Var nok ikkje særleg dystopisk, syns eg. Det er nok riktig at det er ei science fiction bok.
Har no lest 620 sider og har ca 20 sider igjen.
Ja, kva kan ein sei...Syns boka var oppskrytt og slett ikkje så fantastisk som enkelte vil ha det til. Litt mykje dialogar og indre "ressonneringar" som ikkje var så interressante. Hovudpersonane var ikkje særleg sympatiske og utvikla seg lite i løpet av som historien skreid fram. Språket er eit kapittel for seg. Stivt og oppstylta og ufriviljug komisk til tider. På mange måtar ganske datert bok som jo vart skriven for 60 år sidan. Eg vil gi den to til tre i terningkast. Også ulogisk og uforståeleg nokre gongar, men ein berre ristar på hovudet og les vidare. Eg vil sei det var ei trå bok. Og altfor lang.
No har eg fått bestilt boka (Dune på norsk) så kanskje me kan drøya det til april å lesa den?
Me kan godt velgja ei anna bok som neste. Sand var umogleg å få tak som kjøpebok, måtte då evt lånt ho på biblioteket. Men som sagt er open for å ta ei ny/anna bok.
For meg høyrest det heilt greit ut.
Har lagt inn eit forslag i tråden : )
Det gjorde eg og etter 36 sider og voldtekt nr 3. Angrar på at eg i det heile tatt opna boka.
Foreslår Sand/Dune, om den ikkje alt er lest
Bare søppel. grov vald, voldtekt og barnevoldtekt. Ikkje kast vekk tida di på denne
Er det satt noko ny dystopisk bok for mars?
Var interessant og eg er glad for å ha lest ho, men vart litt repetitiv etter kvart. Vonar eg har vorte litt klokare...!
Koseleg feelgoodbok. Eit must read for katteelskarar! Sjeldan eg les sånn type lett-litteratur men denne kosar eg meg med.
Litt utdatert i forhold til fylkesinndeling. Sosialistisk vinkling på Norgeshistorien og ikkje eit ord om jødane som blei drept under krigen.
Meir spennande enn Fahrenheit 541. Men ikkje den beste dystopien eg har lest. Syns boka blei skjemma av ein god del anglisismer. Som om forfattaren har skrive originalmanuskriptet på engelsk og omsett til norsk.
Ellers syns eg slutten verka uferdig, som det skulle ha vært ein oppfølgjar eller to. Kva skjedde vidare med Marianne? Mia? Helene? Trådane bindes ikkje opp.
Til sist vil eg sei at eg er ueinig i "sluttkonklusjonen" til boka, at mennesket/menneskeheten er overflødig i naturen/verden/kosmos.
Syns boka blei skjemma av ein god del anglisismer. Som om forfattaren har skrive originalmanuskriptet på engelsk og omsett til norsk.
Ellers syns eg slutten verka uferdig, som det skulle ha vært ein oppfølgjar eller to. Kva skjedde vidare med Marianne? Mia? Helene? Trådane bindes ikkje opp.
Til sist vil eg sei at eg er ueinig i "sluttkonklusjonen" til boka, at mennesket/menneskeheten er overflødig i naturen/verden/kosmos.
Leste boka ut i går. Meir spennande enn Fahrenheit 541. Men ikkje den beste dystopien eg har lest.
Nokon som leser denne boka no i februar? Eg har komme til rundt side 60. Ikkje så imponert foreløpig, men når eg byrjar på ei bok fullfører eg ho. Ellers syns eg ein ikkje får eit rettferdig inntrykk av boka. Kva syns de andre hittil?
Eg er medlem på Norli og fekk boka til 149,- inkl frakt. Veldig fornøgd med det! Håpar berre boka fell i smak og. Eg har ikkje fått den enno
Hadde gleda meg til denne etter mykje non-fiction lesning. Og eg likar dystopi-sjangeren. Men denne var kjedeleg rett og slett. Den fenga ikkje og gav ikkje nok spenning. Boka hadde lange parti med belærande monologer som kunne vera litt...gjesp. På slutten av boka syns eg det kom seg når Montag/hovudpersonen kom seg bort frå det gjennomregulerte bysamfunnet. Kan samanliknast litt med å komma til himmelen? Den opne slutten gjer at eg vil tolka det som om desse menneska Montag kjem til ønskjer å gjenoppbygga sivilisasjonen med kultur(som motsetnad til underhaldning) sidan dei vender attende til den utbomba byen.
Takk for tips! Tenkjer eg skal slå til