Ja Habakuk kan vere til trøyst for oss all, tidvis ;)
Og det verste er at bøkene er på veg inn i skulen! Såg igjennom ei "litteraturliste" for vgs og fann fleire av desse "omstridte" bøkene på den.
Sjølv om tittlane er "herleg" vulgære, og sikkert appelerer til mange småkåte tenåringar, synes eg at dette er eit stort litterært tilbakesteg.. jaja..
På den andre sida, trur eg ikkje at eg har sett ein diskusjon her på bokelskere som har vore meir spekka av "tabuord". Lurer på om somme bokelskerne eigentleg synes det er litt "pirrende" å lire ut av seg ord som skildrar kjønnsorgan, legninger, rase, osb.. =)
Eg synes at bøkene til Indridason er av svært varierande kvalitet, men ingen av dei har i grunnen vore det heilt store. Eg er enig med deg i at denne boka vart heilt grei, men eg trur eg skal la bøkene hans ligge ei stund.
Dessutan synes eg at Erlendur vert mindre og mindre "menneskeleg". Eg klarer ikkje lengre å sjå kva som driver han, og det verkar tidvis som om han berre er eit verkemiddel forfattaren nyttar for å drive frem historia. Ein livlaus karakter.
Bibelen..
Nei det er viktig å ikkje følgje fleirtalet! Eg vil faktisk strekke meg så langt til å seie at det er karakterbyggande.
Men eg må innrømme at eg har større motvilje mot Duun. Vesaas har andre tekstar eg likar, Duun har ingen..
Hm.. Stygg var vel ikkje heilt det riktige ordet, men eg har ein personleg motvilje mot boka, sidan min manglande kunnskap om den førte til eit heller dårleg eksamensresultat no i vår.
Las boka på vidaregåande og einaste eg kan hugse frå den var at hovudpersonen "Tusten"(?), fylte meg med avsmak. Men eg var vel kanskje litt for ung og dum den gongen..
Dårleg samvit? Kva er det for noko tull! ;) Men bra du vurderer Hovland lesing!
Vær i alle fall så anstendig at du stryker Duun! Han bør ikkje stå på nokon si toppliste.. (etter mitt syn)
Heilt enig! Nynorsk er nydeleg. =)
Saknar Ragnar Hovland på lista di. Kan anbefale "Sveve over vatna", "Mercedes" og "Ei lang reise" av han (NB..), og foreslår at du strykker ut "Fuglane" - stygge boka!
Det stemmer veldig bra. Jeg jobber i Oslo, men bor godt ute på landet.Når jeg er på jobb i Oslo, bestiller jeg taxi. Når jeg er hjemme, bestiller jeg drosje.... Tilpasningsdyktig kaller man det! :)
At selvmord mislykkes er ikke nødvendigvis den mest bedrøvlige sak i verden. Ingen kan lykkes med alt.
Nettopp ferdig med denne, og er litt i stuss om kva eg synes.. På ein måte var det spennande å bevege seg vekk frå den faste "krim-sona", eg vanlegvis vankar i (Noreg, Sverige og England), men eg er endå usikker på om eg var så nøgd med historia og plottet.
Eg tykkjer i grunnen boka minner svært mykje om Snømannen, av Nesbø. Skilnaden er vel den generelle elenda som pregar dei fleste av karakterane i "Myren". Mange mørke og dystre personar her!
Men til tross for alt dette tungsinnet, er jo Erlendur ein spenande karakter som ein får lyst å følgje vidare. Trur eg skal prøve meg på den neste boka også =)
Besettende bra! En av de beste krimromanene jeg har lest i år. Det skal bli spennende å følge dette forfatterskapet videre.
Artig "problemstilling" Rose-Marie. Etter litt tenking kom eg frem til at eg ikkje er flau over å ha lese nokon bøker, sjølv om eg i førstninga var sikker på at eg kunne ramse opp ein god del.
