Vi skal ikkje sova

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det -
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra isaman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng
men vandra i lag under bleikblåe himlen
til fuglane lyfter veng.

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
like til morgongry.

Aslaug Låstad Lygre

Godt sagt! (7) Varsle Svar

PÆDAGOGISK GRUK

Den, som kun tar spøg for spøg og alvor kun alvorligt,
han og hun har faktisk fattet begge dele dårligt.

Kumbel Kumbell

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hmm - synest å huske at den "godeste" Raptus von Rupp hadde talent for både det eine og det andre....kreativ type,ja..hehe...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For nokre år sidan var vi så heldige å få besøk av ein som hadde ei rolle i Riksteateret. Han deklamerte Terje Vigen med så stor innleving at vi aldri kjem til å gløyme det! Ein så sterk tekst - så godt framført- gjer stort inntrykk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og det er juninatta
høgt over skog og fjell.
Og det er grøne lunder
der mørket itte fell.
Og itte får je sova,
Og itte vil je hell!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Forordet er skrive av Kari Vogt. Og det forordet gir meg veldig lyst il å reise til Bagdad og Marrakesh for å oppleve litt av stemninga frå "Tusen og en natt". I denne historia som eg les no, er der: kjærlighet,hat , sjalusi, en rettferdig kalif, mistenksomme ektemenn, onde ånder, bortførte prinsesser, kryptiske trolldomsord, skjebnetunge forbannelser, diamanter så store som strutseegg og dører som aldri burde vært åpnet. ( frå vaskeseddelen bake på boka)

Eventyr blir aldri umoderne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

PÅ TORVET I MARRAKESH eller i de små kafeene i gamlebyen i Damaskus venter fortsatt eventyrfortelleren på deg. På torvet samler han sin lille flokk - folk kommer og går, noen er på vei hjem, andre er på vei inn i basarene for dagens innkjøp; mange blir nok forsinket i sine gjøremål hvis de først stanser og lar seg rive med. På kafeen i Damaskus har folk litt bedre tid, her kommer vannpipene frem, og søt te serveres i brennhete små glass. Forsamlingen venter. Så klyver eventyrfortelleren opp på kafébordet, hvor han alt har plassert stolen sin. For anledningen har han et sverd i hånden, rød fez på hodet og er innhyllet i en vid kappe. Så begynner han.......

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trur eg ikkje kjem til å lese fleire bøker av Coelho ( det er ikkje den første). Historia om Maria er forsåvidt ok, men,nei...Dette er både platt og svulstig!, og for meg lite truverdig.(Trass i i at det skal vere basert på ei historie "fra virkeligheten.")

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har søkt litt eksperthjelp - faktisk her....- og Sinarne er altså senene...så veit vi det! Senebetennelse er ikkje kjekt!

I mi leiting etter svar, fann eg mange gamle litteratursamlingar og språkbøker eg hadde gløymt. Så takk til Ivar Aasen for det! Og så må alle ha ei god helg! Eg skal med lesesirkeldamer høgt til fjells og diskutere god litteratur! :-)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Hm...denne var ikkje enkel. Har sett litt i nynorskordboka mi utan å finne svar. Lurte litt på om det kan vere syna?? augene? Men synest kanskje ikkje det heller gir god meining. Her må det ekspertise til, trur eg...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kanskje boka OM Paulo Coelho er betre enn hans eigne?? (skal merke meg denne)

Eg vart medriven i den perioden då "alle" skulle lese bøker av han, og har dermed nokre eksemplar. Men - har problem med å kome gjennom dei. Den siste, som eg les no, "Elleve minutter" har stått minst eitt år på vent i bokhylla, og der kunne den like gjerne ha stått uopna. Det er noko med hans skrivestil og formuleringar som absolutt ikkje greier å engasjere. Synd,men sånn er det...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om eg ikkje huskar feil, så vart den spanske invisisjonen rekna til den mest ekstreme. Det er eit rått og brutalt regime - liknar lite på den kristendommen eg har lært om!

