Ualminnelig kjedelig, etter min smak! Veit ikkje om eg vil bruke tid på å fullføre...
Don Quijote, Sancho Panza, Dulcinea av Toboso, Rocinante og gråskimmelen... ... eit "bekjentskap" ein seint gløymer!
Morsomt og seriøst- fantastisk og trist- lettlest og krevande - vidunderlig og sørgelig - vanvittig og fornuftig..Denne boka har alt! Fekk meg til å le, og til å tenkje - og den er full av ordspråk og gode formuleringar!
Det har teke tid, for så mykje "skarpsindig" må fordøyast. Men: Denne leseopplevinga ville eg ikkje ha vore forutan! Terningkast: seks
Trur den tolkinga vert litt upresis. Veit ikkje om eg kjenner til noko tisvarande ordspråk, men det har iallfall noko med at du er i trøbbel når du klatrar høgt opp, viss du ikkje er i stand til å klatre ned igjen. Men andre har kanskje ei betre tolking?
Eg skal lese meir i Don Quijote denne helga, det er eit prosjekt eg brukar lang tid på, men det er det vel verdt!
Det er ikkje berre stygt; ein får vondt i magen også! Hehe..Ha ei god lesehelg!
Sakte
men skritt for skritt
går det
framover
det må vi tro
Er det "Veien til Agra" av Aimée Sommerfelt du meiner?
Men glemselen,forklarte faren, var hukommelsens dypsindige søster, som heller ikke var å forakte. Hun gjemte alt som var verdt å bevare, opptok i seg fremmed stoff og gjorde det til sitt eget, akkurat som når kroppen fortærte korn og røtter og skapte dem om til kjøtt og blod.
Det er ikkje første gong eg les boka, og eg sit att med noko blanda kjensler også denne gongen.
Juan da Costa alias Johannes Cartophilos vandrar gjennom Europa i mellomalderen på leiting etter eit trygt tilvære for seg sjølv og den vesle jenta si, Juana, som er utkledd som gut. Merkelege omstende gjer at Juan er både jøde og døypt som kristen, og jødar hadde dårlege levekår i Europa under inkvisisjoen. I bagasjen har han nokre bøker som inneheld tankar som er opprørande for dei geistlige, og som vil medføre dom for kjetteri dersom dei vert oppdaga.
Og utan å røpe for mykje: Judas fornektar seg ikkje!
Juana, eller Juan som ho må utgi seg for, får større og større problem med å skjule at ho eigenlig er kvinne, og må finne ein veg ut av "dobbeltheten" som har vorte hennar identitet.
Boka inneheld ein del svært gode skildringar og gode tidsbilde av ei tid som kristendommen neppe kan vere stolt av. Minuset for meg vart at eg til tider hadde problem med å følgje spranga i tid, person og ikkje minst skifta mellom 1. og 3. person forteljarstemme - spesielt i siste delen.
Trur kanskje eg må lese boka igjen, om eg skal yte den full "rettferdighet", sidan eg denne gongen måtte lese i rykk og napp, og endar på terningkast fire
Men eit interessant leseprosjekt, det var det!
På "mi" bok er der bilde av blå "forglemmegei" - vakkert. Dei betyr sjølvsagt: Gløym meg ikkje...
Jada! Hadde flotte, varme dagar nær Middelhavet. Men, bøkene vart ikkje 1. prioritet denne gongen!
Er langt utanfor heimlege trakter, og hadde optimistisk pakka to boker i kofferten....men, pga av hog temperatur og godt selskap har eg berre kome halvvegs i Den evige jode....Men lesinga tek seg nok opp i heimen!
God lesehelg!
Dei største leseopplevingane mine har eg fått med bøker på norsk, eller morsmålet....og for det meste er det absolutt førstevalet! At omsetjingane kan variere språkleg, ser eg sjølvsagt - utan at det tek frå meg lesegleda. Av og til vert eg imponert over den fantastiske jobben omsetjaren gjer! Språk er viktig!
Sjølv om eg også les bøker på framandspråk, og trivast med det, så saknar eg då dei språklege finessane i både uttrykk og kjensler som gjer leseopplevinga optimal.
Ikkje akkurat. I boka Vente,blinke referer Øyehaug til ma filmen Lost in translation, og sidan eg ikkje har sett filmen, så får eg ikkje med meg alle undertonar i teksten.
Trur nok ho er ein forfattar vi vil sjå meir av, og skrive kan ho! Vente,blinke er litt spesiell - og det var eit minus for meg at eg ikkje har sett filmane ho referer til ma Lost in translation. Har bestemt meg for å lese boka igjen.....
Er så heldig å ha eit eksemplar av Vente, blinke med ei personleg helsing frå forfattaren. Dei andre har eg ikkje lese, dessverre..
Ei lettlest bok kan gi god underhaldning der og då, berre unntaksvis vert dei lesne meir enn ein gong. Hos meg er det ofte slik at lettlest er synonymt med lettgløymt.
Francis Bacon sa det slik: Noen bøker skal smakes, andre slukes og noen få tygges og fordøyes.
Så er det avslutta, det leseprosjektet eg hadde utsett - og det heilt utan grunn. Innhaldet var heilt annleis enn det eg hadde sett føre meg. For meg vart det eit fint og interessant møte med dei ulike musikarane og deira forhistorier.Så: Ja, du har heilt rett: Sjølve forliset er ikkje i sentrum. Eg vart også ganske imponert over så mykje tidshistorisk fakta ( har ikkje sjekka så mykje,men vel å tru det) som ligg innvevd i historiene.
Vart elles ganske overraska over språket. Til å vere ein såpass ung mann skriv han svært konservativt: efter , nu, sprog mm i tillegg til setningskonstruksjonar som ein nesten kan forbinde med Ibsen og hans samtidige. Har ikkje lese noko av Fosnes Hansen før, så derfor lurte eg på om han språkleg har lagt seg nær opptil riksmålet som vart brukt i 1912?
Alt i alt: Har hatt ei fin oppleving, og trur eg endar opp med terningkast fem
Og naar Liderna grønka som hagar
naar det laver av blomar på strå
og naar Næter er ljosa som dagar
kann han ingenstad vænare sjaa
Frå Nordmannen av Ivar Aasen
Det er faktisk det viktigaste, - at du lar deg rive med av historia. Eg gjorde det same: Blond vart ei medrivande fortelijing om ein person eg hadde lese om, sett på film og i vekeblad. Etter å ha lese boka vart ho faktisk meir verkeleg enn den fiksjonen ho vart framstilt som....