Den første boka heiter "Drømmen om Narnia", den har i grunnen ikkje så mykje med resten av serien å gjere, anna enn at vi får høyre korleis Aslan skapte Narnia (med ein sang trur eg det var), korleis Narnia er knytta til vår eiga verd, og vi får eit første møte med Jadis (den hvite heksa).
Personlig synes eg dette er den svakaste boka i serien, kanskje med untak av "prins Caspian", men uansett så er Narnia ein flott, liten serie som er verdt å få med seg.
Ikkje så veldig mørk og dyster, men med mange allusjoner til Bibelen.
Som Herren har tilgitt dere, skal dere tilgi hverandre. (Kol 3,13)
Enig i at det er ei svært god bok, men er ikkje sikker på om det er kjærleiken som er det mest fremtredande med den. Uansett kan den anbefalast =)
Og endå meir far fetched kan det bli. For i Kostovas fantastiske forteljing, "the Historian", driver Vlad Tepes å distrubierer mystiske bøker med drageikon til lovande historikere. Då vert det Drag --- on ;)
Uansett høyres seriane du nemner spennande ut, likar karakterar som bryer med dei tradisjonelle fantasy arketypane!
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både upp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.
"Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går".
Håvamål: nynorsk utgåve.
Ikkje den genren eg beveger meg mest innom, men "en langvarig forlovelse" av Sébastien Japrisot, synes eg var ei ganske god bok.
Jeg hadde ikke flere planer for ettermiddagen enn en trekkfugl har pantelån.
Herredømmet i verden tilhører nå vår Herre og hans Salvede, og han skal være konge i all evighet. (Åp 11,15)
Likte også denne! Ikke til å legge fra seg, deilig med sånne bøker. Av og til noen setninger jeg stusset over, men i det store og hele en fin leseopplevelse. :)
Ja, quizen var vanskeleg. Men bra at eg i alle fall hadde 2 riktige, tsk, og eg som alltid brukar å hovere i pubquiz... jaja. Eg får prøve meg på den siste i morgon.
Dag Solstad misslikar eg sterkt, utan annan grunn enn at eg ikkje heilt klarer å forstå kvar han vil, og kva som er så fantastisk med han. Eg har lese Irr! Grønn! og novella Moskva av han, og sett filmen om gymnaslærer Pedersen. Eg har intrykk av at Irr! Grønn! hanlar om identitet og rollemønster i samfunnet og Moskva og "GP" synes eg verkar som sosialistisk propaganda.
Men Solstad er vel ikkje ein forfattar som skal lesast som underhaldningslektyre.
Nei no tar eg kvelden og vender attende til Brontës stormfulle høyder (på lydbok). God natt!
Hmm dette var alt for vanskleg for meg, er også litt usikker på kva eg skal gjere. Eg prøvar å svare på det eg veit (trur eg veit) så kan nokre andre ta over der eg slapp.
Arnulf Øverland har oversatt "Hva nå lille mann", denne er eg sikker på!
Tittelen på boka om mordet i Skippergata er, "Det skjendige drapet i Skippergata" (poetisk), dette er eg rimlig sikker på, men huskar ikkje kva forfattaren heiter, vansklig navn trur eg.
Isabel Allende har direkte bånd til tidligare president i Chile (Salvador Allende?) denne er sikker!
Sigurd Hoel, litt usikker, trur han debuterte med ei diktsamling, men tippar den første romanen hans var "Syndere i sommersol".
Platons verk, også usikker, kjem berre på ein tekst av han, Gorgias, men det var gjerne ein av Sokrates dialoger.
Vel, eg ville kalle det flaks. Eg las Bjarne Fidjestøls "Norsk litteratur i tusen år" for nokre veke sidan, så Sivle sto friskt i minne, og Voss vart rein tipping (og ei stor mengde mannleg intuisjon) ;)
Takker for gode tips. Er nettopp ferdig med Tsjekovs tre år og likte den godt. Eg er overraska over kor lettlest boka var (eg har alltid sett for meg forfattarar som Tsjekov og Dostojevskij som tunge).
Fosse er eg svært glad i, men har berre lese nokre skodespel av han, så skal sjå om eg får tak i Andvake og kanskje Naustet i morgon.
Askilsen har eg også vore borti før, og fann utrulig nok, Samlede noveller i mammas bokhyller, så vert nok eit par av dei som kveldsaperitiff.
Blanchot og Pessoa har eg aldri høyrt om, men skal tråle biblioteket. Den anarkistiske bankier høyres svært interssant ut, men også litt tung. Lurer på om eg må bli vaksen før eg kan våge meg bort i den.
Takker igjen for gode tips og lukke til med di eiga lesing!
Heilt i starten tenkte eg at svaret på 1. måtte vere Montaigne (einaste forfattaren eg kunne kome på som "fann opp" ein ny genre), men etter hintet ditt er eg rimlig sikker på at det er Per Sivle som er svaret, meinar i alle fall at han skaut seg.
Har trulig aldri høyrt om forfattaren i spørsmål 2, men når tittelen på boka skal vere ei kommune i Hordaland kan eg ikkje tenkje meg at det kan vere noko anna enn Voss.
Denne lista var ikkje dum! Berre i dag har eg starta på 7 tjukke bøker, men stoppa etter nokre titals sider fordi eg er rastlaus og vil lese noko anna. Men svaret er naturligvis å lese tynne bøker!
Fann Tsjekhovs "tre år" på nb.no så kastar meg over den i natt =)
Nokon som kan anbefale 3-4 andre frå denne lista?
Eg lurer på om nokon her inne har kjennskap til ei lesegruppe i bergensområdet.
Med lesegruppe meinar eg ei gruppe der folk samlast for å lese bøker i lag, eller diskutere bøker dei leser.
Dine rosende ord smigrer meg =)
Eg oppfattar dei fleste som interesserer seg for litteratur, som ganske sympatiske, i alle fall er "bokelskerene" sympatisek. Sjølv om nokon kan vere litt snobbete fordi dei har lese dei tunge russerne + Proust, eller alle bøkene til Frid Ingulstad.
Enig, bokelskere er ein fantastisk nettstad, som verkeleg oppfordrar til lesing samstundes som ein får mange gode tips og moglegheit til å diskutere. Eg trur eg må ha lese like mykje dette halvåret som eg las til saman dei siste 4 åra.
Artig liste =)
Dersom også faglitteratur skal inkluderast kan lista bli lang, t.d: "Buddhismen".
Eg gjorde eit tilfeldig søk og fann fleire bøker som heite "Twilight", av Stephenie Meyer, Elie Wiesel, Cate Tiernan, Meg Cabot. Sikkert langt fleire.
Eg er usikker på om det vert noko av den tredje filmen, men her er i alle fall traileren:
http://www.youtube.com/watch?v=qf9Xl84b9Wo