Skjønnlitteratur er alt som er dikta opp, dvs. at krim er skjønnlitteratur. Alt som ikkje er dikta opp er sakprosa.

Så er det sjølvsagt eit skille mellom underholdningslitteratur (som det aller meste av krimlitteraturen i dag er) og litteratur med "meir åndelig verdi". Det er opp til kvar enkelt å lese det ein vil, men dei som les mykje underholdningslitteratur (les: krim) må ikkje hevde at det er noko anna enn det er, nemleg underholdning.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har sjølvsagt vore innom Norli, vart sjølvsagt skuffa over utvalget og kjøpte sjølvsagt eit par - tre bøker (Jeg - en kulturhistorie av Peter Normann Waage, Pakistan av Elisabeth Eide m.m. og Akevitt - livets vann av Lene Westerhaug m.m.).

Veit jo at forlaga bruker Mammut til å bli kvitt restopplaga, men det er kjedelig at det er så lite spennande utval. Bøkene eg har lyst på har eg som oftast frå før av. Så er det jo eit par stykker eg sånn halvvegs kunne tenkt meg, som eg så endar opp med å kjøpe. Og ikkje er det grisebilleg heller....

Så konklusjonen er altså at Mammut blir meir og meir skuffande for kvart år.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lenge sidan bokelskarane har sagt sitt på tråden her, derfor på tide med oppdatering:

  1. Knut Hamsun 12 stemmer
  2. Sigrid Undset 8 stemmer
  3. Tore Renberg og Carl Frode Tiller 7 stemmer
  4. Gaarder, Elstad, Skram, Ibsen og Bjørneboe 6 stemmer
  5. Falkberget og Nesbø 5 stemmer
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ville ikkje ha lagt frå meg boka viss eg var deg. Eg syntast den var dårleg i starten, faktisk nesten halve boka, men etter at eg var ferdig med den så vart dommen: ei av dei beste eg har lest.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stor spredning her. Etter at eg har gått gjennom svara og talt opp finn eg mange ulike favorittforfattarar. Men enkelte har fått fleire stemmer enn andre.

Har tatt med alle forslag sjølv om enkelte har nemnt fleire enn tre. Litt dumt, men eg følte det blei feil og prioritere i svara til folk, og det blei dumt å utelate sidan det er ganske mange som slit med å halde seg innanfor rammene (tre forfattarar).

Førebels resultat er:

  1. Knut Hamsun - 11 stemmer
  2. Carl Frode Tiller og Tore Renberg - 7 stemmer
  3. Sigrid Undset - 6 stemmer
  4. Anne Karin Elstad, Amalie Skram og Henrik Ibsen - 5 stemmer.

Veldig mange med ei eller to stemmer. Fortset gjerne å gje stemmer, så skal eg fortsetje å oppdatere resultatet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les ikkje den typen bøker eg heller, men det er like greitt at nokon liker Nesbø, Samartin og Coelho som at andre liker god litteratur.

Eg skjønner heller ikkje at nokon kan like slike bøker og bruke tid på det, men så igjen, eg kan heller ikkje skjønne at det finnast folk som ikkje liker fotball.... Vi er nok forskjellige og eg synast at alle skal få lese det dei vil. Dei må berre ikkje hevde at alle norske krimdronningar er god litteratur, underholdning derimot, ja, det er det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Var inne på fansida du nemnar. Stort sett ærestitlar, prisar for salgstal og mindre litteraturprisar (som ingen har høyrt om). Bambiprisen var også ein ærespris. Corineprisen såg ut som ein mindre pris. Han har dog vore i finalen til IMPAC-prisen fleire gonger, noko som er ein stor pris.

