Triveleg for ein bokelskar....
Trur kanskje at eg var noko slepphendt då eg trilla terningen for denne. Men, sidan eg har hatt ei ganske triveleg stund, så skal den få vere. (Dei gode intensjonane hos givaren har nok gjort sitt...)
Miljøet er ok, ein bokhandel på øya Alice i USA der ein fortvila enkemann, A.J., utruleg nok får ansvaret for ei lita, foreldrelaus jente. To-åringen Maya viser seg å vere uvanleg oppegåande og ein bokelskar av dei sjeldne.
Artig med bokmeldingar som innleiing til kvart kapittel, og likte også at det viste seg å verte litt spenning undervegs.
Så dette var ei kjekk julegåve som eg sette pris på, men stor litteratur kan ein kanskje ikkje kalle det, akkurat...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Må kome med forslag på denne igjen eg då: Kongens fall av Johannes V Jensen.
Boka er ein historisk roman, vart kåra til århundrets roman i Danmark.

Ellers så er her fleire andre gode forslag ser eg....

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Leseåret 2014 gav meg mange gode leseopplevingar. Ei av dei som gjorde størst inntrykk på meg då eg las den, må vere Syngja av Lars Amund Vaage.
Ellers så er eg glad for at eg endeleg manna meg opp til å lese Lolita av Vladimir Nabokov. Må også få nemne Sjakknovelle av Stefan Zweig....og..nei, det får halde, sjølv om eg kunne ha nemnt fleire.

Men- Ynskjer deg og alle andre bokelskere eit godt leseår 2015!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kanskje er det hans henrykte takknemlighet mot hans egen gode kone som har fått ham til å omtale det kvinnelige kjønn som substantivet Godhet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sjølv for ein "Dickensfan" som meg vart dette mykje å kome gjennom!!
1070 sider med eit uendeleg arveoppgjer, eit overmåte rikt persongalleri, vanskelege familieforhold, mystiske hendingar, ein stakkars, fattig liten gategut.....Til tider tok det nesten pusten frå meg!
Men, i god "Dickensånd"; alt enda godt, iallfall det meste. Og eg kan snu siste sida i boka og seie Phuhhh, og vere fornøgd!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sjøen har ingen respekt for betydningsfulle personer, og skalter og valter med dem så vel som med småkårsfolk.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Mrs. Rouncewell er av en slik oppfatning fordi hun mener at en så gammel og fremstående familie har rett til å ha et spøkelse. Hun betrakter et spøkelse som et av overklassens privilegier, .....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trudde at eg ikkje fekk ei einaste bok i år, men der tok eg feil, ja! Eg fekk:
Maurtuemordene ei signert utgåve av Hans Olav Lahlum
Herr Fikrys litterære liv av Gabrielle Zevin
Aloe Vera av Audun Myskja, men ei svensk utgåve.

Vidare fekk eg ei lokal sogebok + ei som eg har lyst til å prøve å bytte, veit ikkje om det går sidan den ikkje er kjøpt her...
Så lesestoff er det slett ikkje mangel på, nei!

God romjul vidare!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er nesten litt misunnelig...har lese Bare mjuke pakker av same forfattar ganske nylig, og likte den forbausande godt, nesten uventa godt, kanskje.
Trøystar meg med at eg har Dickens på vent!
Håper at julestemninga kjem til deg :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne 4. helga i advent skal eg ha det litt fornøyelig i selskap med denne 210 år gamle Haldor Smeks smaae tildragelser i livet av Nicolai Wergeland. Synd at så få har den, den er ein raritet som fleire burde lese...
Sjå berre her:

Dersom man spiser for lidt, bliver man svag, dersom man spiser for meget bliver man syg. Dersom jeg gaaer, bliver jeg træt - dersom jeg sidder, sløves jeg. - Giver jeg lidet, kaldes jeg en Gnier - giver jeg meget, kaldes jeg ødsel. - Besøger man sine Venner ofte, er man paatrengende - besøger man dem sjelden, er man kold og tilbageholden.

Over helga skal eg starte på ei bok eg har gleda meg til lenge, nemlig mursteinen Bleak house av Charles Dickens! Han er min juleforfattar framfor alle....
Ha ei trivelig helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Pelle Erobreren
Dette storverket av Nexø er ein roman i fire deler som først kom ut på starten av 1900-talet.(1906-1910)

I 1877 kjem eit skip til Bornholm, Danmark. Mellom passasjerane er 8 år gamle Pelle og faren, Lasse. Dei har reist frå Sverige, frå naud og fattigdom, og ber med seg draumen om eit betre liv.
Men - å få arbeid er lettare sagt enn gjort. Lasse må seie ja til det minst attraktive, og får arbeid på Stengården. Det viser seg raskt at dette ikkje er svaret på draumane deira. Arbeids-og levevilkåra på Stengården er nesten føydale, arbeidstakarane lever som dyr med elendige butilhøve, dårleg mat, og lange, harde arbeidsdagar. Men, sidan nauda er stor, må dei takke til.
Alle tilløp til opprør vert slått hardt tilbake.
Pelle innser meir og meir at far Lasse ikkje er den sterke faren som han skulle ynskje. I staden er det Pelle som ofte må ta støyten for han.

