Sidan eg er så lite teknisk av meg, så lurer eg på korleis du greier å legge sitat inn i ein sånn lenk?? Veit at det skal lagast ulike parentesar, men korleis får du det til?

(Flotte sitat, forresten)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kransen var den første "vaksenboka" eg las - og trur også det var den første eg skreiv bokmelding om. Har lese den fleire gonger, men huskar at eg ved første lesing var så indignert over at det skulle vere så vanskeleg at Kristin og Erlend skulle få kvarandre.

Ein klassikar er det - absolutt -og gir eit godt bilde av Norge i mellomalder. Kanskje eg må ta den fram igjen?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I dag kan det synes en smule grotesk, men i kulturelle kretser på 1800-tallet var tuberkulose ikke bare en lidelse, men hadde også en høy status som symbol og uttrykk for selve den romantiske idé!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kunst og kriminalitet...

Ei ung,lyshåra og vakker skjøge - ein høg, staselig munk og eit spesielt maleri var det som fekk meg til å kjøpe boka.

Handlinga startar i Firenze i renessansen;Hovudpersonane: Luciana Vetri- kvikk, rappkjefta og småfrekk, livnærer seg som prostituert og modell - og munken bror Guido, ein omtenksam og vakker mann( det viser seg at han også har viktige kontakter ...)

Luciana vert så fornærma over å bli oversett etter eit modelloppdrag, at ho tek eit bilde: Primavera. Dette får uante konsekvensar.

Ho vert vitne til fleire drap, ho og medhjelparen hennar vert jaga på flukt/ rømer og reiser rundt til fleire av dei store kjende byane i Italia - og det dei opplever kan overgå fantasien til nokon og einkvar.
Spenningsnivået held seg høgt nesten gjennom heile boka, sjølv om det ikkje er vanskeleg å ane at det går bra til slutt - som det gjer i dei fleste fantastiske forteljingar.

For meg var det den rolla maleriet Primavera spelte som var mest fascinerande - maleriet driv handlinga fram, det vert tolka og tolka igjen, slik at eg fleire gonger måtte gå inn på internett for å sjå bildet sjølv. Har bestemt meg for å sjå Botticellis verk med eigne auge ein gong...om eg får anledning..

Boka er eit noko urealistisk, og til tider brutalt eventyr, med høg spenning og handlingar i fleng - forutsigbar,ja, men det passar eigentlig til sjangeren. Og som i mange andre eventyr har både talsymbolikk og andre symbol ein framtredande plass...Trur også eg må sei at eg innimellom fekk litt assosiasjonar til Da Vinci-koden.

Språklig ikkje av dei beste, men eg valde å forstå det slik at det var den uskulerte, vulgære og freidige Luciana si stemme vi hørte, og til henne passa det godt.

Alt i alt - har kosa meg med boka, blandinga av fiksjon(mest) og fakta, passa meg godt. Det er ikkje utenkelig at eg les meir av Fioarato ved ei seinare anledning...Sjølv om eg no kanskje er litt snill, så har dette vore såpass triveleg at eg gir karakteren fem minus..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne har eg på ønskelista ....Håper du sit igjen med nokre svar på spørsmåla dine når du har sett endelig punktum :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er Tikkanen,ja! Århundrets kjærlighetssaga er ei bok ein ikkje gløymer så lett!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heilt korrekt - og stjerne til deg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sterk, karismatisk,feministisk og prisbelønt forfattar som hadde stor tru på kjærleiken - trass alt....

Kven tenkjer eg på - og kva for ei bok har gjort mest inntrykk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Paasilinna sine bøker har ein spesiell humor og snert - der er ikkje mange som han! Har ikkje lese denne...enno...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, ein må kunne forskjellig som ein ikkje har lært..

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nye menneske innfører nye skikkar - det er utvikling, det.....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Var den så dårlig?? Har ei bok av same forfattar i hylla, ulest........

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ellisif Wessel - forfattar: Cecilie Enger - Roman: Himmelstormen utgitt i 2007...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Enkel, lettlest historie frå sirkusmiljø. Historia om Jacob, Marlena og August vart nesten for forutsigbar.

Den mest positive opplevinga var kapitla der vi møtte Jacob på gamleheimen - trivelig og til dels humoristisk skildra. Likte også godt møtet med Rosie - elefant med svært mange menneskelege eigenskapar.

Ellers så er boka nok ei stadfesting av: "The show must go on" - forestillinga må gjennomførast uansett, utan omsyn til aktørane sin tilstand - enten det gjeld konflikter, personlege kriser, matmangel.....

Lett underhaldning - men lett gløymt, er eg redd!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Litteratur og sommerfugler er de to søteste lidenskaper mennesket kjenner.

Vladimir Nabokov

Godt sagt! (4) Varsle Svar

God bokmelding om viktig tema. Blomsterspråk...spennande!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Populærmusikk fra Vittula - Mikael Niemi

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No ler eg godt her eg sit oppe på Sunnmøre!! Likte spesielt godt det med hagemøblane! Ha ei god lesehelg, Kirsten!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nydelig sagt! Men Jasper Fforde er heilt ukjent for meg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skal fullføre "Vann til elefantene", og kva det så blir til er litt usikkert. Men det som er heilt sikkert er at eg skal ta med ei "skal-lese-bok" på altanen; skal nyte ei god bok i solveggen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenAlice NordliElisabeth SveeStig TEivind  VaksvikTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumMarit AamdalTanteMamiePiippokattaReidun VærnesSilje HvalstadFrisk NordvestBente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterSynnøve H HoelBjørg L.Bente