Hamsun har også eg tenkt å gi litt meir tid - både gjenlese og lese - har nokre av hans bøker som som eg har utsett og utsett...Det var forresten veldig kjekt med felleslesing av Sult i i haust.......
Eg skal delta i fleire felleslesingar saman med kunnskapsrike bokelskere! (Takk til Lillevi for "Nattens brød".. Gler meg til dei to neste bøkene).
Når min tilgodelapp hos Norli er brukt opp, skal det kjøpast minimalt med bøker - trur eg!
Eg skal bli flinkare til å bruke det lokale biblioteket.
Eg skal bruke bøkene frå mi eiga bokhylle til å la meg underhalde, more, irritere, engasjere, provosere - og ser fram til mange gode meiningsutvekslingar i eit godt nytt leseår!
Eg likte det eg såg, eg! - Spesielt godt likte eg scener og setting. Fantastiske bilde! Var svært fornøgd med å få Dickens som underhaldning i romjula. Har alle episodene opptekne , så eg kan sjå det igjen - om eg får lyst. (Kanskje etter ein repetisjon av boka?)
Jenter, dette er ei viktig bok!
I Punjab i Pakistan lever ei sterk kvinne: Mukhtar Mai.
I juni 2002 vart ho utsett for gruppevoldtekt av fire menn - som straff for at hennar 12-13 år gamle bror skulle ha oppført seg usømmeleg mot ei kvinne frå ein annan og mektigare klan. Landsbyrådet fungerte som domstol, og ingen kunne - eller ville - hindre at ho vart fornedra på det verste. Vanlegvis gir skamma berre ein utveg etter eit slikt overgrep: Å ta sitt eige liv (om ingen har drept henne før).
Kvinnesynet, kulturen og tradisjonen saman med undertrykking, fattigdom og manglande kunnskapar og utdanning gjer at denne måten å "straffe" kvinner på lever i beste velgåande også i dag:
Mennene har monopol på hevn, og de tar den gjennom vold mot kvinner. s 29
Det offisielle rettsvesenet er fullstendig ukjent for meg, det er forbeholdt rike mennesker med utdannelse. s 39
Jeg er født i dette landet, underlagt dets lover, og jeg vet at som alle andre kvinner tilhører jeg min families menn - som en gjenstand som de har rett til å gjøre hva de vil med. Underdanigheten er obligatorisk. s 84
Dette er rystande stoff, sjølv om det ikkje er heilt ukjent. Ein så totalitær maktbruk og maktmisbruk, æresbegrep, og total underkastelse er så fjernt frå oss i den vestlege verda. Vi treng å bli minte på at det finst folk - mange menneske - der ute som har bruk for støtta vår. For utan den støtta som Mukhtar Mai fekk frå Amnesty og andre organisasjonar, hadde ho nok ikkje greidd å stå så sterkt som ho faktisk gjorde:
- Med fare for sitt eige liv stod ho fram, og gav dei undertrykte og fornedra jentene i Pakistan eit ansikt.
- Ho starta skule og utdanning for jenter, og ho vart støtta av internasjonale media for innsatsen sin
- i 2005 vart ho kåra til "Årets kvinne" i USA
Hennar innsats har kosta - og kostar henne framleis mykje. Ho vil aldri få tilbake det livet ho sette så stor pris på - men det ho gjer betyr mykje for mange. Inntekta frå salet av boka går til skulane ho har starta og driv.
Reint språkleg er ikkje denne av det beste, men innhaldet og bodskapen veg opp for det!
Nok ein gong har eg hatt ei triveleg stund saman med den svært så usympatiske Mr Scrooge - eller Knug som han vert kalla i mi utgåve:
Kulden inni ham bunnfrøs de eldede ansiktstrekkene, bet i den spisse nesen, skrumpet hans kinn, stivnet hans skritt; gjorde øynene røde, de tynne leppene blå, og ga seg skarpt til kjenne i den gnissende stemmen. Et frossent rim dekket hodet og øyenbrynene og den magre haken. Hvor han kom, bar han sine kuldegrader med seg; kontoret hans frøs i hundedagene, og tødde ikke opp en grad til jul.
Etter at hans kollega Barflint døydde, styrte Hr. Knug, gniaren, kontoret i "beste" negative ånd - og det lukkast han med. Ingen positive invitasjonar, besøk eller feiringar kunne gi den minste anledning til smil, latter eller glede. Men så; ein mørk, trist, grå og einsam julekveld får han uventa besøk av gjenferdet etter gamle Barflint! Uhyggelig - mildt sagt! I all si gru kan han fortelle at det er mulig for Knug å unngå eit så tvers-igjennom forferdelig endelikt som det han sjølv fekk, og den sjansen får han ved at tre skrømt skal vise han vegen til noko betre.....
Og presis kl eitt om natta kjem dei, først "Gjenferdet av fortids jul", deretter det rause, fargerike "Gjenferdet av dagens jul", og til slutt: Det dunkle, mørke "Gjenferdet av fremtids jul" som har lite positivt å bringe. Og desse besøka får avgjerande betydning, både for jula og for resten av livet til den gamle gniaren!
Boka er fornøyelig, men gir også rom for ettertanke - med ei så tydelig stemme til fordel for dei svake i samfunnet. Glede, omsorg og forventning er ikkje avhengig av størrelsen på pengepungen - og det kan det vere greit å huske på i vårt materialistiske samfunn!