Dei to første delane av romanen følgjer vi ungguten Pelle og faren i deira harde kvardag, og Pelle sitt strev for å få noko betre.
I dei to siste delane er Pelle vaksen, han forlet landsbygda og faren, og prøver lukka i byen. Nauda er stor også der, og han må tole mange skuffelsar og mykje motgang, svolt og naud.
Likevel gir ikkje Pelle opp, han drøymer om at verda skal bli betre for dei som lever nedst nede på rangstigen, han vel å kjempe for det han trur på.

Boka gjer inntrykk, levekåra som var småfolket sin kvardag her nord for meir enn 100 år sidan er nesten utenkjeleg for oss som lever i den rike delen av verda.
Nexø skriv godt, og han viser sterk sympati for miljøet han skildra, som skal vere delvis sjølvbiografisk.
Personleg fekk eg ikkje like mykje ut av fjerde delen, utan at den er mindre god av den grunn.
Av meg fekk boka terningkast 5

Den Oscarpremierte filmen om Pelle Erobreren av Bille August frå 1987 gav også mykje!

Må elles nemne at eg las "Ditte menneskebarn" av same forfattar for mange år sidan, den gjorde også sterkt inntrykk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er enig med deg, dette er både uvanleg og fantastisk. Det uskrivne er nesten like sterkt som det skrivne.
Skrivemåten er spesiell, fekk nærmast inntrykk av hav og bølger som duvar fram og tilbake med større og mindre styrke - alt etter kva som låg i innhaldet.
Har ikkje lese noko av Fosse før, denne her skal eg iallfall lese meir enn ein gong.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

" Det er ein slags jobb, det og," sa eg, " å vere sjuk."
"Ein fulltidsjobb. Og han er slett ikkje for alle. Han krev eit visst talent, vil du ikkje seie det?"
"Tja, eit visst talent for tolmod i alle fall." s 155

Sitatet får vere med som bilde på at boka ikkje er heilt utan litterære kvalitetar.
Bake på boka står det at det er ei bok om kjærleik og død og varmluftballongar. Eg for min del fekk svært lite ut av denne, med unntak av eit lite parti mot slutten.
Terningkast let eg vere....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gratulerer! God bok i god,ny bil! Då reknar eg med at du er fornøgd med dagen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sidan eg var innom biblioteket i dag, så vart Himmelrike og helvete med heim, i tillegg til Andvake.
Gler meg veldig til bøkene til Stefanson, men sidan vi er inne i ei førjulstid, veit eg ikkje om eg rekk å lese alle tre før sjølve jula....Då har eg nemlig planlagt å lese Bleak house, ein murstein av Charles Dickens. Dickens er ein av mine julefavorittar, og denne har eg aldri lese, berre spart til jul :-)
Så då får eg spare Stefanson til det som eg håper blir eit godt nytt år...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Berre på trass skal eg fullføre "Bak auga er det natt" av Runar Dahle. Har heldigvis ikkje så mange sidene igjen.
Den neste på leselista er "Englenes sorg" av Jon Kalman Stefanson...om det ikkje blir "Andvake" av Jon Fosse.
Den har kanskje litt meir med jula å gjere...så vi får sjå

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Veit du, Jostein, no fekk eg altså lyst til å lese "Andvake" - har ikkje lese noko av Jon Fosse, men no skal det bli! Det får bli biblioteket i morgon.
Håper du likar Paasilinna - eg har mora meg godt over fleire av bøkene hans, Kollektivt selvmord er kanskje den eg likte best!
Lukke til med bilhandel! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg visste iallfall ikkje at Notto Fipp i Bernhard Hvals forsnakkelser var ein person som verkeleg har levd!
Den fiktive Bernhard Hval får den svært så originale Fipp som venn, og kanskje ein kan sei at romanen hans i stor grad er bygt over historia om Notto Fipp? (No har eg ikkje lese meir enn vel 100 sider, så det mulig eg tek feil?)

Notto Fipp levde frå 1885 til 1931. Ei tid var han sjømann før han kom tilbake til Norge. I 1929 gjekk han frå Kristiansand til Oslo utan å ete, han berre drakk. I følge Lars Saabye Christensen var han svært glad i melk og bananar, noko vi også kan lese om på Wikipedia og andre nettstader.
Må ellers sei at eg kosar meg med boka

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Også eg er enig i omtalen! Boka er sterk og annleis - ulikt det meste av det eg elles les.
Innhaldet er svært kontrastfylt med ein ørken, aude, uvennleg og med mange farar - mot ein svært vakker, grøn oase som eit bilde på noko positivt.
Oasen gir assosiasjonar til det intense, vakre forholdet mellom Mahmoud og Catherine i starten, men så vart det faktisk livet i oasen som medverka til at forholdet deira vart kjenslelaust, nærast fekk eit ørkenpreg.....
Men, uansett, boka inneheld mykje som gir mange tankar ein sein, mørk vinterkveld! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg vil ønske alle som skal vere med på felleslesinga av 1984 lukke til med prosjektet!
Eg har dessverre vore litt passiv denne gongen, - av ymse grunnar.....
Kjem nok til å følgje litt med, likevel, sjølv om det er lenge sidan eg las boka. Er så heldig å ha både ei engelsk og ei norsk utgåve.....
Ser at boka er svært aktuell no, i og med at den er filmatisert igjen og skal lanserast no i desember.
Iallfall, lukke til! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ingar hPiippokattaHeidi LBjørg L.Egil StangelandLinda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerKirsten LundEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamieVannflaskeTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi HoltanKari FredriksenKjell F TislevollAskBurlefot