I dag lurer eg på om eg skal heise flagget, ja - om eg hadde hatt eit altså!
Har endeleg fått tilbake internett, no er det berre å få på plass bøkene! Får nok ikkje plass til alle, så det blir nok litt sortering og kassering, ikkje heilt lett, akkurat.

Ha ei god helg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heia, og velkommen som ny administrator av lesehelgsida!
Eg for min del er luta lei av å vere utan nett, må gå på besøk for å lese og skrive noko her inne! Det vil vare nokre få veker til....
Elles så les eg for tida ei bok som gjer sterkt inntrykk: Krigen har intet kvinnelig ansikt. Det er ei bok som er svært annleis enn eg hadde tenkt meg, men ei bok som fortener mange lesarar!

Ha ei god helg!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei gode sitata du har lagt ut, gjer at eg verkeleg ser fram til å lese denne. Har boka på vent :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takkar for svar! 1984 har eg lese, opptil fleire gonger faktisk, og både på engelsk og norsk.

Ser at de kanskje skal lese "Salamanderkrigen" av Capek som eg har på "skal-lese-lista" mi. Den kunne eg jammen ha tenkt meg å lese i gruppe, men dessverre er boka langt vekke i ei kasse, så den får eg ta igjen seinare.
Ser også at der er mange gode forslag i linken du delte. Håper at eg kanskje kan delta seinare når både nett og bøker er på plass igjen! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for godt svar, sjølv om eg framleis er litt usikker på om eg verkeleg har forstått. (Det må vere litt "påsketregheit", om det er noko som heiter det)
Men postapokalypse er ikkje det situasjonen som oppstår etter ei krise? Eg måtte slå det opp, og forstod det slik.

Hadde sett pris på om du eller andre kunne anbefale meg ein dystopi som er verkeleg god. Eg likar kanskje best bøker med positivt innhald, men er boka god så kan det vere eit alternativ.....Har ma Bovara av Leikvoll på vent, men den må eg manne meg opp til, trur eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne påska les eg ei bok som har både krim og religiøst innhald, nemlig klassikaren Rosens navn av Umberto Eco. Det er verkeleg ein murstein med både fryktelige drap og skildring av middelalderen. Boka er verkeleg spennande, men den krev ein del av lesaren, så det blir sikkert ikkje fleire bøker på meg i påska.
Ynskjer at både du og alle andre Bokelskere får trivelege dagar resten av påskeferien. Her i nordvest er ikkje vêret på vår side, så det er gode grunnar til å kose seg innandørs! :-)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Dystopi??
Sidan her no er ganske mange som les bøker som vert kalla dystopi, så lurer eg litt på omgrepet. Eg har kika litt i Wikipedia, så eg har fått med meg at ein dystopi er skildringa av eit negativt samfunn, noko dystert.
Eg meiner også at eg har lese dystopiar, og der ligg også nokre på "skal- lese- lista" mi.
Eg er ganske sikker på at Salamanderkrigen av Capek og Pesten av Camus er dystopiske.
Men, kan ein også rekne bøkene av Leikvoll som dystopiar? Og kva med bøkene av Sandemose, til dømes? Og der er sikkert fleire, utan at eg kjem på noko no i farta.

Kva er etter di meining den optimale dystopi? Må den skildre ein urealistisk framtidsvisjon?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så har eg vore saman med Barbara von Tisenhusen, Presten Paavali og kona hans Catharina, og Aalo, kona til skogvaktaren Priidik.
Det har verkeleg vore kjennskap som har gjort inntrykk!! Både historiene - så vakre og så tragiske - og språkleg har dette vore ei bok som vil sitte i minnet lenge, lenge! Nokre setningar, avsnitt og sider har eg lese opptil fleire gonger.

Det har også vore hjarteskjerande å lese om dei straffemetodane dei brukte - i Guds namn- på 1600-talet! Reglane var strenge, og braut du dei, var du utan nåde. Og overtru var like sant som det auget kunne sjå! Kanskje historia om Paavali var den som gjorde mest inntrykk.

Ei stygg-vakker bok eg ikkje ville ha vore utan! Ei litterær perle!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les denne no, og sjølv om eg er nynorskbrukarar, så er der ord eg slett ikkje forstår. Kva er ein gysje???
Eg hadde utsett å lese denne, sidan språket er så gammalmodig, men ser at det ikkje er noko problem. Det er rett og slett ein fest å lese! Gler meg til å lese resten, og er glad for å ha denne i samlinga mi!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men om munnen hennar var vakker og lippene var struttande og raude, so opna ho dei sjeldan, for ho høyrde ikkje med til dei kvinnene som fer med slarv på torget eller sit på troppene sine som duver på mønet og samlar på gysjer. Men ho visste at togn var ein prydnad for ei dygdefull kvinne.
(Presten Paavali skildrar Catharina, kona hans)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I helga las eg ei bok som verkeleg var frå eit kvinnesynspunkt. Buddha på loftet av Julie Otsuka er eit meisterstykke av ei bok i kollektiv bunad! Dei jentene som snakka der har verkeleg fortent all merksemd!
Og - Gratulerer med dagen, jenter!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne helga er det Middagen av Herman Koch som er prioritert.
Er ikkje heilt sikker på kva eg kjem til å meine, den er forsåvidt spennande, men kanskje litt vel mange digresjonar?? Vel, eg har no litt att, så det kan hende at den svarar til dei forventningane eg hadde på førehand.