Det som forundra meg sjølv ein del, var at eg ikkje kjende til moriskane og deira lagnad. Har lese ganske mykje historie, men dette var nytt for meg. Har høyrt og lese mykje om maurarane - men om moriskane visste eg ingenting. Rart!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tragisk religiøst drama

Her er mange trådar frå før, så måtte berre gjere eit val..

Etter å ha lese Havets katedral for ei tid tilbake, så såg eg fram til denne. Men, Fatimas hånd greip meg ikkje like mykje.

Hovudpersonen Hernando har heilt frå fødselen av relasjonar både til kristendommen og islam. Etterkvart ser han det som si oppgåve å knyte dei to religionane nærare saman - noko som er svært farlig. Den spanske inkvisisjonen fer fram på ein grusom og brutal måte. Der er ikkje mykje kristen nestekjærleik i dei religiøse leiarane på 1600-talet!

I tillegg til eit stort antal personar vert vi kjende med dei viktigaste kvinnene i livet til Hernando: mora Aisha, muslimske Fatima og den kristne Rafaela.Deira status - eller mangel på status gjer verkeleg noko med meg som lesar. I det heile er boka spekka med rå og brutale scener - nesten meir enn ein kan makte å lese.

Eg må tilstå at eg hadde tenkt å avbryte etter ca 300 sider. Både språklig og innhaldsmessig var dette til dels krevande lesing. Vel mange dårlige formuleringar og konstruksjonar, etter min smak.Og sjølv om Falcones verkeleg har lagt seg i selen med å framskaffe fakta om dei grusomme hendingane under inkvisisjonen, så verkar det som om det var det som var viktigaste: Å vise at dette kan eg!

Er likevel glad for å ha fullført. Historia om Hernando, Fatima og Rafaela greip meg - deira lagnad gløymer eg ikkje så lett! Har i tillegg lært ganske mykje om moriskar og deira vanskjebne i all si grusomheit.

Er svært usikker på terningkast - men pr i dag endar eg på fire pluss

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Eia var vi der!" Med dei beste ønske om ein trivelig kveld!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Greidde å få fatt i filmen - på biblioteket! Og sjølv om den ikkje er av nyare dato, og i svart/kvitt, så var vi tre generasjonar som fekk eit par intense timar saman. Hitchcock kunne verkeleg å skape ein thriller!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I duften av blomster og frukttrær, i rislingen fra alle springvannene, raget Alhambra opp på den andre siden av Darro-dalen, praktfull, strålende som om den kalte på dem, ville ha dem til å strekke hendene frem.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fru Lynge elsket sin mann med en resignasjon som sved i luften. Det var denne svidde lukten av kjærlighet som Sissel hadde i sine sanser da hun gikk inn i ekteksapet, med en fandenivoldsk tro på Morten som forferdet ham.

Etter fortjeneste av Ernst Orvil

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det låg eit liv i mellom. Låg ord og hender og alt i mellom. Som kvite skyer låg levde dagar og kvelvde seg i kvarandre, mjukt og dovent.

Ei reis til endes av Kjell Åsen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei bok som gir- og gir til dels mykje, alt etter kva ein greier å ta i mot. Mange av tekstane kan lesast igjen, sidan der ligg mykje mellom linjene. Synest Lise Fjeldstad har presentert ei god samling av tekster om kjærleik!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Haha...var for trøtt til å sjå den der i kveld, Kirsten. Men bortsett frå det, så trur eg at eg må skaffe meg litt Dostojevskij - bortsett frå namnet, så er han ukjent for meg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaMorten MüllerTor-Arne JensenKirsten LundDemeterHarald KSynnøve H HoelBjørg L.BenteTanteMamieNicolai Alexander StyvemarvikkiskntschjrldStig TBeathe SolbergIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaJulie StensethMarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinTherese HolmBjørg Marit TinholtSolKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster S