Eg er heilt einig i di vurdering av boka. Forfattaren har greid å skildre den vanskelege barndommen sin med galgenhumor - og utan bitterhet. Ein les boka med klump i halsen og smil om munnen. Fint grep å skrive frå ein naiv 11-åring sin synsvinkel. Eg anbefalar boka på det varmaste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Alle mine kjære" av Alice Seebold. Den klarte ikke jeg å legge fra meg. Nydelig filma i fjor av Ringenes Herre-regissør Peter Jackson

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka er å få kjøpt som lydbok frå NRK. Det er høyrespelet som KjellG skreiv om. Gripande bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tykkjer lånekortet "norgeskortet" er fint å bruke.Med dette låner eg bøker på biblioteket i byen, og leverer dei att på vårt vesle lokale bibliotek. Elles har vi i nokre kommunar i indre Vest Agder eit biblioteksamarbeid der ein kan gå inn på nettet og sjå bokstammane til dei einskilde biblioteka.Ein kan bestille bøker frå desse.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Igjen ein kjempefin anmeldelse! Eg òg lika boka godt. Rebecca Miller, som forresten er dotter til den kjende dramatikaren Henry Miller, har skriv om Pippa som er blitt framand i livet sitt. Ho har levd for familien, har ikkje noko yrke eller hobby. Nå er barna vaksne, og ho og den 30 år eldre mannen har flytta til eit bustadområde for pensjonistar. Her trivst ho ikkje, - ho får etterkvart problemer. Forfattaren får gjennom tilbakeblikk på fortida fortalt om forminga av personlegdommen hennar. Det ser ut tilat ho finn seg sjølv til sist, - men eg tykker slutten på boka er noko kort og lettvint.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje lese denne boka ennå, men ho står på "skal lese-lista" mi. Eg høyrde intervju med nokre av bidragsytarane på radioen. Nokre brukar hijab, andre ikkje. Interessant å høyre på. Intervjuobjekta verka reflekterte og bevisste. Eg bestemte meg straks for å skaffe meg boka, og nå har din anmeldelse verka ytterlegare inspirerande til det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Spm 1: Var på biblioteket for fem dagar sidan.

Spm 2: Leverte bøker og lånte to nye.

Spm 3: Av dei fem sist lesne bøker har eg lånt Paktens voktere av Tom Egeland.

Spm 4:Hovudfunksjonen for meg er å låne bøker og eventuelt bestille. Viktig at biblioteket har eit godt utval bøker for leserane. I tillegg lokalaviser som kan lesast der.

Vi har bibliotek i tilknytning til butikk, så det er lett tilgjengeleg og ofte besøkt. Er med i ein bokring som får ha møter der ein gong i månaden.(Etter stengetid).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I Storbritannia og USA har flere forlaget knyttet til seg barn som førstehåndslesere, nettopp for å finne ut om bøkene treffer målgruppen. Harper Collins har blant annet noe som heter "First Look". Her får de ærlige tilbakemeldinger om hva barna mente om den aktuelle boken. De norske forlagene forsøker vel noe liknende med en ny barnebokside, tror jeg.

Jeg var på et foredrag under bokmessen i London hvor nye titler ble presentert, og her ble flere av bøkene fremlagt med sitater om hva barna selv hadde sagt om dem.

Når jeg skriver om en bok for barn eller ungdom, forsøker jeg blant annet å ta utgangspunkt i om boken passer målgruppen. Det er flere tilfeller hvor jeg har skrevet at boken ikke fenget meg, men hvor jeg mener den vil gjøre nettopp det for målgruppen.

Jeg tror heller ikke vi skal undervurdere barn. De er forskjellige, og en bok som oppleves lite tilgjengelig av en person, vil ikke oppleves slik for en annen. Jeg tror også at et omslag har svært mye å si, samt bibliotekarer. Da jeg gikk på skolen ba jeg ofte om tips fra skolebibliotekaren.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg likar mange lyrikarar, men dei eg set høgast, er Jan Magnus Bruheim, Haldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. Her er eit av yndlingsdikta mine:

UM Å BERA

Skapte er vi te bera,

og lette børene for kvarandre.

Til fånyttes lever ingen. -

Men våre eigne bører

skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi

som ikkje kan delast av andre.

Men fattigsleg, liti og arm er den glede

som du vil ha åleine:

Hjelpelaus er den

som ikkje har nokon å hjelpe

og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum

turkast han inn - - -.

Den mann ber tyngste børi

som ingenting har å bera.

JAN MAGNUS BRUHEIM

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kan du muligens meine ORD OVER GRIND av Haldis Moren Vesaas? Dette har blitt bruka å lese i bryllaup.

  • Du går fram til mi inste grind,

og eg går fram til di.

Innanfor den er kvar av oss einsam,

og det skal vi alltid bli.