Elles så kan eg fortelle at eg trur eg gjorde eit kupp i bokhandelen i dag. Fekk deira siste eksemplar av Dosojevskij si Forbrytelse og straff, og det til halv pris av Mammutprisen. Den er tjukk og god, så den blir nok ikkje lesen no med ein gong.

Elles vil eg ysnkje alle ei god helg, og kryssar fingrane for at våren med litt meir temp ikkje er langt unna! :-D

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne gjorde inntrykk!
Eg visste at det hadde vore spedalske i Norge i "gamle dagar", men visste ikkje at omfanget var så stort, og heller ikkje at det varte så lenge. Siste spedalske gjekk bort i 2002.
Boka er interessant, lettlesen og har faktisk moment av spenning.
Menneskesynet som kom dei spedalske til del, var alt anna enn sympatisk. Det var også spesielt å lese om korleis dei såg på kvinnene og vestlendingane: Undermåls menneske med små hjerner...
Vart også imponert over den jobben dei norske legane gjorde, nokre av dei fortener all honnør.

Så konklusjonen er: Ei lettlesen, informativ bok som fortener å bli lesen av mange. (Og takk og pris for at sjukdommen ikkje lenger er hos oss).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skulle verkeleg ønske eg kunne vere med denne gongen, men nesten utan nett og med nesten alle bøkene langt unna i kasser, så blir det berre små tittar frå mi side. Heldigvis kan eg sjå fram til betre tider om eit par månader.
Synest "Tistlene brenner" er eit godt forslag, sidan eg har ei flott utgåve av boka - vekkgøymd! Ei god lesestund ønskar eg dokke alle, same kva bok som blir valt ;-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Å få fatt i "Fyrsten" vart jammen ikkje lett... Hadde bestilt den, utan at det var så mykje hjelp i! No får eg kanskje boka tilsendt til ein lokal bokhandel, men prisen går nok ein del opp... Så, eg er nesten utan nett, og " likar på leiken ille"...Gler meg til å kome i normalt gjenge om eit par månader!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Slo til med "Fyrsten" eg, Jostein. Hadde eigentlig bestemt meg for ikkje å kjøpe noko, men sidan eg hadde ein tilgodelapp som "brann" i lommeboka, så vart det den og eit par til. Men, eg er enig med dei som skriv at tilboda ikkje imponerte akkurat. Lite Mammutpreg over det...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har fått lese litt i Mårbackatrilogien, og har likt veldig godt det vesle eg har lese til no......

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei bok som eg fekk i hende i går, nemlig Sovjetistan av Erika Fatland, har gitt meg leselysta tilbake. Så denne helga blir den prioritert. Heldigvis har lesetilhøva mine også betra seg ein del....
Elles så har eg fremdeles svært skral datatilgang...gler meg stort til andre tider.
Ha ei god helg - og spesielt ei god lesehelg til alle! :-D

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er såvidt inne i Klima X av Erik Grønner, + at eg har framme ei bok av Selma Lagerløf.
Det som er saka for tida, er at eg får lese veldig lite, og den situasjonen vil vare nokre månader....og i tillegg har eg svært dårleg tilgang til internett. Så derfor ber eg om tolmod om eg skulle verke likegyldig.....
Uansett, eg ser fram til normale tider der eg kan vere aktiv igjen.
Ha ei god helg i vinterveret! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det tok noen minutter før jeg skjønte at jeg ikke var død da jeg våkna.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Catrine Olsen ArnesenGro-Anita RoenBente NogvaLinda NyrudAnn ChristinMarianne MRonnyToneGunillaJulie StensethBjørg L.Fride LindsethBjørg Marit TinholtÅsmund ÅdnøyIngeborg GTine SundalHarald KMads Leonard Holvikella76marvikkisNina M. Haugan FinnsonYvonne JohannesenAnniken BjørneslittymseOdd HebækKirsten LundGrete AmundsenAnne Berit GrønbechHilde H HelsethLailaReadninggirl30mgeBirkaNadira SunsetHelen SkogEllen E. MartolEgil StangelandBjørn SturødTanteMamieJ F