Eg las Lavendelhagen rett etter parfymehagen, og bøkene er såpass like i oppbygginga at eg allereie er i ferd med å blanda dei! Begge bøkene har nemleg ein hovudperson i notid, og ein parallell historie i krigstider. Lavendelhagen var betre enn parfymehagen.

Parfymehagen hadde noko voldsom dramatikk på slutten som heilt øydela for resten av boka. Men historien frå krigen i Lavendelhagen var ganske god. (Fotografar som var med i kampane under den spanske borgarkrigen.) Og fortid og notid var sjølvsagt bunde saman på ein underfundig "aha"-måte. Slik det ofte er i desse bøkene.

Lavendelhagen var jamt over betre. Mange "aha"-opplevingar, spanande spion-verksemd under krigen, og mystisk kjærleiksdrama i notid.

Begge bøkene hamnar i kategorien dameromanar i mitt hyllesystem. Ganske underhaldane og svært lettleste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Prøv å les dei på svensk. Eller høyr svensk lydbok. Veldig bra opplesar! Høyres ikkje klisje ut på svensk i alle fall.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vart og skuffa over Snöstorm och mandeldoft. Det var jo ein helt annan type krim. Ikkje fekk me vita meir om Erica og Patrik, søstera til Erica eller politisjefen heller!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Les dei i rekkefølge. Det er mykje som skjer med hovudpersonane ved sida av krimmen. Folk gifter seg, får barn, litt drama osv! Veldig kjekt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er ei omtale av Nabogutten av forfattaren sjølv:

http://www.youtube.com/watch?v=r7t49EvRaFY

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er det nokon andre som har lese denne boka? Kva synest de om den? Kvar oppdaga de den? Kvifor valgte de å lesa den?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og i motsetning til bøkene om Harry Hole, er denne boka i alle fall som skapt for film. Masse action og humor!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg syns og at det var litt vanskeleg med innslaga av andre språk. Eg orka ikkje slå opp bak i boka kvar gong. Og alle stadsnamn og det politiske var litt vanskeleg å henga med på.

Men det var veldig levande fortald. Eg syns hovudpersonen var interessant, eg måtte lesa for å sjå kva som ville skje med ho. Det var mange små historiar gjennom dei 20 åra historia foregår på. Ein lurte på om ho kom til å sjå Ian igjen, om Ian var skyldig, kva ville skje med familien, osv.

Er det nokon andre som har lese boka? Kva syns de om den? Og kva fekk de til å plukke opp akkurat denne boka?!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Handlinga tek plass i Zimbabwe og strekker seg frå 1980 til slutten av 90-talet. Me blir kjend med tenåringsjenta Lindiwe akkurat i det ei ulykke skjer hjå naboen. Huset tek fyr og ei kvinne dør i brannen, og sonen hennar blir mistenkt for å ha starta brannen. Han blir sett fri eit år etter, og Lindiwe forelskar seg i guten som heiter Ian McKenzie og er kvit Zimbabwar.

Ian Mckenzie blir etter kvart ein kjend fotograf som får med seg mykje av dei politiske rørslene i Zimbabwe og Sør-Afrika. Lindiwe blei gravid med Ian, noko ho ikkje får fortald han før fire år etter. Mora til Lindiwe har til då teke seg av guten. Ho forgudar guten, men snakkar knapt til Lindiwe fordi ho har vore med ein kvit mann. Når Ian finn ut kva som har skjedd tek han med seg Lindiwe og guten David, og dei flyttar saman i Harare.

Bakteppe: Dei politiske omskiftingane dannar eit bakteppe for denne kjærleikshistoria. Me får eit innblikk i korleis det er å vera eit par der den eine er mørkhuda og den andre er kvit, i eit land der Apartheid var styreforma fram til 1980. Då vant Mugabe det første frie valet etter mange år med geriljakrig mot det kvite mindretalet i landet. Denne historia satte djupe spor hjå folket i Zimbabwe, og det er interessant å sjå korleis etterdønningane av rasehat gjer utslag hjå både dei kvite og dei svarte i denne boka.

Handlinga blir fortald i eg-person, og språket er poetisk og flytande. Ein får verkeleg kjensla av å vera i tankane til Lindiwe. Nokre gonger er språket dvelande og skildrande, medan det andre gonger bær preg av fart, dramatikk og redsle. Det er mykje replikkutvekslingar gjennom boka, og språket har mange innslag av uttrykk frå zimbabwisk, ndebele, sørafrikansk, zulu, swahili og chichewa. Orda står oversatt i ei ordliste bak i boka. Etter kvart blir ein fortruleg med nokre av desse utrykka, men til tider kan det vera plagsamt å måtte slå opp bak i boka.

Forfattar: Irene Sabatini vaks opp i Bulawayo i Zimbabwe. Ho gjekk på universitet i Columbia. Ho mottok Orange Award-prisen for nye forfattarar i 2010.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har sett filmen. Den var bra. Kanskje eg må lesa boka og då!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heilt einig! Det var så kjekt at det kunne godt vart endå lengre. Akkurat som eg tenkte om boka og.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er den beste boka eg har lese. Miniserien var nesten like bra! Vanskeleg å samanlikna eigentleg, for det er så annleis å uttrykka stemningar og kjensler med ord enn med film. Men eg synest boka vart tolka bra i overføringa til film. Eg hadde berre lyst å hoppa inn i filmen og bli med på båten i slutten!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No vart eg nysgjerrig! Trur eg må sjå den filmen. Men det er nokre år sidan eg las Åndenes hus, så eg burde nok lesa boka igjen og. Hugsar berre at det var ei fantastisk bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har eg lese halve boka. Det ser ut til at ein å gå på kurs for å læra teknikken skikkeleg. Ein må til dømes ha ein metodelyd som ikkje betyr noko. Men sjekk på acem.no. Der står det mykje interessant, og så er det oversikt over kurs i heile landet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig. Boka gjorde seg svært bra som film.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vurderer å gå på kurset. Har du gått på det?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boka anbefalar eg på det varmaste til alle som stressar og har det travelt i kvardagen. Eg har berre lese gjennom boka. Førebels har eg ikkje prøvd ut mange øvingar i praksis. Men berre å ha teksten i bakhovudet i kvardagen har gjort at eg kan sjå saker i eit anna lys. Av og til må ein stoppe opp, puste djupt og setje ting i perspektiv. I vår hektiske livsstil er det viktig å prøva å endra negative tankeprossessar, slik at me kan vera lukkelege slik me er. Me veit at det er viktig å trena og vera aktive, dette kan ein på ein måte kalla psykisk kondis!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er jo ikkje ein typisk krim. Derfor vil det sikkert variera om folk liker den tenkjer eg. Men eg ville i alle fall lese litt lenger før eg bestemte meg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vart både skuffa og overraska av denne. Den er jo heilt annleis enn dei andre bøkene. Eg hadde gleda meg til å lesa vidare om Erica Falck og søstera. Og Patrik Hedström og dei andre i politiet i Tanumshede. Dette var ein heilt irrelevant avstikker spør du meg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ikkje lese mykje av Nesbø. Men når han skriv action kjennest det som det er meir fart, humor og spenning enn i krimbøkene. Masse kjappe replikkar. Kjempebra bok! Og filmen var nesten like bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldIreneleserBeathe SolbergKirsten LundMarianneJulie StensethMonica CarlsenHeidi LKristine LouiseLailaMonaBLBjørg L.KristineTine SundalGunillaReadninggirl30Emil ChristiansenGrete AastorpSverre HoemPiippokattaKari ElisabethEivind  VaksvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly Duck