Det har vore lite lesning denne helga, men eg har begynt på 'Fare, fare krigsmann' av Marge Piercy. Denne boka har eg lese fleire gangar tidlegare, så eg veit eg har gode lesestunder framfor meg.
Eg lurer på det samme. Godt du tok ansvar og spurte :)
Edit: etter å ha tenkt litt til, kan det vere ei forkorting for young adults?
Bobsey- barna, ja. Dei hadde eg heilt gløymt. Las mange av dei, og sjølvsagt Nancy Drew! Dei alle første 'krimbøkene' eg las var historien om Gulltopp. Andre som hugsar dei?
Ei anna bok eg las om og om igjen var 'Syv små australiere' av Ethel Turner. Denne boka kan framleis få fram tårene.
Eg hugsar ikkje kva eg las som heilt liten men eg har mange gode minner knytt til mellom anna Astrid Lindgren, Roald Dahl, Anne Cath Vestlye. I tillegg hugsar eg at Evi Bøgenæs sine bøker var veldig populære i 10-12 års alderen. Og så har eg framleis eit nært forhold til Den løyndomsfulle hagen, Lille Lord Fauntleroy, Frendelaus og ikkje minst Anne fra Bjørkely!
Mi faste laurdagsrutine i mange år var å gå på biblioteket, låne mange bøker, handle lørdagsgodt og så rett heim for å lese :)
Høgtlesing der ein les i lag er veldig bra! Fordelen er at ein kan velge litt meir avanserte bøker, noko som kanskje fengar meir, utan at barnet blir heilt motlaust av tekstmengda. I tillegg er det ofte slik at høgtlesing er meir stimulerande for ordforrådet enn eigenlesing, nettopp på grunn av at tekstar barna skal lese heilt åleine ofte blir enkle. For ein med lesevanskar tenker eg at det nok er viktig å lese noko som stimulerer leselysta, slik at han får lyst å lese meir.
Min son på 7, snart 8, er glad i fantasybøker av ulike typar. Taynikma er ein serie som har fenga han. Desse bøkene har ein del tekst, men og illustrasjonar med snakkebobler. Dei er gjerne noko avanserte for ein med lesevanskar, men om vaksen og barn byttar på å lese vil nok kanskje desse bøkene kunne passe. Andre bøker som har vore populære hos guten her i huset er seriane om Alvedronningens riddere og Alvedronningens barn, og Sagaen om Sigurd. Som du kanskje ser er det fantasy, riddarar og sverd som er greia for tida, men så lenge guten er fornøgd må vel eg berre tåle ein aldri så liten overdose med sånt.
Nei vel.
Eg forstår kva du meiner, men eg forstår ikkje heilt spørsmålet ditt til Lotte. Ho skriv at litterært sett er boka middels, men tematisk interessant (om ein vil lese om det aktuelle emnet). Dette syns eg er ei heilt kurant forklaring på kvifor boka ikkje bergtok ho, men likevel anbefaler den til andre. Og difor tillot eg meg å svare, på heilt generelt grunnlag, på korleis ein lesar nokre gonger kan anbefale bøker ein sjølv ikkje falt heilt for. Eg meinte ikkje å uttale meg om denne spesielle boka, og det har eg ikkje noko grunnlag for å gjere heller då eg ikkje har lese boka.
Men om du oppfatta at eg svarte for Lotte, så beklagar eg innblandinga.
Ok. Mitt innspel var tenkt som ei forklaring på kva som kan gjere at nokon anbefaler ei bok som ein kanskje ikkje syns er kjempegod. Det var ikkje tenkte som eit svar på kva Lotte syns. Eg forstår at du var ute ett svar frå Lotte, men sidan dette er eit diskusjonsforum tenkte eg det kanskje var interessant å vite noko om kva andre syns om saken og. Men det er mogeleg eg formulerte svaret mitt dårleg.
Beklager, det skal aldri gjenta seg! Eg har truleg misforstått konseptet her på bokelskere. Har heile tida tenkt at private samtalar, der andre ikkje er velkomne med innspel, foregår i innboksen, og at opne trådar på forumet er tilgjengelege for alle. Så feil kan ein ta!
Eller kanskje boka ikkje falt heilt i smak sånn litterært sett, men at ho fekk noko ut av å lese om emnet? Og så er det jo greit å vere open for at andre kanskje likar boka, sjølv om den ikkje direkte bergtok denne lesaren?
Mulig det er forfattaren si skildring av personane som er problemet då. Eg oppfatta iallefall både historia og persongalleriet som kunstig og lite truverdig.
Det er ei fantastisk bra bok, som eg har lese fleire gangar, både på norsk og engelsk. Eg har inntrykk av at det ikkje er så mange som kjenner til den, men eg anbefaler den iallefall på det varmaste. Det er begynt å bli nokre år sidan sist eg las den, men eg kjenner at det freistar å ta fatt på den igjen.
Fare, fare krigsmann (Originaltittel er Gone to soldiers) av Marge Piercy er ein av mine favorittbøker. Den handlar om ti ulike personar, 6 kvinner og 4 menn. Nokre av dei er i slekt, andre møtast under ulike omstende i løpet av krigen. Romanen går føre seg på fleire ulike stader, mellom anna i USA, Frankrike og i Stillehavet.
Begynte på, og las ut, Ida Løkås si 'Det fine som flyter forbi' i dag, og veit ikkje heilt kva eg skal ta fatt på no. Held på med Store forventninger av Charles Dickens og, men den krev litt meir ro enn det to eigne og nokre av naboane sine barn greier å gi meg :)
All I hope is that my sister feels beautiful, and her new guy makes her feel beautiful. I hope that Craig doesn't make Sam feel that her prom isn't special just because he's older. I hope the same for Mary Elizabeth with Peter. I hope Brad and Patrick decide to make up and dance in front of the whole school. And that Alice is secretly a lesbian and in love with Brad's girlfriend Nancy (and vice versa), so nobody feels left out.
Ja, det kan nok vere ein ganske betent debatt og :) Men til tross for at eg er glad i skriftspråket mitt, og ivrar etter å behalde det, så blir eg ikkje personleg fornærma av at andre meiner noko anna. Men eg kjenner den sorten og, og tenker som så at det må vere utruleg travelt å ta alle motstridande synspunkt som personlege fornærmelsar :)
For min del trur eg det har mykje med vane å gjere. Det fins flest bokmålsbøker, og det er det eg er vand med å lese. I tillegg var det iallefall tidlegare sånn at nynorskbøker var noko eg måtte lese ( alt av skulebøker og liknande), medan bøkene eg sjølv valde å lese ( for morro skuld) oftast var på bokmål. Så nynorsk litteratur har muligens blitt assosiert med plikt for min del?
Det har vore lite lesing i starten av det nye året, så eg hels framleis på med Store forventninger av Charles Dickens. Håpar på ei god leseøkt denne helga!
Du treng ikkje forklare! Eg har vel i grunn sjølv eit noko ambivalent forhold til mitt eige skriftspråk. Eg prøver å vere konsekvent og nokolunde korrekt når eg skriv, og ønsker å behalde nynorsk som skriftspråk. Men eg er ikkje så glad i å lese skjønnlitterære tekstar på nynorsk. Det vil seie, eg kan gjerne lese barnebøker, men av ein eller annan grunn vel eg sjeldan å lese 'vaksenbøker' på nynorsk .