Eit vemmeleg meisterverk

Besettande,ulovleg kjærleik

Ei bok eg slett ikkje hadde lyst til å lese, derfor har den lagt på vent ganske lenge........

Dette er historia om Humbert, ein middelaldrande mann som forelskar seg så totalt i vesle 12 år gamle Lolita. Han har hatt nokre kvinnehistorier før, men ingen så oppslukande som denne. Hans besettande kjærleik er så umåteleg sterk, at han for å få vere nær henne, giftar seg med mor hennar. Lolita er eit barn som er som 12-åringar flest, oppteken med seg og sitt – samtidig som ho nok oppfattar at Humbert ser på henne med interesse....

Historia er sterk, og heilt annleis enn eg hadde førestelt meg. Sjølv om der i store deler ligg ein seksuell undertone, så er det Humbert sine planar og tankar som dominerer - meir enn handlingane... Eg kjende på ei intens spenning medan eg las, på same tid som eg opplevde det som vemmeleg, opprørande og iallfall meir tragisk enn humoristisk,...

At boka vekte oppsikt då den vart utgitt forstår eg godt – forstår også at boka av mange blir rekna som eit meisterverk.
Språkleg må den vere mellom det aller fremste; skildringane er svært visuelle og nesten uvanleg detaljerte og «to the point». Berre språket i seg sjølv er god nok grunn til å lese boka.

Derfor: Trass i at eg måtte dele tankane til den kontrollerande pedofile psykopaten ( eg trur nesten eg kan seie det så sterkt), så gjorde den eit så uforgløymeleg inntrykk at eg enda med å gi toppkarakter: 6
Det er bok som eg kjem til å huske i lang tid, og det synest eg vesle Lolita har fortent?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

handler ikke boken også om kommunismens kontroll over umyndiggjorte mennesker? Nabokov var russisk som måtte rømme etter revolusjonen og mange har tolket at boken handler om statens overgrep mot det russiske folk som hadde blitt som barn helt uten kraft til å stå opp mot en overgriper.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

BenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer Gabrielsen