Men det eg kanskje er litt flau over, er den haldninga eg har hatt til nokre bøker, før, og medan eg las dei. Særleg gjelder dette bøker som ALLE roser opp i skyene, til dømes Knausgård sin Min Kamp. Dess meir ros ei bok får, dess meir skeptisk vert eg.
Eg las også bibelen for nokre år sidan med eit einaste mål - å finne mest mogleg dritt. Eg fann frem boka for ei tid til bake og såg at eg hadde streka under alt av tvetydige, vulgære og sjikanerende setningar. Dette skammar eg meg litt over no.
Dersom du har som ambisjonar å lese verket på både norsk og engelsk, må du nesten berre prøve deg frem. Sjølv startar eg lesinga med nokre samandrag eg finner på nettet, slik at eg får oversikt over karakterane og handlinga. Så lese eg verket på engelsk, og til slutt lese eg det på norsk, i tilfelle det var noko eg skulle ha oversett i den engelske versjonen. Shakespeare engelsk er poetisk, men tungt.
Såg at dei hadde nokre bøker på bilioteket med engelsk/norsk, annankvar side, men eg synes det verkar rotete!
Orsak, eg får skulde på ein tåkelagd persepsjon. Poesien, tja, eg likar å forstå alt eg leser og samstundes halde ein god fart, Shakespeare sitt språk får meg til å stoppe opp og stusse litt vel ofte.. Er usikker på om dette er positivt eller upositivt(?)
Lukke til med omsettinga di, flott hobby, sjølv maler eg.
Ikkje noko problem, eg er vand til å lese alt med tvisyn og rekna med at du var ein skøyar. =p
Tja, no har ikkje eg lese dette stykket ("Julius Caesar"?), så eg føler ikkje at eg har grøde til å kunne utale meg om tydinga på "tide of times", men eg reknar med at dette som så mykje anna er tvetydig, og dermed vanskeleg for ein omsettar å.. omsette. Synes derfor det er flott at han lar orda stå, slik at vi vanlege dødlege kan gjere forsøk ;)
Forresten synes eg at du også skal vere med i Shakespeare gruppa vår, nesten berre gamlingar her, så "ferskt blod" kan kome godt med ;)
Bra at du står på Tone =) Sekundærlitteraturen trur eg at eg skal vente med, sjølv om det freistar =)
Eg er ikkje så nøye på rekkefølga, så lenge det vert lese! (og så lenge eg slipper å lese alle dei historiske stykka eller tragediene etter kvarandre..)
Er enig i at magien gjer seg i stykket, Ariel har eg ikkje sett så mykje på endå, men eg synes han minner ein del om Pukk i "en midtsommernattsdrøm", begge er magiske vesner som tjener sine herrer, sjølv om ein kan spørre seg om Pukk roter det til med vilje =)
Enig at det kjem ann på oversettaren. Sjølv har eg støtt på mange svake omsettingar, men det eg har lese av Shakespeare til no,(på norsk altså), har eg vore svært godt nøgd med, var einaste i "en midtsommernattsdrøm" at eg reagerte litt på nokre namnendringar..
Eg synes flyten i språket er svært godt bevart, og at du, monsieur Røkkum, er litt snobbete som hevder noko anna! =P
Hmm, ja eg ser at dei linjene du viser til, ikkje er av dei sterkaste og mest velklingande omsettingane, men så altfor gale er dei ikkje!
Fekk lyst å prøve meg som omsetter:
Du er ruinen av den edleste mann/Som noen gang levde i tidenes ... - og her vart eg usikker - "vekslende vann"? eller "farvann"? Kanskje "historiens tidevann".
"Kysset som fikk snøen til å smelte" av Tor Fretheim. Nydeleg tittel, heilt grei bok!
Har no lese både den engelske og norske versjonen av dette stykket, og må innrømme at Shakespeare fungerer vel så godt på norsk!
hehe, hadde nett tenkt å legge ut denne sjølv ;)