Mi utgåve av boka er illustrert av Robert Innocenti, kom ut i 1990 og er(sitat frå baksida) : ...den vakreste noensinne.
Kunne ha spart meg å spare denne til jul....Dette vart årets svakaste - trur eg - både språklig og innhaldsmessig!
2012 har vore eit godt år - også litterært. Kunne ha nemnt mange gode leseopplevingar, men nøyer meg med desse:
- Alle dør alene av Hans Fallada. Ei av bøkene som har gjort mest inntrykk..
- Don Quijote av Cervantes.....trur at det er denne eg er mest stolt over å ha fullført..
+ Sofies valg, Rebecca, Oscar Waos korte, makesløse liv,1Q84 1 og 2, .........
Må heller ikkje gløyme at eg har hatt stor glede av å delta i felleslesing av "Nattens brød" av Falkberget. Gler meg til å ta fatt på dei neste bøkene i den serien, i tillegg til eit stort lager av godbitar som ventar i hylla!
Sidan huset er fullt av små og store gjester, så blir det nok mest lesing av kokebøker denne helga! Men - det kan kome mykje godt ut av det!
Vil ønske deg og alle andre ei god og fredelig jul!
DET ER DEN DRAUMEN
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H Hauge
Dette diktet har gitt meg mykje når dagane kunne verke grå og tunge....
I tillegg har eg eit par setningar frå eit dikt av Erik Bye over skrivebordet mitt:
-Mangt skal vi møte,
og mangt skal vi mestre
Dagen i dag - den kan bli vår beste dag.
Lukke til med oppmuntringskalenderen, og alt godt til deg og di venninne!
I never saw a moor,
I never saw the sea;
Yet know I how the heather looks
And what a wave must be.
I never spoke with God,
Nor visited in heaven;
Yet certain am I of the spot
As if the chart was given.
Emily Dickinson
I mi norske utgåve står den omsett slik:
Har aldri sett en Hei
Og aldri sett et Hav
Men vet hvordan Heiene ser ut
Og hva en Bølge er.
Har aldri talt med Gud
Eller vært i Himmelen
Men er like trygg på stedet
Som var billettene delt ut.
Det finst kanskje omsetjingar som er betre?
Kjærlighet - kommer før Livet
Er Dødens - efterfølger
Skapelsens innledning, og
Jordens Eksponent -
I tillegg til koselige julehelsingar frå inn - og utland les eg Innsirkling 2 av Carl Frode Tiller. Absolutt ikkje ei bok til å kome i julestemning av - men ei sterk bok som gjer inntrykk.
Ha ei god adventshelg, du med!
Kaldt og mørkt og lite sol,
såleis er det fram mot jol.
Snø og is all jorda gøymer.
Allting ligg i lengt og drøymer.
Barnet spør kor langt det lid
enno fram til juletid.
Mor har med så mangt å fara,
likevel ho støtt lyt svara.
Verda fekk ein liten gjest,
difor held me barnefest.
Små og store høgt må kveda
saman om den store gleda.
L.F. Hov
(3 av seks vers)
Jordskjelv i Japan...
Det var nesten litt merkelig å avslutte denne novellesamlinga med jordskjelvet i Kobe 1995 som "omdreiningspunkt", samtidig som vi kunne lese at eit nytt jordskjelv hadde rysta Japan i dag.
Trur kanskje ikkje eg yter boka full "rettferdighet"...sidan eg har lese litt i rykk og napp. Boka
inneheld seks kvardagslege noveller frå det moderne Japan. Dagligdagse hendingar og personar, dvs når ein ser bort frå frosken,ja...og litt til..
Synest at både språk og innhald er av varierande kvalitet, berre delvis når det opp til kvaliteten i romanane hans. Avslutninga på nokre av novellene verkar nesten litt uferdige? Kanskje er det ikkje ein optimal sjanger for Murakami?
Men - No håper eg berre at 1Q84 nr 3 ligg under juletreet til jul, for skrive - det kan han!
I nokre tilfelle er det tittelen som er avgjerande for at boka blir innkjøpt - ma Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai av Mary Ann Shaffer.
Ein sterk tittel: Alle dør alene av Hans Fallada
Det ser ut til at det er i orden no :-D
Det var eit merkelig fenomen som eg ikkje har sett før. André Nesse som administrerer sida er vel den rette å kontakte når feil oppstår....
Det er nok fordi at vi i resten av landet er så lovlydige at vi ikkje treng detektivar?? Hehe...ha ei god førjulstid!
(Det var forresten ei imponerande liste du hadde..)
Det blir nok heilt sikkert gjensyn med Et julekvad av Charles Dickens. Har også tenkt å gjenlese Juleoratoriet av Gøran Tunstrøm. ....Glassarven av M Alborghetti som var "Juleromanen" 2010 står også og ventar, men om det er noko å sjå fram til er eg nok litt usikker på. Og med huset fullt, så er det kanskje lurt å ikkje ha for mange planar...
Merkelig bok! Er ikkje sikker på om eg i det heile har oppfatta bodskapen .........Kanskje eg bør lese den igjen.....og då ikkje stykkevis og delt.
Har opptak av filmen, skal iallfall sjå den!
Ingen her i verden er mislykket, hvis man letter byrdene for en annen.
Charles Dickens