Damals lebte sein Herz; Sehnsucht war darin und schwermütiger Neid uns ein klein wenig Verachtung und eine ganze keusche Seligkeit.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Også om diskusjonspartnaren har lese boka like godt?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg liker å sjå kva som blir brukt no for tida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hun knelte under høimessen, da erkebiskopen selv forrettet tjenesten foran hovedalteret. Virakskyene bølget gjennem den tonende kirke, hvor nu broget solksinn og vokslysglans blandet sitt skinn; den friske, krydrede røkelsesduft sivet utover og døvet lukten av armod og sygdom. Med hjertet bristende fullt av samkjensel med flokken av arme og såre, som Gud hadde stillet henne inn i, bad hun i en rus av søsterlig ømhet for alle som var fattige med henne og led som hun selv hadde lidd -.

'Jeg vil stå op og gå hjem til min far -:'

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kvar og ein får leggje opp sitt løp, med tanke på både form og innhald. Eg kjem ikkej så langt per dag, då ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har bestemt meg for å gjere opp status ein gong i månaden:

Hovudboka mi er for tida Mario Vargas Llosas Travesuras de la niña mala; eg håper å få lese mest mogleg av denne nobelprisvinnaren før neste pris blir delt ut. Samtidig driv eg alltid med ei bok innanfor religionsvitskap, akkurat no tekster av Meister Eckhart.

Vidare prøver eg å få ei stille stund etter oppvasken der eg fyrst les nokre sider i Thomas Manns Buddenbrooks, deretter litt i Platons samla verk på norsk (for tida bind 6) og så litt i Henrik Ibsens Kejser og Galilæer.

Elles har eg ein del faste innslag, så langt det lèt seg gjere:

På måndagar har eg ei lita økt med Markusevangeliet i ei tospråkleg utgåve av Det nye testamentet (gresk og engelsk). Teksta er ganske lett å lese på gresk, når ein fyrste er inne i språket og kjenner innhaldet frå før, men eg slår opp alle formene for å kunne arbeide så presis som mogleg.

På tysdagar bruker eg nokre minutt på Aeneiden, der eg i lang tid framover kjem til å halde meg til bind 1. Eg bruker to utgåver, både Loeb med prosaomsetjing og ei anna ei med kommentarar. Det er så artig å ta seg fram i latinen! Så logisk og systematisk!

Onsdagar set eg av til nokre få gloser i Pusjkins novelle “Пиковая Дама” (“Spardame”). Her går det sakte, men det går framover. Cesare Paveses La bella estate tek eg i detalj på torsdagar, mens eg på fredagar driv med italiensk grammatikk i verket In italiano 2. Laurdag og sundag ser eg på spansk grammatikk.

Eg prøver òg å lese bøker som eg har skaffa meg på impuls fordi eg trur at det er fort gjort å lese dei. Denne gongen er turen, etter lang tids venting, kommen til Lars Saabye Christensens Bly. Og ettersom eg driv så mykje med litteratur, les eg meir teori enn eg gjorde før; no er eg nettopp i gang med antologien Moderne litteraturteori.

Er eg på treningsstudio (to til tre gonger i veka), går ettermiddagstur (fire gonger i veka) eller (ein sjeldan gong) arbeider i hagen, har eg med mp3-spelar, og akkurat no går det i fyrste bindet av Tolstojs Krig og fred. Når eg køyrer bil aleine, har eg alltid på ei lydbok, og i lydbokverda er eg no i radioteaterversjonen av Keiser og galileer – og den er fin, den! Skulle eg måtte parkere og sitje og vente i bilen, tek eg fram ei bok som eg har liggjande der. No er dette Humaniora – en innføring. Denne boka bruker eg å ta med meg om eg lyt sitje meir enn to minutt på eit venterom.

