Dette høyrest interessant ut. Eg har lese fleire bøker av Dickens, men ikkje The Picwick Papers. Kan tenke meg å vere med på å lese denne, eg òg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er med norske kongar på herjingar både i austerveg og vesterveg. For tida saman med Olav Trygvasson. Det har vore harde tak med kriging, innebrenning av fiendar, røving av gods og menneske. - Eg heng framleis med.....

Snorre Sturlason Kongesoger. (Lydbok)

Interessant å lese om kvar Odin kom frå, og korleis han blei opphøgd til gud. Dette har eg forresten lese om før i boka Jakten på Odin av Tor Heyerdal og Per Lillienstrøm. Han bruka Snorre som kjelde for jakta i tillegg til andre europeiske skrifter.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kom over dette diktet av INGER HAGERUP:

-Det lukter ofte godt av bøker/ en lukt som også er en smak

av noe du er sulten etter/ men som bestandig ligger bak.

-De første ord på første side/ forteller ikke alltid stort.

Les videre. Snart vil du føle/ at boken lever. Det er gjort.

-Den handler om en edel vebner/ som ble til ridder. Det var da.

Din bok er sikkert annerledes./ Og den er sikkert like bra.

-Der får du venner, som du alltid/ kan stole på i smått og stort.

De venter på deg like trofast/ selv om du legger boken bort.

-Så merkelig det er å leve/ på denne merkelige jord

der lukt og smak og sorg og glede/ blir levende av noen ord.

-Der kan du være midt i verden/ selv om du sitter i en krok

alene i din egen stue/ og bare leser i en bok.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Jeg leser Hulebjørnens klan av Jean M.Auel etter å ha sett den siste boka hos bokhandleren. Veldig interesang, man lærer mye om steinalderen. Har planer om å lese de neste bøken også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lesing tar mykje tid, men det er då tid til andre interesser òg. Glas- og porselenmaling, lage ulike ting av glas (englar, fuglar, fiskar, smykke mm). Elles har eg gått på nokre kurs i italiensk, og prøver etter fattig evne å halde kunnskapen ved like. Har òg planar om å friske opp fransken.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skal seie du les planmessig og strukturert! Er storleg imponert! Mykje interessant stoff. Men det verkar som om di veke har fleire timar enn vanleg, - med alt du rekk....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På I-pod: Recent years av Kate Morton, på CD: Snorre Sturlason Kongesoger, bok: Fatimas hånd (som eg les periodevis med lettare stoff innimellom).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er heilt einig i di vurdering av boka. Forfattaren har greid å skildre den vanskelege barndommen sin med galgenhumor - og utan bitterhet. Ein les boka med klump i halsen og smil om munnen. Fint grep å skrive frå ein naiv 11-åring sin synsvinkel. Eg anbefalar boka på det varmaste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka er å få kjøpt som lydbok frå NRK. Det er høyrespelet som KjellG skreiv om. Gripande bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg tykkjer lånekortet "norgeskortet" er fint å bruke.Med dette låner eg bøker på biblioteket i byen, og leverer dei att på vårt vesle lokale bibliotek. Elles har vi i nokre kommunar i indre Vest Agder eit biblioteksamarbeid der ein kan gå inn på nettet og sjå bokstammane til dei einskilde biblioteka.Ein kan bestille bøker frå desse.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Igjen ein kjempefin anmeldelse! Eg òg lika boka godt. Rebecca Miller, som forresten er dotter til den kjende dramatikaren Henry Miller, har skriv om Pippa som er blitt framand i livet sitt. Ho har levd for familien, har ikkje noko yrke eller hobby. Nå er barna vaksne, og ho og den 30 år eldre mannen har flytta til eit bustadområde for pensjonistar. Her trivst ho ikkje, - ho får etterkvart problemer. Forfattaren får gjennom tilbakeblikk på fortida fortalt om forminga av personlegdommen hennar. Det ser ut tilat ho finn seg sjølv til sist, - men eg tykker slutten på boka er noko kort og lettvint.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje lese denne boka ennå, men ho står på "skal lese-lista" mi. Eg høyrde intervju med nokre av bidragsytarane på radioen. Nokre brukar hijab, andre ikkje. Interessant å høyre på. Intervjuobjekta verka reflekterte og bevisste. Eg bestemte meg straks for å skaffe meg boka, og nå har din anmeldelse verka ytterlegare inspirerande til det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Spm 1: Var på biblioteket for fem dagar sidan.

Spm 2: Leverte bøker og lånte to nye.

Spm 3: Av dei fem sist lesne bøker har eg lånt Paktens voktere av Tom Egeland.

