Eg hadde Søsterklokkene liggjande på nattbordet i mange veker, og det må seiast; dette er glimrande litteratur om du har søvnproblem. Eit par sider av denne og du sloknar - for det er så kjedeleg. Fyrst mot slutten er det endeleg noko som skjer, men då er det for seint.

Eg likte å lesa dei små glimta av kvardagsliv, kvinneliv og slit og strev frå 1800-talets bygde-Noreg. Men elles? Nei. Eg tykkjer stilen og stemninga er kunstig, eg likar ikkje det svulstige språket, eg meiner alle gjentakingane er slitsame og eg likar ikkje det "magiske", det overnaturlege og overjordiske. For når kyrkjeklokkene etter kvart liksom lever sitt eige liv trur eg ikkje lenger på historia.

Meir på bloggen Boksnakk og Lesetips

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Flotte greier! Eg har alt fått boka i hus, og har såvidt "tjuvlest" litt i den....Blir spennande å "møte" ein for meg heilt ukjend forfattar!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For meg er "Løperne" den mest aktuelle...av den enkle grunn at den var til låns på biblioteket. Om den andre går ut som vinnar, var det ikkje sikkert dei greidde å skaffe den i tide...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og du har selvsagt lest den på arabisk?
Hvorfor tror du det er så mange tolkninger av bibelen, f.eks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Absolutt fornøyelig, jeg lo høyt mange ganger. Måtte noen ganger gå tilbake og lo like mye

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hei! Til deg og alle andre som har ei triveleg stund i selskap med boka si. Eg sit i eit fantastisk, flott haustver, med sol frå knallblå himmel og ein natur som glitrar i alle nyansar av haustfargar. Må nok ut ein tur, men når eg kjem heim skal eg kose meg med Svøm med dem som drukner av Lars Mytting. Den har stått lenge på ønskelista. Det vesle eg har lest lovar godt.
God helg! :-)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Då er eg glad over å ha ei Atwood-bok på "skal leselista" mi! Tjenerinnens beretning rykker fram i køen! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kan nok ikkje gi deg noko råd om Solstad, sidan eg er ganske uvitande om forfattaren. Men synest det var artig at du nemnde han her, for eg fekk den nyaste boka hans om Bjørn Hansen i gåve for nokre dagar sidan.
Eg skjønte at eg sikkert burde lese dei to første, så i går gjekk eg til biblioteket som hjelpte meg med å finne fram. Fekk lest ca halve av "Elevte roman, bok atten" i går (snåle titlar, forresten) - og hittil har eg mora meg i selskap med den godaste Bjørn Hansen. Han framstår ikkje som ein A-4 person, men det gjer no ikkje forfattaren heller.
Skal bli spennande å verte betre kjend med både forfattar og hovudperson i romanane.
Lukke til til deg også!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har gått nokre runder med meg sjølv, og terningen landar på JA. Eg blir med......freistinga er for stor!
Mitt forslag blir ei bok eg ikkje har det minste peiling på, Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood. Ser at det er ein dystopi (er eigentlig ikkje så glad i den typen bøker), men den har fått ganske gode kritikkar og skal vere filmatisert.
Elles så er forfattaren heilt ukjend for meg, men ser at det nyleg har kome ein oppfylgjar til Tjenerinnen..

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Til deg Kjell og alle andre gode lesevener her inne: Beklagar at eg har vore taus ei stund. Av div årsaker kjem eg til å halde meg stilt i bakgrunnen ei tid - så får eg sjå kva eg gjer etterkvart. Lukke til med alle felleslesingar og gode diskusjonar. :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er nokre sider inne i ei verd som både er framand og kjend- framand fordi det enkle, krevande livet er så langt borte , og kjend fordi stadnamna er ikkje langt frå min heimstad. Det kom heilt overraskande på meg, måtte faktisk sitere litt for gemalen i går.

Ser ut for at dette er noko eg kan like. Det er annleis språkleg med mange språklege bilde som nesten er poetiske. Skal bli kjekt å fylgje den vesle nyfødde som er så etterlengta der han ligg ved mor sin varme barm.
Skal lese vidare i ettermiddag, gler meg..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Boka mi ligg klar! Gler meg til å lese og diskutere! :-) ....og igjen seier eg til deg Kjell: Hjarteleg takk for at du legg til rette for samlesing av mange gode bøker!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

....og eg er glad for at rebellen vann! Skal gå på biblioteket og skaffe meg boka i dag! Har heldigvis litt godt å lese før samlesinga tek til :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Her har vi haustdag med ein himmel som vekslar mellom blått og grått. Glad det ikkje regnar, for det har vore temmelig vått nokre dagar.
I lesestolen vekslar eg mellom Historien om Ásta av Stefansson, og Leksikon om lys og mørke. Den siste er repetisjon før diskusjon i lesesirkel.
Begge to vil gi gode lesestunder, meiner eg.
God lesehelg til deg og alle andre! :-)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

D'er haust. Det ruskar ute med regn og kalde vind. Småfuglen flyg mot rute og ville gjerne inn. - Frå Veslemøy ved rokken av Garborg. :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Lurte litt på kva som skulle vere mitt forslag denne gongen - men trur eg landar på Bli Bjørk av Mette Karlsvik.
Det er ein roman eg har hatt lyst til å lese, men som har hamna litt i bakleksa. Boka har fått gode kritikkar og handlar om ein islandsk artist og om folkelivet på Island ( etter det eg kan lese om).
Samlaget presenterer den prisnominerte boka slik:
"Med stor og begåva innleving skildrar Karlsvik personane og samspelet deira med naturen og kvarandre. I eit elektrisk, musikalsk og humoristisk språk får vi oppleve naturen, kulturen og samfunnet på Island på andre halvdel av 1900-talet. Dei små, daglegdagse hendingane i romanen blir fletta inn i dei store internasjonale...."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nok er NOK!! Om du eller andre vil diskutere islam, så oppmodar eg deg og andre om å finne eit anna forum for diskusjonen!
Eg er meir interessert i å lese om bøker, romanar, noveller.... - og andre sine meiningar om dette. Diskusjonar om religionar vil alltid ha ulike meiningar, og der er alltid mange sterke verdisyn.
Dette bør finnast andre fora for!

No har dette eskalert slik at eg vurderer å kutte ut all mi deltaking her.

Mvh
"Hilda"

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Eg har nettopp fullført krimboka Likblomsten av Anne Mette Hancock. Til å vere ei debutbok var den slett ikkje verst. Nokre minus, men spenninga var god nok.

Så har eg henta Historien om Ásta på biblioteket.
Har lese nokre bøker av same forfattar før, og har likt dei fleste. Håper at denne kan gi ei god lesestund.
Ha ei god helg!
(PS- skal faktisk på cruise i ein vestlandsfjord i morgon, så då spørs det om eg får lese så mykje akkurat då :-) )

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Interessant?? Joda, dersom ein tykkjer at konspirasjonsteoriar, strålingshysteri og vrangforestillingar er interessant.
For å få eit meir nyansert blikk på dette temaet anbefalar eg Gunnar Tjomlid sin blogg og hans glimrande og stadig like aktuelle bok Placebodefekten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er verkeleg glad fot å ha denne boka i hylla- kanskje eg skal prioritere å lese den igjen i haust! Ha ein god søndag, Lillevi! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B Lie