Kvar sundag, i ei stille stund etter skogsturen og middagen, les eg nokre sider i eit stort verk som det danske forlaget Sfinx har gitt ut, redigert av Øystein Hjort: Arven fra Byzans. Det omfattar alle moglege tenkjelege sider ved det bysantinske riket, og kjem ekstra godt med no som eg repeterer Henrik Ibsens Kejser og Galilæer i “Henrik Ibsens skrifter”. Eg kan derfor trygt seie at eg i bokverda er ganske godt plassert i Bysants. I samband med Ibsen-prosjektet her i Bokelskere tek eg òg nokre sider i Ane Hoels Hvorfor Ibsen? - som om dette var noko å spørje etter.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fint å følgje utviklinga innanfor litteraturteori, frå Platon til Bergson. Nesten: Friedrich Engels kom med viktige bidrag til definisjonen av realisme, men er totalt fråverande (at Lukács dukkar opp i neste bind, kan ikkje erstatte denne mangelen).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For ein del år sidan sat eg kvar sundagskveld og koste meg med ei novelle om min litterære helt ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ALT. Eg snakkar frå hjartet. Men du kan jo bestemme om du vil ta novellene eller romanene (*A Study in Scarlet", kanskje, eller The Sign of the Four).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hadde eg fått høve til å fordjupe meg i ein annan litterær periode enn antikken, ville eg ha valt renessansen. Her står vi midt oppe i store endringar – ei gammal og ei ny tid står overfor kvarandre på alle område: Europearane kjem til nye land, antikkens ideal blir levande att, føydalismen lyt begynne å sleppe taket og ei ny sosioøkonomisk ordning er i ferd med å ta over. Mannen frå La Mancha blir galen og prøver å halde fast i den gamle ordenen. Og kong Lear blir menneske. Moralske normer blir kasta om – sjå berre, kjære Shakespeare-lesarar, på skaldens Sonnett LXVI, som meir enn noka anna tekst, med unntak av Don Quijote gir oss bakgrunn for King Lear. Jarlen av Gloucester gir i prosaform uttrykk for det same som diktaren sjølv seier i sonetten sin:

Love cools, friendship falls off, brothers divide: in cities, mutinies; in countries, discord; in palaces, treason; and the bond crack’d ‘twixt son and father. This villain of mine comes under the prediction; there’s son against: the King falls from his bias of nature; there’s father against child. We have seen the best of our time: machinations, hollowness, treachery, and all ruionous disorders follow us disquietly to our graves. (I, ii, 102–110)

Ver så god, bli galen, Lear. Ver så god bli galen, Don Quijote. Dette samfunnet er splitta. Lear er den typiske føydale kongen som uttrykkjer verdsoppfatninga til dei herskande klassene, det som Marx og Engels kalla ideologi. Lear. Gloucester, Kent og Albany representerer det gamle systemet. Men ei ny tid er i emning: Individualistane Goneril, Regan, Edmund og Cornwall deler verdsoppfatninga til det borgarskapet som no står på spranget inn i historia.

Dei “føydale” personane held på ei gudsentrert verd med verdiar frå mellomalderen, mens representantane for den oppstigande klassa deler verdiane til det kapitalistiske systemet: konkurranse og politisk machiavellisme. Lear snakkar om “[t]he offices of nature” som “bonds of childhood, Effects of courtecy, dues of gratitude” (II, iv, 176f.). Menneskesamfunnet bør altså, meiner Lear og tilhengjarane hans, underkastast dei same lovene som Guds samfunn. Derfor seier Gloucester at Lear “falls from his bias of nature” når kongen ikkje lenger oppfører seg i samsvar med den herskande ideologien.

Edmund har derimot eit heilt anna syn på verda:

Thou, nature art my goddess; to thy law My services are bound. Wherefore should I Stand in the plague of custom, and permit The curiosity of nations to deprive me. (III, ii, 1ff.)

For Edmund er ikkje naturen tradisjon og den gamle ordenen, men det motsette av Lears verdsoppfatning. Edmund er heilt klart ein mann som representerer den kommande borgarlege revolusjonen. Samfunnet er alt i oppløysing, seier narren:

When priests are more in word, than matter; When brewers mar their their malt with water; When nobles are their tailors’ tutors, No heretics burned, but wenches’ suitors. (III, ii, 81f.)