Spm 4:Hovudfunksjonen for meg er å låne bøker og eventuelt bestille. Viktig at biblioteket har eit godt utval bøker for leserane. I tillegg lokalaviser som kan lesast der.

Vi har bibliotek i tilknytning til butikk, så det er lett tilgjengeleg og ofte besøkt. Er med i ein bokring som får ha møter der ein gong i månaden.(Etter stengetid).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg likar mange lyrikarar, men dei eg set høgast, er Jan Magnus Bruheim, Haldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. Her er eit av yndlingsdikta mine:

UM Å BERA

Skapte er vi te bera,

og lette børene for kvarandre.

Til fånyttes lever ingen. -

Men våre eigne bører

skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi

som ikkje kan delast av andre.

Men fattigsleg, liti og arm er den glede

som du vil ha åleine:

Hjelpelaus er den

som ikkje har nokon å hjelpe

og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum

turkast han inn - - -.

Den mann ber tyngste børi

som ingenting har å bera.

JAN MAGNUS BRUHEIM

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Kan du muligens meine ORD OVER GRIND av Haldis Moren Vesaas? Dette har blitt bruka å lese i bryllaup.

  • Du går fram til mi inste grind,

og eg går fram til di.

Innanfor den er kvar av oss einsam,

og det skal vi alltid bli.

  • Aldri trenge seg lenger fram,

var lova som galdt oss to.

Anten vi møttes titt eller sjeldan

var møtet tillit og ro.

  • Står du der ikkje ein dag eg kjem

fell det meg lett å snu

når eg har stått litt og sett mot huset

og tenkt på at der bur du.

  • Så lenge eg veit du vil koma i blant

som no over knastrande grus

og smile glad når du ser meg stå her,

skal eg ha ein heim i mitt hus.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For meg er FAGERT ER LANDET den finaste songen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig i at boka er interessant og spennande. Eg er imponert over Tom Egeland sin kunnskap i historie, - norrøn, egyptisk, europeisk og ikkje minst religionshistorie. (Egeland er visstnok svoren ateist). God kunnskap om kodar ser han òg ut til å ha. Sjølv om romanen er lagd til fleire tidsplan og bevegar seg til mange stader og land, klarer Egeland å halde ein tydeleg tråd i handlinga.

Boka verkar truverdig, tykkjer eg, - bortsett frå slutten.Her blei det altfor mykje action etter min smak. Erik Hivju er god opplesar,- berre litt irriterande med trykk på feil staving i nokre framandord.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig i det du skriv, ei nydeleg, lita bok. Eg tykkjer språket er godt og poetisk. Las boka for ei tid tilbake, og har lytta til lydboka nå. Ei bok som kan lesast fleire gonger, - av meg iallefall. Ein lærer litt om silkeproduksjon, og ein får høyre om å reise frå Frankrike til Japan i det 19. århundre. Gjennom Europa, Russland, Sibir og Kina. Det er òg ei kjærleikshistorie. Boka er lita, med korte kapittel, men forfattaren får sagt mykje med få ord. Her kan ein vel seie "Less is more".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

BOKEN

-Den riktige bok er en havegrind

til et land du får skjenket som gave.

For enhver står den åpen! enhver kan gå inn

og bli gjest i en eventyrhave.

-De skjønneste planter, hvis blomster er ord,

står stille og gror her i haven.

Her er det bokstavenes trollmenn bor,

og svinger med tryllestaven.

-En bok er en rikdom, en bok er en venn,

og kan vel ditt vennskap fortjene,-

for han som har lært seg å lese i den,

blir aldri på jorden alene.

ANDRÈ BJERKE

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er er saman med arkeologen Bjørn Beltø på jakt etter gamle, religiøse skrifter. Vi har vore på Island og i Norge. For tida er vi i Egypt. Men me vi må vere på vakt, for i hælane på oss har vi ei gruppe skruppellause araberar som er ute i same ærend. Vi har så vidt berga oss, - til nå iallefall. Eg har det meir interessant og mykje artigare enn då eg var med på å løyse DaVinci-koden.

Paktens voktere av Tom Egeland.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KSolveigMorten MüllerKirsten LundAvaPiippokattaTanteMamieToveEgil StangelandEvaAlexandra Maria Gressum-KemppiBjørg  FrøysaaMorten BolstadHilde H HelsethMetteTove Obrestad WøienPer LundAnniken RøilIreneleserIngunnJRandiAEllen E. MartolBeathe SolbergKristina Jernstrøm LyseboJulie StensethTom-Erik FallaTrude OmaBjørg Marit TinholtNicolai Alexander StyveKjerstiStian AxdalDaffy EnglundelmeEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MJan-Olav SelforsHilde Merete GjessingHeidi BAnne Berit Grønbech