausten om korleis vi skal organisere lesinga. Og turen, Ann Christin? Her er det verre å love noko - eller kanskje "Something will turn up," som Micawber i David Copperfield ville ha sagt?