Dette skal eg gå vidare med i eit seinare innlegg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Gloria patri et filio et spirtui sancto, leste hun og kysset korset som hun hadde fått av sin far engang, ydmyg og takknemmelig for å kjenne, trass i alt, trass i hennes villsinn hadde dog hennes urolige hjerte fått fange et blekt glimt av den kjærlighet som hun hadde speilet i sin fars sjel,klart og stilt som den lyse himmel nu skimret tilbake fra det store tjernet ute i vidden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jo, eg ser parallellen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle distraksjon er komisk (sic). Og di djupare distraksjonen stikk, di betre blir komikken. Ein systematisk distraksjon slik vi finn den hos Don Quijote, er det mest komiske ein kan tenkje seg: den nærmar seg det urkomiske, slik ein kan gripe det i dets fødsel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så leste hun det siste Pater noster. Hun husket sin avskjed med faren her på dette sted for alle de årene siden, sin avskjed med Gaute for to dager siden. Av barnslig tankeløshet hadde hennes sønner krenket henne - like meget, hun visste at om de hadde krenket henne slik som hun hadde krenket sin far, med syndig vilje - det hadde aldri kunnet forandre hennes hjertelag mot dem. Det var lett å tilgi sine børn -.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hovedarbejdet vil blive gennem en Mangfoldighed af Kanaler at lede de Strømninger, som har deres Udspring i Revolutionen og Fremskridtsideerne, herind og at stanse Reaktionen paa alle de Punkter, hvor dens Opgave historisk er endt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mennesket har en fri vilje som det kan velge godt eller ondt med, og Gud gir det valget mellom døden for å handle ondt og livet for å handle rett.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har vore med i to slags lesesirklar, utan at vi gav aktivitetane dette namnet:

I ein periode på begge sider av 1990 møttest norsklærarane på skolen ein gong i halvåret til symposium – vi åt og drakk og tala om eit litterært emne. Det gjekk på omgang å vere vert, og verten valde tema, delte ut det som var nødvendig av ekstra lesestoff og heldt innleiing. Vi diskuterte emne som essayteori, essay av Trond Berg Eriksen, hesten i norsk litteratur, Platons Symposion og ein del andre ting som eg ikkje heilt hugsar. Det var godt å kunne diskutere fag på eit plan der vi følte oss heime. I dag er det mindre tid til slikt, for vi har så mange andre slags møte og lyt drive med papirarbeid. Men det er kanskje i slike samanhengar at ein treng å slå ut det faglege håret sitt?

Gjennom sytten år hadde ein kamerat og eg hundre møte om klassisk gresk. Vi møttest annankvar månad for å arbeide med ei tekst, for det meste av Homer. Den som var vert, stod for mat og språkleg gjennomgang. På denne måten klarte vi å dekkje store delar av Iliaden og Odysseen. Vi tok også ein del andre episke forfattarar, og vi såg på både språklege, litterære og kulturelle sider ved tekstene. Kvar haust leigde vi oss inn på eit pensjonat ein sundag der vi tok føre oss ei større tekst, helst ein tragedie, over ein heil dag, avbrote av skogstur og middag.

Sjølv om eg mest er individuallesar, om det er nok som heiter det, sette eg stor pris på desse arrangementa og skulle ønskje at eg var med på noko liknande i dag. Heldigvis har eg glede av diskusjonane om Ibsen, Shakespeare og Cervantes i Bokelskere!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ja. Eg har høyrt eit intervju med unge italienarar som har lært seg norsk nettopp på grunn av desse tekstene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

... desto gladere blir vi. Eg kan ikkje noko for at tekstforfattaren til denne songen gjer feil her. I denne samanhengen har vi leddsetning og hovudsetning. Her er "jo - desto" korrekt norsk. I "jo før, jo heller" har vi ikkje slike setningar, og da bruker vi "jo - jo".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Godt sagt - dersom eg hadde tenkt på denne typen konstruksjonar ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Inger-LiseTove Obrestad WøienlittymseRonnyEivind  VaksvikMarit AamdalAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRufsetufsaHilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelKirsten LundmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaPiippokattaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrineStine AskeStein KippersundIngunn ØvrebøGroKaramasov11GladleserBjørg L.Beathe SolbergbrekTove