2016
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ekstremisme utforskar ekstremismen i ulike former. Boka dekker spekteret frå høgre- til venstreekstremisme og syner kva som er ulikt og kva som er likt, og kva dei har felles med religiøs ekstremisme, på eit vis som er lett forståeleg.
Når vi snakkar om ekstremisme meiner vi ulike ytterleggåande politiske og religiøse førestillingar og gjerningar, som terrorisme, og forsøk på å tvinge samfunnet til å endre seg i ei heilt ny retning. Gjennom ulike døme og forteljingar syner boka ulike sider av ekstremismen. Slik gir ho nokre svar på det vanskelege spørsmålet: Kva er ekstremisme?
Mange unge menneske vil skape ei betre verd. Men korleis skapar vi ei betre og meir rettvis verd? Og kva middel kan vi nytte for å nå det? For dei fleste strandar det heile på kva som er realistisk å oppnå, og kor langt ein er villig til å gå for å nå målet. For nokre finnast det derimot ingen slike grenser - dei vil endre verda for kvar ein pris. Og det er desse som gjerne vert ekstremistar.
Forlag Humanist forlag
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788282821254
EAN 9788282821254
Språk Nynorsk
Sider 222
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket