Biblioteket var så kjekke at dei skaffa filmen om Zorbas...Har hatt ei triveleg stund saman med Zorba og Basil på Kreta. (Athony Quinn og Alan Bates).
Filmen er frå 1964, er i svart/ kvitt - men fullt ut sjåverdig også i dag.
Så - då set eg endeleg punktum for romanen.
(Og musikken av Mikis Theodorakis er velkjend)
Det ante meg, men det får berre stå. Ein fin juletradisjon er den iallfall!
Et julekvad av Charles Dickens må bli mitt forslag. Det er ei bok eg har lese fleire gonger, og den toler godt å bli lesen ein gong til.
"Snøsøsteren" er ei flott bok- eg har kjøpt fleire som eg har gitt bort til born i familien - dei skal lese den no i adventstida.
Lurte også på å foreslå "Tante Pose" - men valet vart Dickens...
Er faktisk enig, Lillevi!
Men no har eg likevel fått lest litt. Kanskje det er forma på innhaldet som gjer at det ikkje engasjerer slik eg kunne ønske? Opplever handlinga som nesten litt innhaldslaus- får ikkje tak i kva forfattaren eigentleg vil sei.....hm...Har likevel fått lest til s 200
Noko som slo likevel meg medan eg las er om det kan vere ein slags symbolikk i det at dei går under jorda med gruvedrift - og så vender blikket oppover med å sjå til klosterlivet? Eller er eg heilt "på jordet"?
Biblioteket vil skaffe meg filmen, så eg skal no kome i mål på eit vis :-)
Har nettopp avslutta Fallvann av Mikael Niemi. Hadde gleda meg til den, men den trefte ikkje heilt blink hos meg. Har omsider leita fram Stalker av Kepler. Den har stått i bokhylla i lange tider, etter å ha gjort eit varp til svært god pris for ei god stund sidan. Har ein mistanke om at den ikkje mellom dei beste av Kepler.
Prøver elles å manne meg opp til å lese siste halvparten av "Fortell, Zorbas, fortell". Lurer på om det er den eldgamle utgåva som gjer det til eit tiltak å halde fram..Ja,ja...noko stort problem er det ikkje når ein ser kva andre strevar med rundt om i verda!
God helg!
Har ikkje "dansa med Zorba" på fleire dagar.....men har planar om å få litt tid til han denne veka. Er enig i at forteljaren er noko diffus...får ikkje heilt taket på han, kven han eigentlig er.
(Må elles takke for stjerna, Marit...den vart nr 3000! )
Hurra! Då fekk den Nordisk råds litteraturpris i dag! Lurer nesten på om eg må kjøpe mi eiga utgåve av boka! :-)
Ja, du snakkar om kvinnesyn!
På s 56 i mitt "klenodium" kan ein lese om gamle Anagnostis som grunna faren sin gudespott har fått trøbbel med hørselen av Den hellige jomfru. Men, som han seier:
Hun kunne gjort meg blind eller åndssvak eller pukkelrygget, eller hun kunne til og med - Den allmektige beskytte oss - hun kunne gjort meg til en pike.
Du og Moira og Jostein har fått meg til å ikkje vere så bastant...Eg skal prøve å få lest den. Men, den som ligg framfor meg her no er ei utgåve frå 1953, og kven som har omsett teksten er ikkje opplyst.
Ein ting kan eg iallfall garantere: Dette blir ikkje sengelektyre! Så eg er avhengig av å ha tid og lesero på dagtid! :-)
Heia! Eg har nettopp fått i hus ei eldgamal, gulna utgåve av "Fortell, Zorbas..." Det er nesten så eg kvir meg for å ta i boka. Så no ventar eg nokre dagar og ser...om dokke meiner at innhaldet er så bra at eg må overvinne skepsisen min og bli med på felleslesinga!
I det minste kan eg kanskje låne filmen på biblioteket.
Den kan sikkert tole eit gjensyn etter mange år!
Kjenner meg privilegert som har fått i hus eit eksemplar av "Snøsøsteren"!
Den er sår, velskriven, god!
Berre illustrasjonane er grunn god nok til å kjøpe boka!
Men, kan vel også sei at innhaldet og illustrasjonane står fram i godt samspel!
Ei vakker, trist og kjenslevar bok!
All honnør til dei to som er ansvarlege for innhaldet!
Då lærte eg noko i dag med! Det var nok den sunne Oslofrokosten eg hadde høyrt om før, ikkje den meir ironiske typen med reparasjon av dagen derpå!
Kan også huske at far min kjøpte noko som heitte "Oslobrød" hos den lokale bakaren då eg var lita. Eit lyst brød, likna på loff, men hadde meir mat i seg.
Uansett: Ha ei god helg...og kos deg med god frukost, godt brød og god litteratur! :-)
Er godt i gang med Byens spor- Maj-og las nettopp noko eg lurer på s 176:
"Noen har fått i seg en Oslofrokost allerede."
Kva er/ var ein Oslofrokost? Meiner eg har høyrt det før ein gong... Var det noko som var spesielt for 50-åra?
Vart nesten litt skuffa, eg...Fekk gode minne då du foreslo Midaqq-smuget...håpte nesten på at den kunne bli samlese...Men, sikkert god Berlin Alexanderplatz også. Såg første episodene..
Mitt forslag denne gongen er Hva nå lille mann av Hans Fallada.
Romanen er ein klassikar som har fått gode kritikkar.
Kanskje den kan opplevast som aktuell også??
Ei grusom og god bok.
Eg vart på gråten over å lese om dei grufulle gjerningane som Rinnan fekk utført. Kva i alle dagar kan få eit menneske til å bli så tvers igjennom vondskapsfull- krigen åleine kan ikkje gjere det.
Trur mannen måtte vere psykopat.
No skal eg finne noko kjekt å lese - det har vore mykje vondskap i det siste ...Først med "Dvergen" i felleslesing og no denne!
Men, at boka er fantastisk er eg einig i!
Hei! Har nettopp lest siste side i Simon Stranger's Leksikon om lys og mørke! Vart heilt satt ut! Visste at Rinnan hadde gjort mykje forferdelig i krigsåra, men ikkje at han var så tvers igjennom infam! Ei god bok som vil sitte i kroppen lenge!
Har elles planar om å få Forbrytelse og straff tilbake mellom dei prioriterte. Den har blitt liggande litt for lenge.
Ei anna som eg kanskje skal kose? meg med er Menn som ingen treng av Frode Grytten.
God lesehelg til deg og alle andre! :-)
Eg avslutta "Dvergen" i dag....og er glad for å kunne gå over til å lese noko som er meir lystbetont. Boka er god, og eg hadde den på ønskelista mi - trur eg konkluderer med at innhaldet er vondt, rått og godt.!
Sat heile tida med ei kjensle av at det var ein allegori eg hadde i hendene, der både dvergen og alt som hende var eit bilete på noko viktig...same kor uhyggelig det var. Samfunnskritisk, kanskje? Såg ein stad at det vart ymta litt om nazismen.
Visst kunne han skrive, han Lagerkvist!
Hjarteleg takk til Monica og bokxleser for oppklarande svar! Då lærte eg noko i dag med!
På s 45 i mi utgåve av boka kan eg lese følgjande: Jeg var til stede ved møtet mellom fyrsten og kondottieren hans. Kva er ein kondottier? Har prøvd å google, men fann det ikkje ut.
Elles så synest eg framleis at dvergen er ein usympatisk og vondskapsfull mann! Egoistisk og bereknande!