  • Aldri trenge seg lenger fram,

var lova som galdt oss to.

Anten vi møttes titt eller sjeldan

var møtet tillit og ro.

  • Står du der ikkje ein dag eg kjem

fell det meg lett å snu

når eg har stått litt og sett mot huset

og tenkt på at der bur du.

  • Så lenge eg veit du vil koma i blant

som no over knastrande grus

og smile glad når du ser meg stå her,

skal eg ha ein heim i mitt hus.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For meg er FAGERT ER LANDET den finaste songen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig i at boka er interessant og spennande. Eg er imponert over Tom Egeland sin kunnskap i historie, - norrøn, egyptisk, europeisk og ikkje minst religionshistorie. (Egeland er visstnok svoren ateist). God kunnskap om kodar ser han òg ut til å ha. Sjølv om romanen er lagd til fleire tidsplan og bevegar seg til mange stader og land, klarer Egeland å halde ein tydeleg tråd i handlinga.

Boka verkar truverdig, tykkjer eg, - bortsett frå slutten.Her blei det altfor mykje action etter min smak. Erik Hivju er god opplesar,- berre litt irriterande med trykk på feil staving i nokre framandord.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig i det du skriv, ei nydeleg, lita bok. Eg tykkjer språket er godt og poetisk. Las boka for ei tid tilbake, og har lytta til lydboka nå. Ei bok som kan lesast fleire gonger, - av meg iallefall. Ein lærer litt om silkeproduksjon, og ein får høyre om å reise frå Frankrike til Japan i det 19. århundre. Gjennom Europa, Russland, Sibir og Kina. Det er òg ei kjærleikshistorie. Boka er lita, med korte kapittel, men forfattaren får sagt mykje med få ord. Her kan ein vel seie "Less is more".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne boka drog eg tilfeldig ut av hylla på folkebiblioteket ein gong i tenåra (15-16 år), og eg blei totalt oppslukt, og sette grå har i hodet på foreldra mine (dei gjorde jo alt galt meinte eg då). Kunne tenkt meg å lese den igjen no når eg har nokre fleire år på baken :-) for å sjå om eg blir like oppslukt (er heldigvis ferdig med barneoppdragelsen, men det kan jo komme barnebarn...).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

BOKEN

-Den riktige bok er en havegrind

til et land du får skjenket som gave.

For enhver står den åpen! enhver kan gå inn

og bli gjest i en eventyrhave.

-De skjønneste planter, hvis blomster er ord,

står stille og gror her i haven.

Her er det bokstavenes trollmenn bor,

og svinger med tryllestaven.

-En bok er en rikdom, en bok er en venn,

og kan vel ditt vennskap fortjene,-

for han som har lært seg å lese i den,

blir aldri på jorden alene.

ANDRÈ BJERKE

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er er saman med arkeologen Bjørn Beltø på jakt etter gamle, religiøse skrifter. Vi har vore på Island og i Norge. For tida er vi i Egypt. Men me vi må vere på vakt, for i hælane på oss har vi ei gruppe skruppellause araberar som er ute i same ærend. Vi har så vidt berga oss, - til nå iallefall. Eg har det meir interessant og mykje artigare enn då eg var med på å løyse DaVinci-koden.

Paktens voktere av Tom Egeland.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Forfriskende krim med mørk og kul heltinne. Keye Street minner litt om Anita Blake, synes jeg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forfatteren trekker tråder tilbake til 1880-tallet. Forteller om eierskifter over hvem som eide grunnen som nr.13 ble bygd på. Hvem som bygde gården. Hvilke materialer som ble brukt. Historien om familiene som flyttet inn der på 20-tallet og fram til i dag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er ei bok eg tek fram igjen og igjen. For ei nydeleg bok! Vakre akvarellar med motiv frå plante- og dyreliv. Edith Holden hadde verkeleg auge for nyansane i naturen.Fine dikt og sitater i tillegg til dagboknotatane. Ei dekorativ bok som er fin å ha liggjande framme.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er saman med Mma Ramotswe (frå No. 1 Ladies`Detective Agency) ute på landsbygda i Botswana for å løyse ei litt komplisert sak. Elles nærmar det seg bryllaup for sekretæren Mma Makutsi. Koseleg og sjarmerande bok.

The Saturday Big Tent Wedding Party av Alexander McCall Smith. (Bok nr 12 i serien)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

marvikkisKirsten LundBjørg L.PiippokattaMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamieVannflaskeTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefotAvaTrine Lise NormannlittymseKjersti SIngebjørgIngunn SSissel ElisabethEivind  VaksvikEllen E. MartolJoannAneEgil StangelandAmanda ACatrine Olsen ArnesenGro-Anita RoenBente NogvaLinda NyrudAnn ChristinMarianne MRonny