Las nettopp The Secrets She Keeps av same forfattar, og den er den beste thrilleren eg har lese på lenge. Anbefaler den!! Også krimboka Liv og død er å anbefale. Denne forfattaren er på god veg til å bli ein favoritt hos meg :-)
Vi følger dei to kvinnene Meghan og Agatha, som begge to går gravide i si siste månad. Anna kvart kapittel er skriven i synspunktet til henholdsvis Meghan og Agatha.
Meghan - gift med TV-kommentator, TV-fjes, kjendis-mannen. Sjølv er ho bloggar og har ein god fan-base. Ho har venninner, ho har foreldregrupper, ho har nettverk, ho har alt - tilsynelatande, sett utan frå - særleg sett med Agatha sine augo.
Agatha - skilt, einslig, ein trøblete oppvekst, ei litt ustabil sjel. Men samstundes svært god, kjærlig. Søkande. Leitande etter noko og nokon og høyre til. Ho lyger ein del. Men ho seier også mykje som er sant...
Vanskeleg å skrive noko om denne boka uten å røpe vesentlige ting... så eg skal bare seie veldig kort at: av alle bøker innen sjangaren "psykologisk thriller" er dette den beste eg har lese! Eg klarte verkeleg ikkje legge boka ned, eg slukte dei 500 sidene på to dagar.. eg blei oppslukt!
Språket er kort, presist, enkelt å lese. Samstundes inneheld det vittige formuleringar og ein småironisk tone. Karakterane er ekte og velutvikla. Plottet er gjennomført, truverdig og overhodet ikkje forutseigbart. Skal du lese ein thriller....LES DENNE! Må også nevne at det er gøy å lese ein thriller som ikkje er skriven frå politiets sitt perspektiv (eller en journalist eller ein psykolog ...) LES LES LES!
Apropos advent - siden det er mange leseglede menneske her kan det jo være at dette er av interesse? Eg har i år laga ein 24-episodars juleeventyrkalender. I utgangspunktet for tantebarna mine, men no har sambuar og ein del andre også fått lese og har likt det såpass godt at dei deler det vidare... Så i tilfelle nokon vil lese ein slags adventskalender: https://spraakraadblaagg.wordpress.com
Det er ikkje mykje eller krevende. 1-2 sider med tekst per dag. Skriven ned humor og snert, hopar eg... Håper dei som eventuelt leser likar det :)
Det er ei fin bok! Anbefaler også å sjå filmatiseringa, blei imponert over kor godt tankane og kjenslane til karakterane kom fram på lerretet, hadde ikkje forventa at den boka skulle kunne bli så bra som film
Eg starta i dag å lese The Secrets She Keeps av Michael Robotham og eg er fullstendig oppslukt! Lytta tidlegare denne månaden til Liv eller død av same forfattar og fann ut at eg ville ha meir av han. Og det er eg glad for at eg gjorde! Perfekt bok etter humøret no.han skriv så bra, sterke og ekte karakterar, kort og presist spårk, spenning, humor og kjensler.. Stor fan! Gler meg til å lese mykje meir av denne mannen
Så i helga skal eg lese ein del, men vil òg vere sosial og markere st det er ADVENT og snart JUL.. Så tid med familie og sambuar står høgst på lista. Og... Så blir det nok og litt skriving, for eg har laga ein JULEEVENTYRSADVENTSJUKEKALENDER. laga han i utgangspunktet for tantabarna mine men siden eg har vener og andre familiemedlem som også ville lese dette bestemte eg meg for å dele historia på bloggen min...så om. Nokon her også er nyfikne og vil lese noko lett og småhumoristisk og julete så legger eg altså ut eitt kapitel kvar dag fram til julaften. http://spraakraadblaagg.wordpress.com
Jøss! Takk, dette var jo supert
Ja, suveren er ordet. Dette gav meirsmakmog eg kjem til å lese meir av Dickens! Blir nok ferreig med boka i dag, måndag. Brukte rett under ei veke på denne tjukke boka, så detbhar gått mykje kjappare å lese ho ut enn kva eg førestilte meg det ville gjere. Som betyr at det finnst meir tid til p lese meir Dickens. Tenkte forsøke meg på Den boka med jul i tittelen...det står heeeeilt stilt i hjernen...a christmas story? A christmas tale?! Den er iallfall på veg til postkassa mi, just nu!
Sambuaren min er også veldig glad i å sjå på sport på TV, eg derimot...meeeh... så eg skal nok lese litt mens han får sjå sporten sin i fred.
Så eg reknar med p få lese meg nesten ferdig med Store forventninger av Charles Dickens som eg starta på på onsdag. Har hatt ho lenge på hylla, men stadig utsett å lese ho, har vel fått det føre meg at boka er tung og vanskeleg, berre fordi det er ein eldre klassikar. Men så feil kan ein ta..eg elsker denne boka og ho går unna i overraskande høgt tempo. Har lese omlag hundre sidar kvar dag.
På lydbok har eg nettopp starta å lytte til "Slipp håndtaket når du vrir" av Tor Åge Bringsværd. Ein veldig merkelig roman, sært, sært, sært, men bra og høgst underhaldande. Også veldig fint med Kim Haugen som leser
Anbefales. En sterk roman om livet til 3 kvinner fra 2. verdenskrig fra Polen, Tyskland og USA. Viser forøvrig til forlagets omtale.
Anbefales. En varm bok med også triste mimringer om livet "som svart" i Canada på 1900 tallet. En 70 år gammel kvinne overlates omsorgen for en liten jente, dette tar oss tilbake til kvinnes liv, samtidig flettes nåtiden sammen med barnet.
Nydelig novellesamling - anbefales!
https://tinesundal.blogspot.com/2018/11/jern-og-metall-noveller-av-levi.html