Alt i alt fell vel Coelho klart inn under kategorien som denne tråden starta som. Ikkje noko galt i det vel og merke. Han kan jo vere ein god forfattar sjølv om han ikkje kjem til å vere blant klassikarane i framtida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har lest at mange er fornøgde med den, ja. Vant vel "Book of the year" hos Guardian. Kva handlar den om og kva liker du så godt med boka?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk! Eg trur eg får prioritere Medmenneske på leselista mi. Den får kome på nyåret. Takk for gode tips.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmmm, det har eg nok ikkje fått med meg. Når eg søker på han på nettet (Wikipedia på norsk og engelsk, pluss paulocoelho.no) finn eg ingenting av prisar, og det blir jo som oftast flagga stort om ein har mykje av det. Det næraste eg kjem er vel dette : En av de få som fortjener betegnelsen 'forfatterfenomen' THE INDEPENDENT ON SUNDAY, ENGLAND (paulocoelho.no).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

At det ikkje er ei bok for meg, betyr ikkje at det ikkje er ei bok for deg (boka er grei den, berre ikkje såååå god som eg håpte på).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje noko galt med sjangeren krim eller krigsbøker, eller ukebladromaner for den saks skyld. Sjølv om ikkje du liker det er det nok mange som gjer det. Kan vere greitt å slappe av med litt lettlest litteratur av og til og. Blir tungt å berre lese Hamsun og Knausgård heile tida.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skjøner kva du meiner. Kritikk er nok alltid på sin plass. Bind tre og fire er jo berre middelmådig litteratur (har ikkje lest fem og seks). Men Knausgård som forfattar er langt frå klisjefull og middelmådig som enkelte andre.

Og ein får jo prisar nettopp fordi det er bra litteratur. " Tusen strålende soler" og "Alkymisten" er nok bøker som grip mange, men det er jo ikkje dermed sagt at det er god litteratur fordi om. Og nettopp derfor får ikkje desse typene bøker prisar, mens Knausgård sine bøker får det. Norsk kritikerlag (som deler ut prisen) bør jo vere blant dei best eigna i landet til å skilje mellom god og dårleg litteratur. Og dei har jo plukka ut Knausgård som ein GOD forfattar ( og det lenge før "Min kamp").

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for tips. 1Q84 blir litt mursteinsaktig for eit nytt forsøk :) Kanskje eg skal prøve Kafka på stranden...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Knausgård kan ikkje settast i bås med denne typen forfattarar. Han skriv noko av den ypperste litteraturen vi har her i landet, og det har han gjort frå første bok. Du får ikkje Kritikarprisen, Brageprisen og P2-lyttarane sin romanpris (to gongar) dersom du ikkje skriv gode bøker. At du tilfeldigvis sel godt kan umogeleg vere noko negativt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Mange har snakka varmt om Murakami og bøkene hans så eg tenkte å prøve det alle snakka om. Les Blindepilen og den sovende kvinnen for tida, men eg slit med den. Men eg skjøner jo at han har skrive andre og betre bøker (ingen som har denne som favoritt, og kanskje nettopp derfor den var på salg), så det eg lurer på er:

Har nokon forslag til ei god Murakamibok?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, du har truffe spikaren på hovudet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gode valg. Berre lest Mennesket og maktene, så eg reiknar med at Duun er med på lista når eg les meir av han. Nokre du kan anbefale?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kan skrive under på det ja. Blir ikkje så mykje tid til lesing med små barn. Ca.50 i året er jo meir enn Ola Nordmann les i eitt gjennomsnIttsår :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er godt fornøgd med lesetempoet mitt og bruker den tid som trengst på ei bok. Og i løpet av eitt år har eg altså sånn ca. lest 30 bøker.

Ingen samlemani, men det er jo alltid mange bøker som ein har lyst å lese. Og derfor lurte eg litt på kor mange bøker andre les.

Og eg blir jo veldig nysgjerrig på kor mange du les no då :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Eivind  VaksvikRune U. FurbergReidun VærnesMonica CarlsenMarit MogstadReadninggirl30Karen RamsvikNorahJarmo LarsenTone SundlandVanja SolemdalHilde Merete GjessingEllen E. MartolSigrid NygaardSolveigTorill RevheimHeidiTine SundalTurid KjendliePiippokattaDaffy EnglundmarithcTanteMamieLailaStine SevilhaugV. HulbackLars Mæhlumella76Anne-Stine Ruud HusevågFride LindsethBerit B LieToveIngunn SMorten MüllerFrode TangenKirsten LundRisRosOgKlagingTove Obrestad WøienDemeterLeseberta_23