Godt sagt - men, lurer litt på om "lungebetennelser, alle slags febre og infeksjoner" mm er synonymt med "velsignelser og gaver"? I så fall er det litt sært.....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjarmerande og humoristiske bøker er absolutt eit pluss, ikkje minst dei engelske! Dette verkar freistande! Kanskje det skal bli min premie om eg greier å pløge gjennom Fatimas hånd? God bokmelding som alltid, Rose-Marie!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fikk lyst til å fortelje om mitt møte med Morrison: Ein dag for nokre år sidan stod eg utanfor ein bokhandel og såg i ei kasse med nedsette bøker. Kom heim med Sangen om Salomon. Boka verka ikkje heilt ny, såg litt trist ut, så den vart sett i bokhylla og gløymt. Sikkert fleire år seinare tok eg den fram ein gong eg var lens for bøker - og vart Morrison-"fan". Har no lese mange av bøkene hennar, nokre fleire gonger! (Men at ein del kan vere krevande, Det er eg enig i!)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gotisk spenning var heilt ukjent for meg. Måtte til å google, og trur eg har forstått det som skrekkliteratur av litt spesiell karakter?? Eller???

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rebecca vert kategorisert som thriller, så den kan nok sortere under krim i vidaste forstand. Spenning gir den iallfall!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Interessant! Temaet er viktig, så denne skal eg merke meg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sidan dagane er varme, og vi kan nyte synet av snøkledde toppar som speglar seg i blank fjord, så vert det ikkje så lett å gå inn i "Fatimas hånd" - der frykt og bestialske handlingar ligg i kø.Men- litt vert det nok.

For å bøte litt på det groteske, har eg leita fram diktsamlinga I min deilige have av Ida Elisabeth

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I et landskap, nytt og uten minner
står et epletre i blomst og skinner.

Stien går seg bort imellom lave
busker, og der ned ligger havet.

Epletreet dufter nyskapt sommer.
Her har tiden aldri vært. Den kommer.

Frå diktet "I et landskap" av Inger Hagerup

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Av og til kan det vere greit å ta seg ei lesepause. Bøkene står i hylla, og så kan eg bla litt og finne meg ei når eg har lyst - og om eg heller vil gjere andre ting, så .....

For meg er det eit privilegium å ha bøker tilgjengelig når leselysta er på topp, og at dei står der på vent i perioder der andre ting enn bøker krev merksemda mi. Så til deg, Brit: Lesetørke kan vere sunt av og til...før du veit ordet av det, og kanskje når du minst ventar det, kjem leselysta tilbake:-) Lukke til!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Er imponert. Denne vil eg skrive ut og bruke i dei lesirklane eg er med i :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp avslutta ei god lesestund, med ei svært god bok. Og filmen - den vil eg gjerne sjå! (Trur eg må ha sett den, men ser den gjerne igjen no)

Sjølv om vårsola varma godt i kveld, så var det like mykje boka som gav ei uforgløymeleg stund. Tenk å ha ein far som Atticus!!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Og på norsk:
"Før jeg ble redd for å miste evnen til å lese, var jeg aldri glad i å lese. En er ikke glad i å puste." s 23

Kosar meg med boka som er spekka med gullkorn!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ferielektyre kan vere så mangt, og smaken også...Viss du likar lette bøker på ferie, så kan kanskje "Miraklene i Santo Fico" vere eit alternativ..Handlar om ein liten landsby i Italia som må ta utradisjonelle metoder i bruk for å få turistane interessert...morsom og lettlest. Det same er "Klokken i Makedonia". God ferie!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ho var der og, ved den store steinen, etter kveldsmaten. Det var nokså mørkt då. Staden var god, den store steinen gav roleg ut att av solvarmen han hadde sogi inn heile dagen. Han var varm å legge handa på.Vi la hendene våre på han og sa ikkje større.

Frå novella 21 år av Tarjei Vesaas

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Minimalistisk og maskulint

I mitt første forsøk avbraut eg ved ca halvlest bok. Tok den fram igjen no, og las dei siste tekstane. Og- fremdeles er eg ikkje sikker på om eg har fått med meg det store i desse historiene....

Mange regner disse historiene blant det aller beste Ernest Hemingway skrev.

Det vert spekulert i om Nick Adams er Hemingway's alter ego, at det frå sitt eige liv han skriv. Eg opplevde historiene som maskuline, røffe: Han fortel om barne-og ungdomstid, om jakt og fiske, krig...

Historiene varierer i lengd og innhald, men felles for dei alle er at dei er skrivne i eit språk som er røft og direkte, med korte,avhogne setningar. Trur ikkje eg vågar meg på noko terningkast, det må eventuelt bli seinare.....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er så heldig å ha langhelg, så det blir nok ein del lesetid innimellom familiebesøk og 17.mai feiring.

Skal fullføre Nick Adams-historiene og så står Drep ikke en sangfugl for tur. Kanskje eg også skal ta fatt påFatimas hånd, den har stått på vent ganske lenge no. Ha ei god lesehelg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Midt i blinken for min lesesmak og humor! Denne kjem eg nok til å lese fleire gonger!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Må tilstå at noveller ikkje har vore førstevalet hos meg. Men nokre har eg, og har lese dei fleste eg har i bokhyllene mine...Nick Adams-historiene av Hemingway avslutta eg halvlesen for ei tid tilbake, dei var så annleis enn det eg hadde forestilt meg. No har eg teke dei fram igjen - og les dei med "litt andre briller" enn forrige gong. På baksida av boka står det: "Mange regner disse historiene blant det aller beste Hemingway skrev.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nick stod i teltet og kledde av seg.Han så skyggene av faren og onkel George som bålet kastet på teltduken. Han følte seg svært ille til mote og skamfull og kledde av seg så fort han bare kunne og la tøyet pent sammen.Når han skammet seg, var det fordi at å kle av seg minnet ham om det som hadde skjedd i går kveld. Han hadde latt være å tenke på det hele dagen.

Nick Adams-historiene av Ernest Hemingway

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Du kan glede deg! Har berre to bøker av GG i hylla - og dei har eg lese for lenge sidan. Trur eg treng å repetere litt..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterHarald KSynnøve H HoelBjørg L.BenteTanteMamieNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster S