Katten var faktisk ikkje lett å unngå å legge merke til, så sær som den framstod. Eg les litt, og undrar meg mykje. Dette er spesielt, trur eg....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Var på biblioteket og henta boka for eit par dagar sidan, ei utgåve er utgitt av Dokument forlag, 1995. Vart nesten litt betenkt når bibliotekaren ytra at ho var imponert over kva eg hadde tenkt å gi meg i kast med....

Fekk lest litt i all hast første kvelden, så eg er no midt i andre kapittel, det om Pilatus....og det opplevde eg som interessant og litt til....
Men når det gjeld kap 1, så vart eg ganske stuss...Kva er no dette? Trur nesten eg må lese det ein gong til, sidan katten som Lillevi referer til lenger nede her, han har gått meg hus forbi. Hmmm, dette kan bli både spennande og utfordrande :-)
Skal gi meg betre tid no i helga, forhåpentligvis i solveggen...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Som ein liten kuriositet kan eg nemne at eg fekk eit særs kritisk, mistenksomt blikk på meg då eg på vårt lokale bibliotek spurte etter filmen om Lolita. Ho tok seg sammen, bibliotekaren, og leitte fram filmen. Eg kunne ikkje dy meg i å tenkje at dette er nesten ikkje "stuereint" å bruke tid på no i 2014 heller? Eller??

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit vemmeleg meisterverk

Besettande,ulovleg kjærleik

Ei bok eg slett ikkje hadde lyst til å lese, derfor har den lagt på vent ganske lenge........

Dette er historia om Humbert, ein middelaldrande mann som forelskar seg så totalt i vesle 12 år gamle Lolita. Han har hatt nokre kvinnehistorier før, men ingen så oppslukande som denne. Hans besettande kjærleik er så umåteleg sterk, at han for å få vere nær henne, giftar seg med mor hennar. Lolita er eit barn som er som 12-åringar flest, oppteken med seg og sitt – samtidig som ho nok oppfattar at Humbert ser på henne med interesse....

Historia er sterk, og heilt annleis enn eg hadde førestelt meg. Sjølv om der i store deler ligg ein seksuell undertone, så er det Humbert sine planar og tankar som dominerer - meir enn handlingane... Eg kjende på ei intens spenning medan eg las, på same tid som eg opplevde det som vemmeleg, opprørande og iallfall meir tragisk enn humoristisk,...

At boka vekte oppsikt då den vart utgitt forstår eg godt – forstår også at boka av mange blir rekna som eit meisterverk.
Språkleg må den vere mellom det aller fremste; skildringane er svært visuelle og nesten uvanleg detaljerte og «to the point». Berre språket i seg sjølv er god nok grunn til å lese boka.

Derfor: Trass i at eg måtte dele tankane til den kontrollerande pedofile psykopaten ( eg trur nesten eg kan seie det så sterkt), så gjorde den eit så uforgløymeleg inntrykk at eg enda med å gi toppkarakter: 6
Det er bok som eg kjem til å huske i lang tid, og det synest eg vesle Lolita har fortent?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Har bestemt meg for å lese den no, same kva....
Kjøpte boka etter å ha lese Å lese Lolita i Teheran, ei bok som gjorde inntrykk.
Men at han skriv mesterlig den "gode" Nabokov, det er det ingen tvil om!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hun var åpenbart av den type kvinner hvis velpleide ord kanskje gjenspeiler en bokklubb eller en bridgeklubb eller andre slike dødskjedelige, konvensjonelle innretninger, men aldri hennes sjel - (........)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Les litt i rykk og napp med litt blanda kjensler i Lolita av Vladimir Nabokov. Opplever innhaldet som både vemmelig og vakkert.....Men ei lystbetont oppleving er det ikkje!

Eg fekk kjøpt Kane og Abel på Mammut, så eg er spent på om det er ei bok eg kan sjå fram til?
God helg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er med

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har du rett i....Eg har no plukka den fram og skal lese. Den vert no rekna som ein klassikar, om eg ikkje tek heilt feil. :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har tenkt å delta i neste felleslesing, og også eg synest det er vanskeleg å velje. Først tenkte eg på Lolita av Vladimir Nakobov, men ser at svært mange har den i samlinga si. Sjølv har eg den på vent, men den vart innkjøpt etter å ha lese Å lese Lolita i Teheran. .."En historie om kjærlighet, bøker og revolusjon".
Så den blir mitt framlegg til bok. Las den for nokre år sidan, og den gjorde sterkt inntrykk på meg. Med fare for liv og helse diskuterte dei bøker, og det på ein slik måte at eg som lesar vart frista til å lese dei same bøkene...
Den norske bokdatabasen skriv:

Etter den iranske revolusjonen i 1979 ble arbeidsforholdene vanskelig for forfatteren som var litteraturprofessor i Teheran. Nesten all vestlig litteratur ble forbudt og da hun mistet jobben fordi hun nektet å bære skaut, inviterte hun noen av sine studenter hjem til seg for å lese forbudte klassikere. Dette er hennes egen beretning som gir et portrett av et kvinneundertrykkende samfunn, men det er også en bok om litteraturens frigjørende kraft

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Helgeveret vi har no her i nordvest er perfekt til å avslutte dei få sidene eg har igjen i den lettleste Månevendt av Jan Chr. Næss.
Har lyst å lese ei krimbok no - og trur det må bli Ildmannen Av Torkil Damhaug.

