Der jeg kommer fra, har klengenavn som oftest en negativ klang, som Apen, Høg og Låg eller Brøst-Jensen. Selv det å bli kalt Einstein var ikke nødvendigvis positivt på Skogli.
At stilen er bevisst, det trur eg, ingen andre ville funne på å skrive på den måten, stikk imot alle skrivereglar;)
Jeg hang meg ikke så veldig opp i disse damene, følte at han ble forført av dem. Han forførte vel alle menneskene rundt seg, til å tenke nytt og utenfor boksen, var min konklusjon :)
Nå har eg lese mange godord om boka "Roman 2019", av Dag Solstad, men undrar meg over at få/ingen her på Bokelskere, nemner forma. Her har me ei bok nærast utan avsnitt, som kombinert med dei lange setningane og dei rette margane, gir ein tekst som er vanskeleg tilgjengeleg.
Kommafeila har me lese mykje om i media, så det seier eg ikkje meir om, men boka inneheld óg fleire andre grammatiske feil (bl.a ikkje konsekvent i bøying av verb).
Er dette utan betydning for leseopplevinga? Tør me ikkje kritisere Solstad? Eg personleg får øydelagt lesegleda av nettopp forma på boka.
Det kan nok vere - eg held nok på inkjekjønn fleirtal, ubunden form; dette inkluderer jo både Ragnhild og Didrik. Men ofte tenkjer eg at det er Didrik som ersjølve medmennesket ...
Om "svaret" på gåta hadde vore inkjekjønn eintall, bunden form (som det jo godt kan hende det er dekning for), ville ikkje Medmennesket vere noka modernisering, men heller uttrykk for den offisielle rettskrivinga som òg var gyldig på Duun si tid, men som han hadde ein fri omgang med. Heller ikkje Medmennesker ville vere uttrykk for modernisering, sidan denne forma tilhøyrer ei anna målform enn den Duun brukte.
Kunne vere interessant å få høyre korleis lesarane oppfattar tittelen Medmenneske: Er forma inkjekjønn fleirtal, ubunden form - dvs. at alle desse romafigurane er medmenneske for einannan? Eller bruker Duun inkjekjønn eintall, bunden form - dvs. at Ragnhild er medmennesket? Eller kanskje at Didrik er medmennesket? Han bruker jo ikkje -t i inkjekjønn eintal, bunden form, Duun ... I lys av sitatet "Folk var medmenneske, han hadde dei ikring seg og likte seg ved det" ligg vel den fyrste tolkinga nærmast?