Tommel opp for forslaget ditt!
Eg har lese "Den gamle mannen og havet" før, men det er så lenge sidan at det går heilt sikkert fint med ein repetisjon. Det er ei god bok som tåler godt å bli lesen igjen! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

No fekk du iallfall meg til å gå tilbake til diskusjonen vi hadde! Det var ei bok som gav mykje, og mange gode diskusjonsinnlegg vart det!
Eg måtte faktisk gå til bokhylla og sjå om boka verkeleg står der, og det gjer den, takk og pris! Fekk nesten lyst til å lese den igjen...:-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er ei bok som ser svært interessant ut. Kan gjerne tenke meg å lese den. Men er den ikkje svært lang? Etter det eg kan sjå, er den rundt 800 sider?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nokre gode forslag er det, men hadde vore flott om endå fleire hadde eit godt tips til felleslesing. :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Elle, melle...har eit par eg kunne tenkt meg å foreslå! Men, trur eg har bestemt for Hans Fallada og hans Hva nå lille mann ..mi utgåve heiter "Lille mann, hva nå".

Boka fekk mykje positiv omtale då den kom ut, og den er filmatisert- om eg ikkje tek feil. Eg las den på tysk i mi tid som student, og den norske utgåva har stått på vent lenge.
Kanskje det kan vere aktuelt å lese om framvekst av nazismen no i vår tid?

Likte også godt "Alle dør alene" som vi las saman for nokre år sidan.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

No lurer eg på...Har du fått boka, Jostein? Eller ventar du framleis? :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Blir gjerne med, eg! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Siste side er lest, og det er ei bok eg har likt godt - ei bok som meisterleg skildrar gleder, sorger og medmenneskelege tilhøve i eit samfunn som strevar med kvardagen.
Eg er så enig med Lillevi som seier i si gode bokomtale at Lidman skildrar godt og presist, humoristisk og respektfullt.

Er glad for å ha delteke i ei felleslesing av ei god bok, og med mange refleksjonar som har krydra innhaldet. Hjarteleg takk!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg er no eit godt stykke inn det trivelege, men også fattegslege Multelandet. Eg har stifta bekjentskap med "den blide Hilda og fem sønner.- Fem gutter kan bli fem sprengladninger under Myren, selv om faren er en tufs."s 37
Eg har treft Nordmark som skjønte at "den som ikke eter, heller ikke kan arbeide" s 42 - og eg har mora meg kostelig over Hadar som strevde med hår i nasen. Lo høgt, då ja!
Det er ikkje få situasjonar Lidman skildrar, og eg fekk no litt medkjensle både med lærar og elevar på kalde vinterdagar.
Har heldigvis nesten halve boka igjen!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Så er eg tilbake etter nokre dagar på reise, der Multelandet måtte bli att heime! Vi greidde å kome oss til reisemålet og heim, trass i omfattande flystreik.
No gler eg meg til å gå i gang med romanen, trur den har mykje å gi!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då greidde biblioteket å skaffe meg ei utgåve av boka - ei gamal utgåve frå 1979. Den ser ut til å ha hatt ein del lesarar her den ligg med gulna sider. Likevel - det skal bli kjekt å lese om hendingane i Multelandet! :-)

PS...har lese nokre få sider her eg sit i solsteiken, og dette ser ut til å bli fornøyelig! Har ledd høgt....

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sjølv om eg har lese ei ok krimbok no i påska, så har Mamma er en gåte bergteke meg fullstendig!
Forfattaren er lege i Norge, og fortel om kva som gjorde at ho fekk ei altoppslukande interesse for å forske på autoimmune sjukdommar generelt - og leddgikt spesielt.
Ho fortel på ein måte som gjer det lettlest og svært interessant.
Denne anbefalar eg- dei fleste kjenner nokon som er ramma av leddgikt/ revmatisme.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Då håper eg biblioteket kan skaffe meg boka. Har ikkje lese noko av Lidman før, så det blir ei ny erfaring - ei god erfaring håper eg.
God påske til deg og! ...og takk igjen for at du tek jobben med organiseringa! :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Takk for det. Kjem sikkert til å lese boka om ikkje lenge, uansett kva som blir resultatet av valet. :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Håp er viktig!

Har nettopp avslutta ei bok som er prega av sterke kjensler, stor sorg- men håpet gjer det vonde og vanskelege litt lettare.
Det er den første boka av Carolina Setterwall, og det verkar svært personleg og sjølvopplevd.

Carolina og Aksel levde godt saman - med både gleder og sorger - og hadde saman vesle Ivan som gret litt i meste laget. Når Ivan er 8 mndr gamal, finn Carolina Aksel død i senga om morgonen.
Sorga og fortvilinga tek nesten knekken på henne. Einsemd, sjølvbebreiding og fortviling gjer dagane vonde. Heldigvis hadde ho folk rundt seg som kunne trå til når det vart nødvendig.

Likte boka nesten heilt gjennom, synest kanskje det ikkje hadde skada å redusere litt...Men, ho skriv godt.
Kanskje ei bok som kan egne seg til diskusjon om korleis det er å miste nokon som står ein svært nær?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var opplyst her at kjøp av bøker fra Amazon ikke var stort nok/tilfredsstillende.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ved videre søken fant jeg denne forklaringen;
an affirmative answer of a yes/no question; originating in Southern US shortened version of "yes, ma'am". Synes oversettelsen må være deretter. Oversettelsen skal jo speile atmosfæren eller tonen i fortellingen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hvis du prøver her på Bokelskere så er søkemonitoren til Amason borte/fjernet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg google Yessum og fikk opp dette skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg sat her og funderte på kva eg kunne foreslå til neste leserunde- då eg las i ei Oslo-avis at Magnhild Haalke er undervurdert her hos oss, og at det nettopp er utgitt ein biografi om henne: Der livet brenn. Dermed bestemte eg meg for at mitt forslag må bli Allis sønn av Magnhild Haalke.
Eg har lese boka for lenge sidan, men toler sikkert eit "gjensyn"

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Per LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99