God helg til alle!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg opplevde boka som svært variabel..på den eine sida vart eg gripen av forteljinga om Jasi, og hennar tragiske lagnad. Det rådande kvinnesynet er rystande!
Forteljinga om Henna, frå ein god barndom og til ho endar som flyktning i Norden er nokså uryddig i framstillinga, spesielt opplevde eg slutten som noko "hastverksprega"?

Alt i alt kjenner eg at eg har godt av å bli mint om levevilkåra for ein del kvinner rundt oss i verda, og deler av boka opplevde eg som både interessante og spennande. Eg enda - under tvil - på terningkast 4

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sidan eg las boka i omgivelsar med ein del uro, er det mulig at eg ikkje er heilt rettferdig når eg endar med usle terningkast 2, men eg er dessverre ikkje sikker på kva som var mirakelet, og mirakelet var den einaste årsaka til at eg ikkje avbraut......
Så, om nokon veit kva det var, tek eg imot med takk :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er enig med deg......det beste med boka var kanskje prisen?
Nokre gode formuleringar er der, men meg gav den elles svært lite.
Om eg ikkje tek feil har eg ei bok til av same forfattar, men den skal få vente, trur eg...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er enig med deg i at kvaliteten var ujamn. Etter å ha lese dei to første novellene, vurderte eg å legge vekk heile boka. Om det var settingen eg las dei eller kva....det veit eg ikkje, men det var ikkje det heilt store for meg.
Men - eg er glad eg las resten, og eit par av novellene var kostelige! Likte spesielt godt Svart hettegenser, og den ganske "creepy" Barnevognen.
Sidan eg opplevde innhaldet såpass variert innhaldsmessig, enda eg opp med ein 4 på terningen, såvidt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alle gode forsett vart lagt til side i dag.....
Kom heim med:
Tigerens kone av Tea Obreht
Kane og Abel av Jeffrey Archer og
Jeg forbanner tidens elv av Per Petterson

....og det berre fordi det var "Tre for to" ....så, om eg har gjort eit kupp, det gjenstår å sjå :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Personleg likte også eg "Det usynlige fjellet" betre enn denne.
Eg vart skuffa over den springande vinklinga på stoffet, og eg opplevde det til tider litt forvirrande å "sjå" kven si stemme snakkar no?

Elles så må eg sei at eg ikkje har noko imot magisk realisme, men her verka det for meg litt for lite truverdig. Det våte gjenferdet fekk litt for stor plass i historia.

Når det er sagt, så er historia viktig! Dei 500 barna som vart frårøva familiane sine fortener at vi ikkje gløymer!
Dei 30 000 som forsvann under militærdiktaturet fortener at vi veit, og det same gjer mødrene på Plaza del Mayo, som kvar fredag gjekk rundt med bilde av sine forsvunne kjære for om mulig å finne eit svar.
Kan gjerne tenkje meg å lese meir om dette!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei bok som eg nyleg har lese, nemlig Dehlis vakreste hender var verkeleg
god underhaldning, både lettlest og med eit lite snev av spenning. så eg trur eg kan stå inne for at den kan vere eit godt alternativ på ein grå dag. :-D

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du har heilt rett. Dette var nesten uventa trivelig! Både morsom, og med ein dose spenning var dette god underhaldning :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

God underhaldning

Gøran Borg er middelaldrande, han er skilt, einsam – og ganske så motlaus etter å ha fått sparken frå jobben som skribent. Svært så trist, altså!
Når han då vert invitert på ein chartertur til India av damevennen og sjarmøren Erik, tar han motvillig sjansen på å bli med.
Det går ikkje så veldig bra; han får magetrøbbel og må bli igjen på eit trist hotellrom i Jaipur, medan dei andre reiser vidare.
Til alt hell kjem Yogi, ein velståande indisk optimist, og tek Gøran med tilbake til New Dehli. Han blir ein venn for livet, på mange måtar.

Gøran får etterkvart smaken på India, han møter ei vakker kvinne, Preeti, og han får ved hjelp av sin gode ven Yogi eit nytt og optimistisk syn på framtida!

Boka er fornøyelig, har mange humoristiske ord og vendingar, i tillegg til også å vise den svært så mangfaldige indiske kulturen på godt og vondt.
Eg har humra, opplevd litt spenning, og framfor alt; eg har nesten kjent alle gode dufter og vonde lukter som han skildrar med innleving... for ikkje å snakke om indisk mat og krydder...

Ei trivelig oppleving som gir kar: 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldMads Leonard HolvikPiippokattaEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundTanteMamieLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré NesseKristin_PirelliMorten JensenAvaÅsmund ÅdnøyMarenLene AndresenKaren PatriciaSynnøve H HoelNabodamaMaikenHeidiBjørg L.